Her får du ein sniktitt på pepperkakebyen
STAVANGER: Søndag opnar Aftenbladet sin pepperkakeby på Oljemuseet. I år held den eit skyhøgt nivå.
- Birgitte FloteJournalist

Trykk på bildet over for å sjå eit utval av årets pepperkakehus.
– Enkelte leverer pepperkakehus år etter år. Det er kjekt å sjå at dette for fleire har blitt ein familietradisjon, seier Tor Anders Voldsund i Aftenbladet.
Søndag klokka 15.30 er den offisielle opninga av Aftenbladet sin pepperkakeby. Dette er andre året ein kan sjå toget snirkle seg forbi fantasifulle byggverk på Norsk Oljemuseum. Året før heldt det til på Sølvberget.
Pepperkakebyen er open heile desember.
– Høgt nivå
– Det er viktig at ungane dåner av alle klisjeane vi kan klare å få opp, seier Elin Nagell Dahl ved museet.
Det er ho som bestemmer plasseringa av pepperkakehusa og sørger for riktig stemning. Og før ein kjem til sjølve pepperkakebyen, må ein gå forbi ein magisk juleskog.
– Alle skal vere godt synlege, samtidig som det skal danne ein by. Vi har blant anna delt inn i friluftsområde, eit maritimt område, småbyar og ein større by, seier ho.
På Oljemuseet merkar dei at nyheitsbildet påverkar kreativiteten. I fjor var der fire Preikestolen med Tom Cruise hengande utfor stupet. I år er det to «Nok er nok»-bomstasjonar, og kanskje har Viking-opprykket medverka til at mange har valt å lage fotballstadion.
Fristen for å levere var onsdag. Torsdag har det kome inn 190 hus. Det er færre enn i fjor, då kom det inn rekordhøge 247 pepperkakeverk. Første gong Aftenbladet hadde pepperkakeby var i 2005, då med nokre få hus.
– I år held det veldig høgt nivå. I fjor var der ein del ferdighus frå IKEA som var sett kjapt saman. I år er det mindre av dette og fleire fantasifulle byggverk, seier Voldsund.
Donasjon til Røde Kors
For kvart hus Aftenbladet får inn, blir 250 kroner gitt til Røde Kors - Ferie for alle. I tillegg blir det gitt diplom til alle og det er premiering av beste hus. Premien for beste hus i bedriftsklassa er ein annonsepakke i Aftenbladet i løpet av 2019 til ein verdi av 75.000 kroner.
Distriktsleiar i Rogaland Røde Kors, Thor Inge Sveinsvoll, kjem for å motta donasjonen. Ordførar Christine Sagen Helgø vil stå for den offisielle opninga av pepperkakebyen søndag. I tillegg deltek museumsdirektør Finn E. Krogh og sjefredaktør i Aftenbladet, Lars Helle.