Inviterer skvetne firbeinte til nyttårsfeiring

Clarion Hotel Air opnar hotellet for familiar med hund på nyttårsafta. Isolerte vindauge skal dempe ei lydsterk feiring som elles kan skremme dyra.

Bono hadde ikkje lege i mange hotellsenger før, og storkoste seg på madrassen med eigar og marknadskoordinator Kine Strand Jansen.
  • Ruth Einervoll Nilsen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

«Happydog» er ei nyttårsfeiring på dei firbeinte sine premissar. Til hotellet på Sola er sålangt 40 hundar – og kattar – påmeldte til ein fyrverkerifri kveld.

– Me har fått utruleg god respons på prosjektet. Dette er fleire enn forventa, seier Laila Neverdahl, direktør ved Clarion Hotel Air.

Truleg er hotellet det første i regionen som prøver noko slikt.

15 år gamle Bono kikkar nysgjerrig på dei nye omgjevnadane.
Les også

Bli med kjendisreven Ayla på tur

Stillferdig feiring

Hunden Bono (15) lograr med halen gjennom hotellkorridorane. Både her og inne på hotellrommet blir han skjerma for nyttårsaftas smellelydar. Området rundt flyplassen har nemleg forbod mot å skyte opp fyrverkeri.

– I tillegg er flyplasshotella ofte godt lydisolerte på grunn av flytrafikken, og egnar seg difor godt som festlokale for hundane, fortel Neverdahl.

Hotellet har fått gode tilbakemeldingar frå veterinærar og hundemiljøet i regionen.

– Mange dyreeigarar gruer seg til nyttår, så det er gøy å kunne bidra, seier marknadskoordinator Kine Strand Jansen.

Les også

Slik blir vêret på nyttårsafta: – Gjeld å time rakettane til opphaldet

Annleis marknadstiltak

Når me kjem inn på hotellrommet, finn Bono to papirposar han sniffar på – ei spesiell overrasking til dei firbeinte. Også eigarane skal bli varta opp, med firerettars middag.

– Nokon føreslo å plassere alle hundane i storsalen med partyhattar på hovudet, og hundefilm på storskjerm, seier hotellsjefen.

– Kanskje neste år?, spøker ho.

Hotellet erkjenner at dette også er eit positivt tiltak marknadsmessig.

– Det er ein vanskeleg marknad, så me må tenke utanfor boksen. Det er roleg rundt nyttår, så det er kjekt å få til noko utanom det vanlege, seier direktøren.

På rommet venta overraskingar for den firbeinte.

Idé frå Arlanda

Clarion ved flyplassen i Stockholm har hatt eit liknande tilbod i fleire år, med stor suksess, og det er her Sola-hotellet har henta inspirasjonen. På Arlanda vert hotellet fylt opp av rundt 370 familiar med hund til nyttårsfeiring i dag.

– Me håpar også å auke meir til neste år, og gjere nyttårstilbodet sjølvsagt for hundeeigarar, seier Kine Strand Jansen.

Halvparten er redde

– Nyttårsafta kjem ofte brått på dei som har dyr som er urolege for høge lydar, seier Aga Zakoscielna. Ho er dyrepleiar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), med spesialisering i atferdsterapi.

Sensitivitet for lydar er eit av dei vanlegaste atferdsproblema hos hundar. Nyttårsafta er truleg den dagen i året kor dette kjem tydelegast til syne.

– Ein trur at 50 prosent av alle hundar har ein eller annan form for lydfobi mot rakettar, skot, trafikk eller liknande, seier dyrepleiaren.

No kan femtenåringen få ei støyfri nyttårsfeiring.

Ho har følgande råd til hudyreigarar før nyttår:

1. Start med lydtrening. Det finst CD-ar som litt etter litt skal kunne venne dyr til sterke lydar.

2. Lag ein kosekrok, og ta med dyret ditt til eit så lydtett rom som mogeleg. For eksempel baderom eller kjellar.

3. Aldri reis frå eit uroleg kjæledyr. Blikkontakt og nærleik med eigar aukar oxytocinnivået – eit velværehormon – hos hunden.

4. Reis bort med dyret, eller hald det inne. Kattar og hundar kan stikke av i panikk.

5. Slit ut hunden. Gå gjerne ein lang tur tidleg på dagen.

6. Skaff hørselsvern. Hundar kan også bruke (spesial)hovudklokker.

7. Medisinar. Er nyttårafta fryktfull for hunden, kan ein veterinær skrive ut angstdempande medisin. Om dyret berre er uroleg, går det an å bruke beroligande feromonar.

(Kjelde: Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, NMBU)

Publisert:
  1. Fyrverkeri
  2. Hund

Mest lest akkurat nå

  1. Brann i bil på verksted ga full utrykning til Sandnes sentrum

  2. Store endringer i korona­regimet: Dette er de nye reglene

  3. Når kommer vinteren, egentlig?

  4. Leger ved sykehuset slår alarm: 21 personer alvorlig skadd på elsparkesykkel de siste to årene

  5. De åpnet nytt hotell, så kom koronaen. Nå dobler de igjen

  6. Hund falt ned i dypt hull på Våland