Frilageret førebur storinnrykk - vil ha folk på arbeidstrening

Eit par veker etter Frilageret opna, hadde dei allereie leigd ut til 300 personar. No førebur dei det store innrykket, planlegg fleire mindre lager og jaktar arbeidsledige til å hjelpe seg med.

Atle Ommundsen jobbar i det nyoppretta Frilageret. Forventningar om stor pågang gjer at dei vil ha folk på arbeidstrening.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
Dette teltet må vere frå 1980-talet, konkluderer Atle Ommundsen i Frilageret og Ivar Anton Nøttestad i Vesterlen speiderkrets. Det ser nesten ubrukt ut.
Kasser med kompass kan vere greit å ha for skuleklasser på tur.
Har du ein tanke om at det er idyllisk å sove i ei hengekøye, kan det vere greit å teste det før ein går til innkjøp.
Atle Ommundsen (til venstre) har mykje å henge fingrane i om dagane. Rotehaug skal systematiserast og plasserast i hyller.
Ved fleire vatn er kanoar utplassert. Ved bestilling får ein informasjon om kvar utstyret er plassert.
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

For ein månad sidan opna Frilageret i Stavanger, der Vesterlen speiderkrets, Stavanger Turistforening, Ryfylke friluftsråd og Jæren friluftsråd har samla seg om utleige av utstyr.

Treng arbeidsledige

Det dei kallar sentrallageret ligg i det tidlegare sivilforsvarslageret på Friheim, eit lokale dei har fått gratis frå kommunen.

Bygget er i to etasjer og har ei grunnflate på 650 kvadratmeter.

– Frilager.no er som ein nettbutikk, berre at tinga kjem inn att etterpå, seier Atle Ommundsen i Frilageret.

På nettsida kan ein booke alt frå fjellsko til telt eller kano som ein deretter plukkar opp i lageret. I juni handterte dei 300 bookingar, men truleg er det snakk om over 1000 utleigde produkt sidan mange bestiller fleire ting. Akkurat no har dei 30 ordrer inne.

– Det er faktisk mindre pågang enn vi hadde venta, men vi er i ei innkøyringsfase no. Vi venter eit voldsamt press til hausten. Då vil vi tilsette ny lagerleiar og fleire folk på arbeidstrening gjennom NAV, seier Ivar Anton Nøttestad i Vesterlen speiderkrets.

– På rolege dagar kan vi spele tennis, ler Atle Ommundsen i Frilageret medan han veiver med steikeplate til ei bålpanne.
Her kan du låne friluftsutstyr

Nytt telt frå 1993

– Frilageret er i praksis frilager.no og så vil vi etter kvart få fleire og fleire lokasjonar. Ved Gramstad, Lutsi og andre attraktive plassar står kanoar utplassert, og ski er lagra ved Brekko. Etterkvart håper vi også å ha fiskestenger plassert i skap somme stader, seier Nøttestad.

Ommundsen og Nøttestad står i lokalet dei har fått til rådigheit frå kommuna. På bakken framfor dei ligg to telt. Det eine er frå 1993, ser nytt ut og er prisa 7139 kroner. Ei lokal speidargruppe hadde gløymt at dei eigde det. Ved sidan av ligg eit Nørrøna- telt frå 80- talet, også dette ser nytt ut. Dette teltet var det Turistforeninga som fann.

– Kano er eit anna godt døme. Skular har det gjerne liggande og bruker dei eit par gongar i året. Og så har frivillige organisasjonar sine eigne som dei bruker av og til. Gjennom dette lageret har ein oversikt over kva som faktisk finnast av utstyr.

Frilager.no ser ut som ein vanleg nettbutikk.

Førstehjelpsdukke, kompass, henegkøyer, ryggsekkar, bålpanne og padleårer ligg stabla i hyllene. På gulvet er ein diger dunge med utstyr som ikkje har blitt sortert. Målet med det heile er å få flest mogleg på tur med riktig utstyr.

– Mange bur i små leilegheiter utan plass til å tørke eit telt. Då er det enklare å leige her. Vi krever at utstyret skal sjå nokon lunde skikkeleg ut når det kjem tilbake, men det er meininga at telt og skisko skal vere våte, seier Ommudsen.

Leige av utstyr kostar i utgangspunktet pengar. Til dømes varierer dagspris for eit telt frå 200 til 600 kroner.

– Ein del kommunar har gratis utlån, men paradokset er at det ofte ender med at få nyttar seg av tilbodet fordi det er krevande å halde orden på eit slikt lager og fordi det gjerne blir mykje svinn. Samtidig vil vi ha ei ordning med rabattkoder som ein til dømes får utlevert frå NAV, slik at summen i praksis blir null for dei som har dårleg råd, seier Nøttestad.

Dei jobbar også for å få kommunene til å sette opp ein budsjettpost slik at også skular i prinsippet leiger gratis.

Publisert:
  1. Stavanger Turistforening

Mest lest akkurat nå

  1. Slutt etter 110 år: – Jeg synes det er vanskelig å miste jobben

  2. Metersregel, skjenkestopp og maksantall hjemme: Dette er de nye korona­tiltakene

  3. Hastverk og uenighet på kammerset. Slik gikk diskusjonen om de nye tiltakene.

  4. Snøkaos på Sørlandet: Vurderer å evakuere biler som er tomme for strøm

  5. Åpner onsdag: Slik blir den nye brannstasjonen ved Motorveien

  6. – Føles som et déjà vu