På denne turisthytta er første ledige helg i november

For mange er ikkje turen til turisthytta lenger spontan, innsåg Turistforeninga og innførte førehandsbestilling. På den mest populære hytta er ingen helger ledige før i november.

Belgiske Sarah Renault set seg ned i vatnet, men vågar seg ikkje uti. Vatnet kan ikkje vere meir enn 6-7 grader, seier ho. Ho håper neste stopp har varm dusj.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ein regntung sommardag, langs ein smal sti i Forsand, mellom bjørketre og fjellklumpar, i slakk stigning, nokre gongar balanserande på steinar, andre gongar våte av elva som skal kryssast, kjem fjellsko gåande. Dei tilhøyrer par, vener og familier på veg til Rogaland si mest populære turisthytte.

Turistforeninga har starta med førehandsbestilling. Ved Skåpet er kvar helg fullbooka til november. I juli gjeld det absolutt alle dagar, i august nesten alle. Samtidig har alle DNT- hytter ekstraplass til dei som ikkje har bestilt.

Henrik Arnøy (10), Kristoffer Jensen (12) og Daniel Arnøy (13) bader i vatnet nedanfor turisthytta Skåpet.

Utan dekning

– Det er ikkje dekning her, seier Sarah Renault frå Belgia.

Ho står ute i flipflop, fleece og med ein handduk festa rundt midja etter å ha bada i det kalde vatnet. Ho og mannen Kevin De Roeck forsøker å ringe Sarah si mor som passar deira to born medan dei vandrer i den norske fjellheimen. Minstejenta er eitt år.

– Det er første gong eg er så lenge vekke frå borna. Eg skulle verkeleg ringt heim i dag, seier ho.

Planen var å padle til Flørli i dag, der dei har bestilt plass på ein campingplass. Vêret gjorde at dei måtte forlate kajakken og gå til fots.

– Vi haika først eit stykke med eit gamalt par som ikkje snakka engelsk. Belgia, Belgia, var alt dei sa og så nikka dei med hovudet. Vi ville prøve å gå til Flørli, men vart for slitne til at vi orka å gå heile vegen, seier Kevin.

– Eg spelte fotball med ein nordmann som alltid prata mykje om turar i fjell og på ski i Norge. Det høyrtest fint ut, så eg snakka med andre som har vore i Norge og fann til slutt ut at vi ville padle i Lysefjorden og gå i fjellheimen. Vi har aldri vore i Norge før, men eg har gått fjelltur på Island og hadde lyst å gjere noko liknande igjen, seier han.

Belgiske Kevin De Roeck har tidligare gått fjellturar på Island, men no har han tatt med kona Sarah Renault på norgesferie. Dei hadde planlagt å gå til Flørli, men kom ikkje lengre enn Skåpet. Ikkje den verste plassen å overnatte, seier Kevin.
Elisabeth Jensen og Kristoffer Jensen speler sjakk.- Vi har vore inne nesten heile dagen, men det er jo deilig også, å berre gløyme tida, seier mor Elisabeth.

For somme er hytta første overnatting på fotturen Lysefjorden rundt. For andre er det eit lite avbrekk frå kvardagen. Den vanlegaste ruta er ein snau time frå Øvre Espedal.

Utover ettermiddagen kjem tilsiget gradvis. I hytte éin eit kjærastepar, i hytte to far med sine to døtre og ein hund, i hytte tre to unge menn på sin årlege tur. I alt blir sju små hytter fylt opp. Hovudhytta er staden for dei som ikkje har bestilt på førehand, med sengeplass til 12 personar. Denne dagen er det berre Sarah og Kevin.

Kristoffer Jensen (12) lager pannekaker til resten av turfølget.
Det tek om lag 1,5 time å gå til Skåpet frå parkeringsplassen i Øvre Espedal.
Ekteparet Arthur Asheim og Margot Asheim et kvar sin porsjon kjøttkaker frå Fjordland. Dei har kome hit for ei natt for å slappe av og for å sjå hyttene dei har høyrt så mykje om.
Steinar Danielsen frå Mandal og Torgeir Gilje fra Stord vart kjent som lærlingar i Statoil. Dei prøver å møtast ein gong i året for å gå på fjelltur.

Klokka står stille

Fjellknausar ligg som knyttenever rundt hyttene og dannar ein mur mor Lysefjorden. Elisabeth Jensen har begge hendene rundt ein kopp te. Det regner og vinden lagar mønster i vatnet.

– Vi har fabla om å ta gutane med ei heil veke til ei hytte utan dekning. Først kjedar dei seg og det verkar som dei synes det er vanskeleg å finne ting å prate om, men så ser vi at dei finn ting å gjere. Dei er vande med å bli underhaldt heile tida. Vi har nok godt av dette. Eg har gløymt kva klokka er, her treng ein ikkje planar, seier ho.

Ho og venninna Ingunn Arnøy har tatt med seg sønene sine til Skåpet.

– Det var faktisk på ein slik tur vi vart kjent. Vi var på tur med Barnas Turlag og så kom vi fram til at vi må gå saman. Når ein går slike turar ofte, treff ein gjerne dei same folka, seier Arnøy.

Sonen Henrik (10) kjem inn og går bort til peisen, kroppen skjelv litt, han har bada fire gongar i det kalde vatnet i dag.

Snart startar kvelden. Grønsaker blir kutta opp, pannekaker steikt, Fjordland kokt, godteri leita fram. Steinar Danielsen frå Mandal og Torgeir Gilje frå Stord har tatt ekstra hardt i. Ein biff blir lagt i steikepanna.

– Når det ikkje er så langt å gå, kunne vi ta med litt betre mat enn vi vanlegvis brukar, seier Torgeir.

Dei to vart vart kjent som lærlingar i Statoil, og prøver å møtast ein gong i året for å gå på fjelltur.

Turisthyttene er noko heilt anna enn då Jan Fossheim var ung. Nokre gongar i året reiser han på hyttetur med sønene.
Mørket senker seg over Skåpet. Jan Fossheim speler yatzy med sønene Sondre og Erlend, medan Steinar Danielsen og Torgeir Gilje drikk raudvin og speler besserwisser.

Hundre år

I 1917 blir ei lita, raud hytte reist på sørsida av Lysefjorden. Blikktak, små vindauge og med tregulv, trevegger og trekvite skap. Nesten hundre år seinare, i 2016, kjem nye Skåpet. Den er sjølvbetjent og består av fleire små, separate hytter.

– Eg liker at ein kan trekke seg tilbake og slepp å ligge i sovesalar der det alltid er éin som snorkar, som teknisk sett er meg, seier Jan Fossheim.

I sin ungdom gjekk han mykje på tur, men sov heller i telt. Først då sønene Sondre og Erlend blei ungdommar, starta han å ta i bruk turisthyttene. Dei har tent stearinlys og funne fram yatzy. Ute er det heilt mørkt no, berre konturane av utedo og fjell er å sjå.

Torgeir Gilje frå Stort har reist til Skåpet saman med Steinar Danielsen frå Mandal. Dagen starter med tannpuss i bekken.
Dei begynner å få dårleg tid. Om to dagar må dei vere i enden av Lysefjord for å nå båt tilbake til Stavanger.

Ny dag

Klokka 04.30 står sola opp. Nokre timar seinare vaknar menneska. Ute går ein mann med vaskebøtte til bekken, vrir opp kluten, bærer det tilbake i hytta. I bekken ved sidan av sit ein ung mann og pusser tennene. Inne i hovedhytta kostar Kevin gulvet nøye.

– Vi er dei einaste utanlandske turistane her, så då må vi gjere eit godt inntrykk, seier han, gliser og samlar rusket i sopebrettet.

Kevin og Sarah er snart klare for å gå til Flørli, men er usikre på ferda vidare derfrå. Det einaste dei veit er at dei må vere i enden av Lysebotn om to dagar. Sekkar blir løfta opp, plassert på ryggen, fjellsko byrjar å gå mot stien, skogen og bekkane. Snart er det tomt. Så kjem dagen med nye gjestar og fyller hyttene på ny.

Les også

  1. Nå er det trendy å være nøktern

  2. Hvis tungen til trollet kan være en populær tur, hvorfor kan ikke pikken?

  3. Turistforeningen blir kritisert for «farlige» oversettelser

Publisert:
  1. Stavanger Turistforening
  2. Forsand
  3. Lysefjorden
  4. Lysebotn

Mest lest akkurat nå

  1. Helseministeren: – At Nord-Jæren nå innfører munnbindpåbud viser at de tar situasjonen på alvor. Et eksempel til etterfølgelse

  2. Det går ikkje så bra med Knut (42) på Mallorca

  3. Disse korona­reglene gjelder nå

  4. Marcus (8) er koronasmittet. Det var ikke åpenbart for noen. Så ble det for første gang masse­testing på skolen

  5. SV krever kontantstøtte for å hjelpe folk med strømregningen

  6. 8 myter om koronavaksinen