- Enorme skilnader i skulane sitt mobbearbeid

Kunnskapsministeren rosar Stavanger for å opprette kommunalt mobbeombud, men meiner det ikkje nødvendigvis passar alle kommuner.

Publisert: Publisert:

Kunnskapsministeren helser på mobbeombud Nina Bøhnsdalen, Ingunn Rimereit i Kommunalt foreldreutval, og politikarane Sissel Knutsen Hegdal (H) og Anne Kristin Bruns (KrF). Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja torsdag Kristianlyst ungdomsskule i Stavanger. I ein time snakka han om sine visjonar for den norske skulen, men først møtte han Stavanger sitt komande mobbeombud, Nina Bøhnsdalen.

— Mobbing medfører seinskader og for enkelte traumer. For ein som har blitt mobba, kan venleg erting opplevast som mobbing i ettertid, seier Røe Isaksen.

Les også:

Les også

Nytt mobbeombud i Stavanger kommune

Skilnader i mobbesaker

Det komande mobbeombudet har lang erfaring i arbeidet med mobbing gjennom Kommunalt foreldreutval (KFU). Ho opplever store skilnader i korleis skulane i Stavanger handterer mobbesaker. Spesielt bekymrar det ho at mange skular ikkje fattar enkeltvedtak i mobbesaker, altså ei avgjersle om å setje inn tiltak mot både mobbar og mobbeoffer.

Les også:

Les også

Rektorene mener at dagbøter og trussel om oppsigelse er unødvendig

— Alle skulane forsøker jo å førebygge mobbing, men det er stor skilnad i kor systematisk arbeidet er. Mange synes det ligg for mykje arbeid i å føre enkeltvedtak, men det er ein mykje større jobb om det ikkje vert gjort.

Dette meiner ho vert betre med tiltaka som regjeringa la fram forrige veke.

— Dei store skilnadene mellom skulane viser at systematikk er nødvendig. Skulane må følgje faste rutinar. Skal vi velje ut eitt område der meir papirarbeid er nødvendig, så er det her, seier Røe Isaksen.

Les også:

Les også

Regjeringen truer med bøter og sparken i mobbesaker

Først ut

9. mars vedtok kommunalstyret for oppvekst at Stavanger skal få mobbeombud. 200.000 kroner årleg vert bevilga til dette. Fleire fylkeskommuner har ordninga, men enda ingen kommunar. Røe Isaksen gir skryt til Stavanger kommune for åopprette mobbeombod, men er i tvil om kor vidt ordninga passar for alle kommunar.

— Vi har ikkje nok erfaring til å fastslå kor vidt mobbeombod er noko alle kommunar burde ha. Det er viktig at ikkje dette berre blir ein formell tittel. Ikkje alle kommunar har kompetansen til å fylle ei slik stilling.

Les også:

Les også

Byttet skole, unnslapp mobbingen

30.000 vert mobba

"Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene?" er eit av spørsmåla Elevundersøkinga stiller. Hausten 2015 svara 292 elevar ved skular i Rogaland at dei vart mobba om lag éin gong i veka (0,8 prosent av elevane). 581 elevar (1,5 prosent) svara at dei vart mobba to eller tre gongar i månaden.

3206 (8,2 prosent) svara at dei ikkje vart mobba i det heile tatt. I alt 38.376 elevar svara på undersøkinga. Rogaland er verken verst eller best i klassa, om ein samanliknar med prosentandelen som opplever å bli mobba i dei andre fylka.

Ifølgje Kunnskapsdepartementet er det over 30.000 elevar i Noreg som opplever å bli mobba to til tre gongar i månaden eller oftare.

Les også:

Les også

Skuleflinke kan få spesialundervisning

Foreldremøte

Aulaen i Kristianlyst skule vart etterkvart fylt opp av foreldre og lærarar torsdag kveld. Fleire hadde kritiske spørsmål til ministeren.

— Med færre lærarar per elev, vert det vanskeleg å gje god oppfølging, kom det frå ein lærar i salen.

— Eg er imot ein nasjonal norm for kor mange lærarar ein skal ha og kor store klassene skal vere. Det må vere lov for forskjellege kommunar å prioritere forskjelleg, var svaret frå ministeren.

Les også:

Les også

Samstemte om å fjerne «snik-karakterar»

Ein annan lærar spurde: — Kvifor kan vi ikkje ha nivåinndeling i skulen? Kvifor kan vi ikkje ta ut elevar som meistrar faget?

— Eg trur ikkje det er ein god idé å ha ei permanent inndeling i svake og sterke klasser, men i kortare perioder kan det fungere. Flinke elevar har like stor rett på tilrettelagt opplæring, svara han.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om.

  3. Bil begynte å brenne under kjøring på fylkesvei 44

  4. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27.

  5. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  6. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  1. Stavanger
  2. Torbjørn Røe Isaksen
  3. Rogaland
  4. Kunnskapsdepartementet
  5. Regjeringen