Sende støtteerklæring til Trine Skei Grande (V) - no er han aktiv i Høgre

Kjend for å ha sendt støtteerklæring til Trine Skei Grande, har 17-åringen frå Hetland VGS funnet sin veg inn i Høgre-politikken.

– Det er vanskeleg å vera ung i dag, seier Fredrik Rannestad Samuelsen og ønskjer betre helsetilbod på skulane.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

Er det noko som provoserer 17-åringen Fredrik Rannestad Samuelsen, så er det menneske som slenger ut stygge kommentarar i sosiale medium og gøymer seg bak tastaturet. Han er positiv til debatt og ueinigheiter, men ikkje personleg hets eller mobbing.

I fjor februar las den då 15 år gamle siddisen om Trine Skei Grande som måtte tåla kraftig kritikk etter at ho omtalt Ryanair si oppseiing på Rygge som gledeleg konsekvens av den nye flyseteavgifta. Sosiale medium kokte, og venstre-politikaren fekk over 200 hatmeldingar etter at det blei lagt ut eit bilde av hennar nummer og beskjed «Ring meg» på ei Facebook-side.

Det fekk Rannestad Samuelsen til å reagera.

Blei kjend for SMS

Via same Facebook-post fann han nummeret til politikaren og sende ein støtteerklæring. Sjølv hadde han betalt medlemskap til unge Høgre ei stund før hendinga, men fortel at ingen, uansett om ein er heilt ueinig politisk skal oppleva noko slikt.

Skei Grande blei glad for meldinga, og kort tid etter ringte VG.

– Eg veit ikkje kvar dei fanga det opp, men det blei hovudoppslaget på nett dagen etter. Læraren kom og sa «Fredrik, du er i VG!».

Artikkelen om SMS-en han sende blei printa ut og hengd på lærarrom, klasserom og vist til heile skulen. Medelevar synes det var morosamt, og sjølv såg han på det som ei hyggeleg oppleving då dei fleste av kommentarane var positive.

Folk-intervjuet: Lattermild rød blå-russ

Fredrik Rannestad Samuelsen fortel at livet hans er endra etter at han blei aktiv i ungdomspolitikken.

Lese av over 300.000

– Artikkelen deira låg på framsida i to veker, så eg var litt letta når den var borte, seier 17-åringen.

VG fortel i dag at artikkelen er lese av over 300.000 personar. Det hjelpte ikkje på at lærarane på Hetland videregående skole oppdaga artikkelen då Rannestad Samuelsen byrja der. Snart visste heile skulen kven han var på grunn av meldinga.

– Eg trur det var med på å gjera at eg i haust blei vald til nestleiar i Stavanger unge Høgre, fortel han.

Hans rolle i partiet er mellom anna å ha ansvaret for Facebook-sida til partiet og sørgja for å halda nettrolla borte og svara dei interesserte på ein god måte.

Folk-intervjuet: Ein bulldosar går av

Må prestera i alt

Då Rannestad Samuelsen var seks år flytta familien til Nederland sidan faren jobba i NATO. Stavangerguten starta på internasjonal skule og blei gjennom fire år godt kjend med mange kulturar frå heile verda.

– Det gav mange inntrykk og det var spesielt nyttig for engelsk og det å forstå folk betre, seier han, noko som både er nyttig på skulen og i politikken.

Å vera politisk aktiv har gjort den unge karen svært engasjert.

– Det har endra livet mitt, og gjort at eg kjem meg meir ut. Det er ein veldig god hobby, seier 17-åringen.

Sjølv om han er ung kan han påverka dei andre politikarane til å jobba for sakene han engasjerer seg i. Det som er spesielt viktig for han er fiske, forsvar og framdrift i samfunnet. Som ungdom er han også opptatt av at unge får eit godt tilbod til helsesøster og psykolog.

– Det er vanskeleg å vera ung i dag med press i sosiale medium og ein skal prestera i alt, seier han for å tydeleggjera kvifor eit slikt tilbod blir viktigare framover.

Folk-intervjuet: Edith Kristin Nøkling flyttar til Svalbard

Fem ekstra timar

Rannestad Samuelsen går fyrste året på allmenn med topplinje, som vil seia at han har marknadsføring og leiing som fem timar ekstra i veka. Det gjev 7,5 studiepoeng til han skal søkja høgare utdanning, og han må opp til eksamen på BI.

Gjennom faget får han testa å drive ungdomsbedrift som verkeleg har gjeve meirsmak.

Etter vidaregåande tenkjer han fyrst og fremst å melda seg inn i Forsvaret, og vurderer å studera marknadsføring, journalistikk eller politikk.

– Eg grublar mykje over kva eg skal bli. Det er godt det er litt tid, seier han.

Folk-intervjuet: Maximilian Espeland gir arbeidsledige unge jobb

Publisert: