Slik sto huset på Revholen

På veg opp mot Dalsnuten har du kanskje lagt merke til dei gamle husmurane like ved den andre tjørna?

Publisert: Publisert:
  • Turidsfurdal
Denne artikkelen er over 18 år gammel

Her låg det ein gong ein husmannsplass: Revholen, ved Revholstjørna. Aftenbladet Sandnes skreiv i sommar litt om husmannsplassane rundt Dalsnuten, som ein del av serien «På tur i historia».

— Oldefar min, Enok Torson Gramstad, var fødd på Revholen i 1827, fortel Cato Lura frå Lura. Enok var eitt av dei åtte barna til Tore Nilsson Frøyland og Berta Gurine Gabrielsdotter, som budde på husmannsplassen. Enok tok ifølgje Cato Lura etternamnet etter garden der han vaks opp.

Huset på Revholen skal ha blitt rive i 1965. Sidan rett før krigen vart det brukt som ly for sauene, seier Lura. I dag kan ein berre sjå murane etter dette og uthusa på Revholen. Du finn ruinane ved å ta av til venstre frå vegen til Dalsnuten, like før den smale geilen som nyleg er steinsett.

Cato Lura har grave litt i historia til familien sin, og fortel vidare at oldefaren ikkje vart buande på Revholen.

Han gifta seg med Greta Taletta Jakobsen som kom frå ein husmannsplass på Smeaheia, og flytta dit. Bestefar min, Bertinius Enoksen Lura, var fødd på Smeaheia. Husmannsplassen låg like bak stadion, og ein kan framleis sjå murane. Bestefar tok over garden i 1896, og far min, Bernhard Lura, var fødd her, seier Cato Lura.

Finn Thorsen ættar også frå husmannsplassen på Revholen.

Tore Nilsson Frøyland var oldefar min, seier han.

Tore var fødd i 1790.

Men eg veit ikkje om det var han som bygde huset me ser på bildet, legg Thorsen til.

Publisert: