Stal bil frå Jærmuseet

Politiet melder om fleire tjuveri og innbrot siste døgnet. Frå Jærmuseet forsvann det mellom anna ein bil.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Jærmuseet på Nærbø har fått fråstelt både bil og pc-ar etter innbrot. Det melder Sør- Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet fekk melding om hendinga klokka ni søndag morgon, men det er uvisst når innbrotet skjedde, ifølgje operasjonsleiar Helene Strand. Det var tilsette ved museet som melde frå.

Ingen mistenkte

– Bilen vart funne att på Nærbø, eit stykke frå museet. Det vart også tatt to pc-ar, seier Strand.

Politiet har vore på staden og sikra bevis, men har foreløpig ingen mistenkte.

Grovt tjuveri i Stavanger

På Storhaug i Stavanger vart ein tjuv teke på fersken medan han bar verktøy vekk frå eit bygg som er under bygging.

Politiet omtalar det som eit grovt tjuveri. Mannen vart køyrd i arrest, og politiet opprettar sak på hendinga.

Også ein videobutikk i Stavanger sentrum har hatt innbrot søndag: Braut seg inn i videobutikk.

Leteaksjon i Sirdal: Savnet skiløper funnet død under isen
Publisert:
  1. Politiloggen
  2. Jærmuseet
  3. Sør-Vest politidistrikt
  4. Tyveri og innbrudd
  5. Nærbø

Mest lest akkurat nå

  1. Glatte veier: Brøyter og strør på spreng

  2. Skisenteret har brukt 356.000 kroner på å produsere kunstsnø. Sånn ser det ut nå

  3. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  4. Fascinerande dokumentar om verdas vakraste gut

  5. Flere innstilte rutebåter torsdag

  6. 781 nye koronasmittede på Nord-Jæren