Heilhjarta støtte til Høgsfjordsambandet

FORSAND: Kommunestyret står samla i synet om at privat ferjedrift over Høgsfjorden er eit gode.

Ordførar i Forsand, Bjarte S. Dagestad, og ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Heile kommunestyret i Forsand står samla om å gi si støtte til privat ferjedrift ved Høgsfjordsambandet over Lauvik-Oanes, men var ikkje heilt samde i detaljane.

Det vedtok dei under kommunestyremøtet onsdag, etter at Fylkeskommunen har bedt om ein uttale. Bakgrunnen er at Stortinget vedtok å legge ned ferjesambandet når Ryfast opnar. Dermed må kommersielle aktørar på bana om der framleis skal gå ferje.

Les også

Flere interessert i Høgsfjord-ferje

Les også

Sanner: Opp til fylket å bestemme skjebnen til Høgsfjord-ferja

Les også

Full forvirring om Høgsfjord-ferja

– Gladsak

Under behandlinga av saka onsdag, var det fremja to forskjellege forslag. Alle var likevel samde i essensen.

– Dette er jo eigentleg ei gladsak som flesteparten rundt bordet har kjempa for og hatt lyst på uavhengig av kommunereforma. Det viktige er at vi står samla, sa ordførar Bjarte S. Dagestad (H).

16 av 18 representantar stilte seg til slutt bak eit forslag fremja av Ap, KrF, Sp og den uavhengige representanten Paul Løland.

Diskusjonen gjekk først og fremst på følgjande formulering: «Før ein kan ta endeleg stilling til ein slik konsesjon, må både ruteopplegg, regularitet, pris for dei reisande klargjerast og trafikkanalyse i sambandet vera ferdig».

– Kommunestyret skal ikkje vere med å vurdere kven som får konsesjon. Det må ein gi til dei som etter ei konkurransemessig vurdering har det best tilbodet, sa Reidar Thu (Samlingslista).

Nye Sandnes

Fylkesmannen har mottatt tre søknader om å få drive kommersiell ferjedrift etter at Ryfast har opna, frå Høgsfjord Rutelag AS, Fjord 1 AS og Norled AS.

Samferdselsdepartementet uttala i 2015 at bompengepakken for Ryfast og eit generelt bompengeprinsipp gjer at fylkeskommunen er bunda til å nekte å gi løyve til eit samband som medfører tilskot frå stat eller fylkeskommunen.

I Forsand har Høgsfjordsambandet vore sentralt i forbindelse med kommunesamanslåing. Rogaland fylkeskommune ønsker nemleg å hindre kommersiell ferjedrift på Høgsfjorden, og denne uvissa gjorde at uavhengige Paul Løland brått endra retning og var klar for å sikre fleirtal for å be Stortinget utsette Nye Sandnes til ferjas skjebne er avklart.

Anna syn i Stavanger

I Stavanger kommune er derimot mange uroa for dei økonomiske konsekvensane av kommersiell drift. Under eit formannskapsmøte i juni valde eit overveldande fleirtal å stille seg bak følgande formulering: «Stavanger kommune er svært bekymret over de uavklarte forhold når det gjelder eventuell kommersiell ferjedrift, og hva dette vil medføre for finansiering av Ryfast».

Dei viste til at Stortinget føresette ei nedlegging av ferjedrifta mellom Lauvvik og Oanes då saka om utbygging av finansiering av riksveg 13 Ryfylkesambandet vart vedteke.

Les også

SV og MDG aleine om å ikkje støtte bekymringa for privatdriven ferje

Publisert:
  1. Forsand kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Bil på taket i Sandnes - to personer til sykehus

  2. Oppfordret til å avlyse julebord: SUS-ansatte føler seg forskjells­behandlet

  3. Familien på Tasta sparer tusenvis på å gjøre små grep – her er deres – og ekspertens – strømtips

  4. Endelig fikk Støre til noe

  5. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  6. Brann i hytte på Tau