Elbilforeninga: - Full pris for elbil på Tau-ferja strir mot både nasjonale og regionale vedtak

Full pris for elbil på Tau-ferja kan bli innført frå 1. januar. Deretter kjem nye nasjonale regelverk som seier elbilar ikkje skal betale meir enn halv pris.

Norsk Elbilforening meiner full pris for elbil på Tau-ferja går imot vedtak i Stortinget og fylket sin eigen handlingsplan. Foto: Pål Christensen

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Samferdselsutvalet vedtok forrige veke å innføre full pris for elbilar på Tau-ferja.

Det blei vedtatt med 12 stemmer (Ap, H, FrP, Sp, SV) mot tre stemmer (KrF og V), men får si endelege behandling i først i Fylkestinget.

Allereie i eit alternativt forslag som vart fremma, blei det påpeika at vedtaket kan vere motstridande med nasjonale regelverk.

Fram til 2016 var det gratis for elbilar på Tau-ferja. Etter dette har dei betalt same takst som motorsyklar, om lag halv pris.

Les også

Ordføreren raser over full pris for el-bilar

Les også

Tvil om elbil-vedtak er gyldig

Fram og tilbake

Dersom Fylkestinget stiller seg bak vedtaket frå samferdselsutvalet, kan elbil-rabatten på Tau-ferja ryke allereie i januar. Men etter kort tid kan dette måtte bli endra tilbake att. Stortinget har nemleg vedtatt at det skal etablerast ein nasjonalt bindande regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimalt 50 prosent av takstane når det gjeld bompengar, ferje og parkering.

Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet arbeider no med lovendringar av veglova, yrkestransportlova og vegtrafikklova. Dette vil tre i kraft så snart som mogleg etter nyttår.

– Denne regelen skal tre i kraft i løpet av første halvår av 2018. Dermed må dette uansett justerast tilbake til maksimalt 50 prosent om kort tid. Det vil skape stor uvisse blant forbrukarane om fylkeskommunen no innfører full betaling, seier generalsekretær i Norsk elbilforening, Christina Bu.

– Unødvendig kronglete

– Det blir unødvendig kronglete om Rogaland fylkeskommune set opp elbiltaksta frå nyttår berre for kort tid etter å sette den ned igjen når lovendringane trer i kraft, seier Kjartan Alexander Lunde.

Han er medlem i samferdselsutvalet for Venstre, eitt av dei to partia som ikkje ønska denne endringa.

– Vi må la dei som investerer i elbil i alle fall få noko langsiktigheit. Det å sette opp takstane med eit par månaders varsel er ikkje langsiktig.

– Vi treng fleire elbilar på vegane og færre fossilbilar. Då må fordelen med å investere i miljøvennlege elbilar vare lengre, seier han.

– I strid med fylket sin handlingsplan

I tillegg meiner Norsk elbilforening at vedtaket går imot fylkeskommunen sin vedtatte politikk.

– Rogaland har ein eigen handlingsplan for energi- og klima med tiltak for utsleppskutt i fylket. Der står det at dei største utsleppa frå transport i Rogaland kjem frå privatbilismen, og då er det underleg at dei ønsker å gi avkall på dei verkemidla dei har tilgjengelege for å få ned utsleppa. Fylket har også eit ansvar for å redusere luftforureining og støy frå vegtrafikken, og då er dette heilt feil veg å gå, seier Christina Bu.

I handlingsplanen som er vedtatt for perioden 2010–2020 står det: «Privatbilismen står for mesteparten av CO2-utslippene innenfor persontransport i Rogaland (daglige turer) med ca. 415 000 tonn per år (2005 tall). Kollektiv busstrafikk bidrar med 9 699 tonn tilsvarende to prosent av totalutslippene. Forbedringer innenfor drivstoffteknologi på kollektive transporttjenester gir relativt små utslippsbesparelser i forhold til kostnadene. Derfor bør investeringer i klimavennlig drivstoffteknologi vurderes i forhold til kostnader og det samlede kollektivtilbudet».

Saka vekker stort engasjement. Sist Aftenbladet skreiv om elbil-satsane kommenterte over 80 personar, og mange meiner det er fornuftig at elbilistane må betale meir. «Nå e det på tide å innse at elbil-tidå e forbi. Alle som kjører bil og nyter av fellesskapets goder må bidra. Sånn e det bare. Alle pengene som nå skal sløsast vekk i idiotiske samferdselsprosjekt som Ingen vil ha koster,» skriv ein lesar.

Urimeleg med ei så stor prisauke på så kort tid, meiner Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H). Foto: Tor Inge Jøssang

Strand- ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) sa til Aftenbladet at ho meinte det var urimeleg at så ei pendlargruppe skal få ei så stor prisauke på så kort tid.

«Hva med de som har vanlig bil? Er ikke de og en enkel pendlergruppe som betaler dyrt for å komme seg på jobb?», kommenterar ein lesar.

Ei endring i takstane for elbil vil gi auka billettinntekter på 1,9 millionar kroner årleg, har administrasjonen i fylket rekna seg fram til.

Publisert:
  1. Norsk elbilforening
  2. Irene Heng Lauvsnes
  3. Rogaland fylkeskommune
  4. Samferdselsdepartementet
  5. Tau-ferja

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  4. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  5. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  6. Åtte forelegg for trafikkforbud i Kongsgata