Redningsselskapet fryktar vasskuterulykker

Redningsselskapet fryktar vasskuterulykker, men Frp- politikar trur det går seg til når folk ha blitt vande til sine nye framkomstmiddel.

Publisert: Publisert:

– Vi fryktar det vil skje fleire ulykker om folk held fram som no. Eg meiner det burde vore sertifikat, seier Knut Johansen, medieansvarleg i Redningsselskapets Sjøredningskorps i Stavanger. Foto: NTB Scanpix

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Vi fryktar det vil skje fleire ulykker om folk held fram som no. Eg meiner det burde vore sertifikat. Mange er veldig flinke og held god avstand til land, men som i trafikken elles er det nokon som køyrer for fort, seier Knut Johansen, medieansvarleg i Redningsselskapets Sjøredningskorps i Stavanger.

Han frykter førarane skal falle av vannskuteren og bli slått medvitslaus eller at stor fart fører til kollisjon med andre båtar.

Les også

Bekymret over økende fart på sjøen

Les også

Fresing i fjæra

Les også

– Bør innføres førerkort for vannscooter

– Trengs haldningsendring

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) meiner det trengs ei haldningsendring.

– Det er eit framkomstmiddel, ikkje leik. Men eg trur det går seg til utan at ein treng forbod. Det er eit fantastisk køyretøy, men folk må køyre lenger ut i havet, seier han.

Naturvernforbundet står bak den nasjonale kampanjen Stans Vannskuterutslippet, som oppfordrar folk til å ta kontakt med si kommune for å be dei endre regelverket.

– Vasskutarar i strandsona er ein trussel mot fugle- og dyreliv, forstyrrer friluftsliv langs kysten og overkøyrer lokaldemokratiet, seier leiar Silje Ask Lundberg i ei pressemelding.

Les også

Stavanger vil ha restriksjoner på vannskuterbruken

Rolig start

Ferdselen på sjøen har så langt i sommar vore forsvarleg, meiner Johansen. Mesteparten av oppdraga dreier seg om motorstopp og liknande. I tillegg erfarer dei at båtførarar i Rogaland både er flinkare å bruke redningsvest og i mindre grad køyrer i ruspåverka tilstand.

Sjøredningskorpset har hatt ein unormalt rolig start på fellesferien.

– Det tek seg alltid opp i fellesferien, men så langt har det har vore rolig samanlikna med tidlegare år, seier han.

Sidan mars har dei hatt åtte bergingar, det vil seie meir alvorlege situasjonar som til dømes ender i at båten synk eller blir øydelagt. 33 båtar har blitt slept.

– Inntrykket er at terskelen for å be om hjelp er høg. Folk spør gjerne nabobåt først og er sikre på at dei treng hjelp før dei ringer. Det er ingen grunn til å la vere å ringe dersom du treng hjelp, seier Johansen.

Totalt fekk 497 personar i Rogaland hjelp frå sjøredningskorpset i fjor.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinnen i 70-åra fikk et illebefinnende under pensjonistturen. Det reddet Sør-Rogaland fra et omfattende koronautbrudd

  2. Uniformert politi ved Lye skule onsdag morgen

  3. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  4. 50 nye smittetilfeller i Rogaland de siste to dagene

  5. Norges dyreste spiller ble stemplet som et bomkjøp i Danmark. Hvorfor kan proffdrømmer ende opp som mareritt?

  6. FULL OVERSIKT: 5 døde, 618 påvist smittede i Rogaland – sjekk din kommune

  1. Leif Arne Moi Nilsen
  2. Redningsselskapet
  3. Trafikk
  4. Naturvernforbundet
  5. Stavanger