Her lærer elevane å arbeida

UNGDOMSSKULE: På Vigrestad storskule arbeider halvparten av gutane på 8.-10. trinn med yrkesretta fag halve dagen tre dagar i veka. I eige industrilokale kor dei produserer «skikkelege ting».

Publisert: Publisert:

Jonas Sveinsvoll og Ingrid Linnea Herredsvela på toppen av brannbilen som dei og andre ungdomsskuleelevar frå Ogna, Varhaug og Vigrestad har bygd. Robert Tønnessen lærer dei opp. Foto: Anders Minge

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Eg likar å arbeida. Eg likar ikkje å sitja innestengt å halda på med blyant. Det er kjekkare med drill, seier Jonas Sveinsvoll som byggjer stige til brannbilen elevane har snekra til ein barnehage.

Han var ikkje i tvil om at han heller ville læra å byggja enn å læra spansk:

– Lite nyttig. Dei snakkar jo engelsk der nede uansett. Men dette har eg bruk for. Det er greitt å kunna gjera ting sjølv i staden for å leia inn folk i dyre dommar, seier Sveinsvoll som har mest lyst til å bli bonde.

Eg likar ikkje å sitja innestengt å halda på med blyant. Det er kjekkare med drill.

André Hognestad stortrivs med praktisk arbeid. Foto: Anders Minge

André Hognestad målar brannøksene raude og svarte

-Det er nok lesing, skriving og stillesitjing i skulen, fortel han. Han blir rastlaus av det. Kjedeleg tykkjer han også det er. Men her stortrives han.

-Dette er det kjekkaste på heile skulen. Me har jo halde på med lesing og skriving sidan 1. klasse, så det er gildt å gjera noko anna, seier Joakim Wennberg.

Dette er det kjekkaste på heile skulen, fortel Joakim Wennberg. Foto: Anders Minge

– Du lærer jo mykje meir her enn ved å sitja på skulen og læra eit språk til! Niklas Ueland er ikkje i tvil. Han har eit syskenbarn som er snekkar og som har bygd sitt eige hus. Også Niklas skal bli snekkar. Han synes det er greit nok på skulen i dei andre faga, men dette er gildare.

Niklas Ueland skal bli snekkar. Foto: Anders Minge

Ingrid Linnea Herredsvela er den einaste jenta i lokalet her på Stokkelandsmarka. Også ho synes det er greitt å læra seg «noko nyttig».

Her på Vigrestad gjekk dei i gong med dette for ti år sidan, og det vart så vellukka at også elevar frå ungdomsskulen på Ogna og Varhaug har blitt med. Elevane i denne reportasjen er frå 8. klasse på Ogna.

Jonas Sveinsvoll og Ingrid Linnea Herredsvela byggjer stige til brannbilen. Foto: Anders Minge

Koss har dei fått det til?

At ungdomsskulen må bli «meir praktisk og mindre teoritung» har mange politikarar snakka mykje om i mange år, men lite har skjedd. Meir praksis i skulen er eit av tiltaka stavangerpolitikarar peika på i gårsdagens sak om kva som skal til for at skulen skal bli betre tilpassa gutane.

LES OGSÅ:

Les også

Skolen passer bedre for jenter enn for gutter, innrømmer politikere

Koss har Vigrestad storskule fått til dette?

– Du må ha ei praktisk avdeling, det nyttar ikkje med ein liten sløydsal. Me leiger dette lokalet på 450 kvadratmeter. Du må også ha skikkeleg verktøy og skikkelege fagfolk som Robert her, ikke sånne som meg som bare kan lesa, skriva og snakka, fortel rektor Ingvar Sør-Reime.

Robert Tønnessen har 40 år bak seg i industrien og har også arbeidd i vidaregåande skule. Stolt viser han bilete av nokre av tinga dei har laga: Modular til 130 meter langt gjerde for idrettslaget, leikeapparat, leikehytter, benker, postkassestativ, hyller.

Godt samarbeid med næringslivet, trekk dei to også fram.

Dyrt? Nei, det går i balanse. Det elevane produserer på Stokkeland får skulen betalt for, nok til å dekka utgiftene. Det einaste skulen betaler er lærarløn.

Her på Stokkelandsmarka produserer elevane mellom anna leikeapparat til barnehagar, som denne stilige brannbilen. Foto: Anders Minge

Står om vilje og verdiar

Dette kan også andre skular få til, om dei bare vil, om dei synes det er viktig nok, om dei meiner at det å bli flink i yrkesfag er like viktig som å bli flink i andre fag, seier rektor.

Han trur at kjernen i det som blir kalla for «gutteproblemet» i norsk skule, er «at dei som vil arbeida med hendene ikkje blir møtte», og at korkje politikarar eller skuleleiarar heilt veit kva dei meiner med fine ord om ein meir praktisk skule.

– Går ikkje dette ut over dei andre faga, får elevane lært det dei skal?

– Dette er innanføre læreplanen. Me brukar desse tre faga: Utdanningsval, arbeidslivfag (alternativ til framandspråk 2) og valfag (kor produksjon av varer og tjenester er eit av valfaga i læreplanen). For dei vel 10 elevane som vel dette i alle desse tre faga, utgjer det ein halv dag tre dagar i veka.

Det er ikkje bare byggfag dei lærer på Stokkelandsmarka, også elektrofag og TIP (teknisk og industriell produksjon).

12 av 16 elevar kom opp til eksamen nå i juni. to fekk 6, seks fekk 5 og fire fekk 4, fortel Tønnessen stolt.

-Elevane herifrå er så flinke at då eg arbeidde på Dalane vidaregående, brukte eg dei som hjelpelærarar! legg han til.

Etter tre år her pluss to år på vidaregåande, er desse elevane ettertrakta som lærlingar, fortel rektor stolt.

Viktig: - Her får elevane prøva seg i så mange yrkesretta fag at dei slepp feilval i vidaregåande, legg han til.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. «Preikestolens søster» kaller de den - men er det for langt unna?

  2. Når en gruppe i samfunnet føler seg spesielt uthengt, må det være på sin plass å lytte, og å innrømme feil.

  3. Viking må trolig endre på laget

  4. Hun danket ut politikere i kampen om Stavanger-jobb

  5. Foreløpig ikke utsatt skoledag for elevene på videregående skole

  6. Gigantfylke med 1,2 millioner innbyggere angriper ferjefri E39

  1. Skole
  2. Vigrestad
  3. Ogna
  4. Varhaug