- Kan du venta, ikkje reis

Bøna til vinterferiefolket kjem frå Norleds ferjesjef i Rogaland, Gaute Gangenes. I 18.00-tida fredag står rundt 170 bilar i kø på Tau kai.

Publisert: Publisert:

Det er lange køer på Tau fredag ettermiddag. Foto: Andreas Talvik Anderson

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Kapasiteten på kaien er fullstendig sprengt på grunn av at riksveg 13 ved Tysdalsvatnet er stengt. Gaute Gangenes seier ein har to mann på kaien til å dirigera trafikken. Alle bilistane er ikkje like nøgde med situasjonen, forstår me.

Bilkøen strekker seg heilt opp til rundkjøringa på Tau.

Vegstenginga har ført til at Norled måtta ta ferja M/F "Stord" frå sambandet mellom Tau og Stavanger, til sambandet mellom Tau og Hjelmeland. Her går ferja i skytteltrafikk saman med ferja M/F "Bømlo".

Gangenes seier at mangelen på ei ferje i Tau-sambandet til no ikkje har skapt dei store køane i Stavanger.

Han tvilar på at ein får køane unna før klokka 1900. Etter planen skal det då ikkje gå ferje før klokka 21.30 og 23.00, men Gangenes utelukkar ikkje at ein må ta endå ei ferje frå Tau-sambandet og overføra til Tau-Hjelmeland.

— Riksveg 13 svelger unna mykje meir trafikk på ein time enn me greier i denne situasjonen, sukkar han, og seier at han sjeldan har opplevd meir kaotiske tilstandar på Tau kai.

— Det var jo utgjort at dette skulle skje i starten på vinterferien. Eg vil oppmoda eventuelle etternølarar til å venta med å dra på vinterferie til i morgon. Det same gjeld andre med reiseplanar, seier Gangenes.

Publisert:

Les også

  1. Vegvesenet skal sjekka isen i fjellsida

Mest lest akkurat nå

  1. Front­kolli­sjon på E39 i Lyngdal

  2. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  3. Haalands langspurt overskygget alt. Det gikk et gisp over fotballverdenen.

  4. Jakob Ingebrigtsen sikret seg kongepokalen

  5. Direkte: Hvem blir sykkelkongen av Champs-Elysées i Paris?

  6. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  1. Ryfylke