Her innser Ap-politikaren at han skal på Stortinget

VAL 2017: Øystein Langholm Hansen skjelv i knea og tørker tårene. Tysdag kveld er det nesten sikkert at Ap stjel det siste mandatet frå Høgre.

– Ja, no får du meg ved sidan av deg på Stortinget, seier Øystein Langholm Hansen (Ap) i telefonen til SVs Solfrid Lerbrekk.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Ja, no får du meg ved sidan av deg på Stortinget, seier Øystein Langholm Hansen (Ap) i telefonen til SVs Solfrid Lerbrekk.

Han trippar der han står på sitt kontor på Folkets Hus, skjelv av spenning og gliser frå øyre til øyre. Hansen er i dag distriktssekretær i LO i Rogaland.

Familiemedlem ringer, politikarar sender melding, gratulasjonar til Ap-mannen som sikrar partiet fire mandat frå Rogaland. I alle fall ser det slik ut då 99,8 prosent av stemmene er talt opp.

Det er gledestårer, forsikrar Øystein Langholm Hansen.
«Någe e d jaffal» er ramma inn og har fått hedersplass på kontoret. Det siste døgnet har det vore mykje.

Då Aftenbladet gjekk i trykken mandag kveld, var det Aleksander Stokkebø som hadde dette mandatet og sikra Høgre fem mandat. Ved 23.15-tida såg det ut som Øystein Langholm Hansen likevel skulle bli valt inn, men like etterpå var det Stokkebø og Høgre som hadde leiinga med skarve 36 stemmer.

Og tysdag like før 17.30 snudde det, altså - igjen.

– Vi seier jo alltid at kvar stemme tel, men det er som regel berre noko ein seier. I dag har eg fått føle at det verkeleg stemmer, seier Langholm Hansen.

Når nokre få hundre stemmer står att å telle, må Stokkebø få 241 for å ta att Langholm Hansen. For Stokkebø sin del har det ikkje like mykje å seie. Så lenge Høgre sin førstekandidat Bent Høie held fram som statsråd, er han sikra plass.

– Eg skulle gjerne hatt direktemandat, men eg føler meg sikker likevel. Det viktigaste no er at vi fekk eit solid borgarleg fleirtal og at Bent Høie får halde fram med den gode jobben han gjer som helseminister. Det hadde vore sensasjonelt om Høgre fekk fem mandat, men det har vore veldig jamt, seier han.

Les også

Han er stjerna til Erna

Då plassen på Stortinget glapp, ga Øystein Langholm Hansen (Ap) flyttekassa til Solfrid Lerbrekk (SV) som har kontoret ved sidan av hans på Folkets Hus. - No må eg nesten ha kassa tilbake, seier han.

Nesten-jubler

– Dette blei mykje meir spennande enn eg hadde trudd. Eg skulle i eit møte i dag. Då eg gjekk dit, var eg ute. Etter møtet var eg inne. Eg kan snart juble no altså. Men eg ventar litt til, seier Hansen.

I seks år har målet vore Stortinget. I vinter var han inne tre månader som vara. Ei flytteeske har stått klar på kontoret ei stund. Nederlaget var stort då prognosene mandag kveld viste at han var ute.

– Eg var lenge overbevist om at det var plass til meg på Stortinget, så eg blei veldig skuffa då eg var ute i går. Men så var eg plutseleg inne i ti minutt og då skjønte eg at dette kan bli jamt.

– Dette har mykje å seie for partiet. No får vi ein meir til å jobbe for sakene våre. Eg er industrimann, fagrørslemann. Det blir ofte sagt at dei folkevalde har for lite drit under neglene. Det gjeld i alle fall ikkje for meg.

Les også

Fintelling endret mandatfordelingen

Les også

– En boost for Sandnes, byen er fortsatt blå!

Les også

Her er «jærstolen» på Stortinget

Les også

– Solfrid er inne på Tinget!

Les også

  1. Høyres jubelnatt: Aldri før har noen partier fått fem representanter fra Rogaland

Publisert:
  1. Stortingsvalg 2017
  2. Aleksander Stokkebø
  3. Folkets Hus

Mest lest akkurat nå

  1. Mann funnet med stikkskader i Stavanger

  2. Mandag morgen går strømprisen til værs

  3. Da PST varslet helsevesenet på Kongsberg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest bekymring

  4. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  5. Slik spredte smitten seg fra tv-kanalen til Sødal bedehus

  6. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen