Norge på langs med stålbein

Karl Bakke hadde hatt vondt i beinet lenge då kreften vart oppdaga. No er det helst berre litt på ganglaget det viser at han har stålbein.

Publisert: Publisert:

Karl Bakke var på sykkelen igjen i mars etter to kreftoperasjonar i foten. No syklar han snart heile Norge. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Reidun Gudmestad
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Først trudde han det var kneet som verkte. Det er jo så vanleg. Etter kvart forstod han at det måtte vera noko anna. Vigrestadbuen Karl Bakke hadde den sjeldne kreftforma sarkom.

No etterpå er gjengen i Vigrestad sykkelklubb er imponerte. Det gjeld både korleis han har trent seg opp igjen etter operasjonane og planane for sommaren.

Gripen av sykkel

For nokre år sidan begynte han nemleg å sykla.

— Eg hadde aldri trent før. Men så var me tre karar som bestemte oss. Det var i 2009. Me vart gripne og sto på. Miljøet var godt. Her ville me vera med.

Første rittet var Hårfagrerittet i 2010 frå Kårstø til Haugesund. Sidan vart det berre fleire og fleire. Trondheim-Oslo har han sykla to gonger, i både 2012 og for akkurat eitt år sidan.

— Eg hadde vore i MR rett før. Legen ringde meg før start. Eg måtte koma tilbake. Han sa ikkje kva det var, og eg gjennomførte sjølvsagt.

Smertene auka

Før det var smertene stadig blitt verre. I fjor utover vinteren vart det skikkeleg gale.

Første operasjonen i oktober tok dei kneleddet og halve leggen. Så oppdaga dei at det var kreft i låret også. Dermed vart det operasjon til tidleg i desember.

— Men når eg såg på andre, så er det ikkje så verst med meg. Eg er heldig som slapp å kappa heile foten, seier han.

Trening

Dagen etter siste operasjonen var han på krykker. Han måtte gå med stiv fot i fire månader. Scenen som bøyer kneet måtte nemleg kappast, og måtte få ro.

— Eg har eigentleg aldri sett på meg sjølv som sjuk. Eg var heldig med vinteren og kunne gå ute kvar dag.

I januar var han tilbake på jobb. Arbeidsgjevar Felleskjøpet la til rette og han fekk vera inne på kontoret i starten. Men det var godt å koma seg tilbake til lastebilen. - Eg er ikkje skapt for kontorarbeid.

— Nå greier eg å bøya kneet 95 grader. Det er ikkje mykje, men eg trur eg skal vera glad for den bøyen eg har.

Og den har ikkje kome av seg sjølv.

Nordsjørittet

I tillegg til å gå, starta han syklinga i mars. På sykkelklubben si innesykling brukte han krykka til å få ned pedalen. Elles flytta han seg frå side til side på setet. Første turen gjekk eit par kilometer til Høyen.

— Det såg nok ikkje godt ut, nei. Og det skal godt skinn bak til å takla slik sykling.

Les også

På sykkel etter dei gode historiane

Då han fekk hjelp av sykkelvenner til å flytta pedalen så han kan sitja meir normalt på setet, var mykje gjort. I april bar det til Danmark. Han trudde det skulle vera rimeleg flatt der. Men det var eit skikkeleg terrengritt i ti mil.— Vigrestad sykkelklubb er spesielle. Det er kanskje fordi me ikkje er så mange gode. Me tek vare på kvarandre. Dei har venta på meg og skubba på meg og hjelpt meg dit eg er i dag.

Nordsjørittet gjekk unna på fire timar og seks minutt.

— Men det sværaste for meg er at eg ikkje hadde vondt etterpå.

Norge på langs

Til Finnmark er dei sju som reiser, tre par og ein ungdom. Fem skal sykla, to skal kjøra bubil.

— Er det fint ver, så syklar me første etappe natta til 12. juli.. Det hadde vore flott å oppleva midnattsola frå sykkelen.

Elles har dei ikkje planlagt så mykje. Dei tar sørover i litt krinkelkrokar og bruker tre veker på turen. Lofoten, Trollstigen og Valdresflya står blant anna på planen. Du kan fylgja dei på Facebook under "7 jærbua på langs av Norge"

Fylgjer opp

Om sjukdomstida seier 51-åringen:

— Det er eit fantastisk system og helsevesen me har.

Les også

Sykler 2682 km med presten

No blir han fylgt opp med stadige kontrollar og skanningar på Haukeland, der han også vart operert.— Dei vil passa på meg i ti år. Det er særleg spreiing til lungene dei er obs på.

Men største jobben gjer han sjølv. Mest dagleg er han innom fysioterapeuten og trener. Varmtvassbassenget på Nærbø brukar han også.

— Eg er "krettursligt" heldige som lever.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Heggheim har det meste - ny makker om noen år med større fart så ser det lyst ut der bak

  2. Politi og frivillige leter etter savnet mann i Sandnes

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Vant i generalprøven. Så kom Bryne-spilleren med et stikk til rivalen

  5. Område i Spania stenges ned

  6. Savnet person funnet på skjær ved Lindesnes - fraktet til SUS med helikopter

  1. Jæren