Arne vil vite om det han gjer er lovleg

Papirlause innvandrarar over heile landet jobbar for Arne Viste. Målet er å doble talet til 50 tilsette før året er omme. For å klare det, har han alliert seg med ein tidlegare biskop.

Tar Arne Viste feil, kan han i verste fall hamne i fengsel. Har han derimot rett, har norske myndigheiter store problem og politikarane har vedtatt ei grunnlovsstridig lov.
Publisert: Publisert:
– Det har skjedd noko det siste halvåret. Eg merkar at fleire tør å ta risikoen, og eg er i dialog med fleire store aktørar. Ryktet verkar å ha spreidd seg blant dei ureturnerbare, sier Arne Viste.
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Arne Viste opnar døra til eit gammalt lager og går opp ei smal trapp. Han låser opp ein hengelås og går inn i eit rom fylt av gamle bøker. Her driv han bruktbok-nettbutikken pbok.no og bemanningsbyrået Plog AS, ei verksemd som fleire har omtala som ulovleg, men som politiet denne veka har bestemt seg for å la ligge.

LES OGSÅ:

Les også

Sylvi Listhaug: «Klart det er forbode for papirlause å arbeide»

Jungeltelegrafen

For å bli tilsett av Viste må du vere ikkje-returnerbar flyktning med endeleg avslag på asylsøknaden. Utlendingslova nektar desse å jobbe, men Viste meiner han har Grunnlova på si side når han likevel gir dei jobb.
Gjennom bemanningsbyrået leiger han ut dei tilsette til restaurantar, butikkar, organisasjonar eller andre kundar. Han har i dag 21 tilsette. Målet er 50 innan året er omme.

– Det har skjedd noko det siste halvåret. Eg merkar at fleire tør å ta risikoen, og eg er i dialog med fleire store aktørar. Ryktet verkar å ha spreidd seg blant dei ureturnerbare.

Vil tvinge fram eit svar

Målet med å bli stor, har vore å tvinge norske myndigheiter til å ta stilling til verksemda. Etter at både politiet og UDI lot vere å anmelde verksemda, gjekk Plog AS sjølv til dette skrittet hausten 2016. Onsdag blei det klart at politiet har lagt saka bort ut frå bevisets stilling.

Eks-biskop i kulissene

Telefonen ringer. Det er ein som vil ha arbeid. Viste snakkar ei stund før han legg på. Så ringer det igjen. Det gjeld ein solidaritetskonsert han arrangerer med Ole Paus.

LES OGSÅ:

Les også

Advokaten meiner Norge bryt menneskerettane

Ole Paus

– Eg opplever at eg har fått eit kall frå Gud. Og så har eg rettferdssans. Det er dei to tinga som driv meg, seier han.

I kulissene jobbar den tidlegare biskopen i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen. Han er i dag styreleiar i organisasjonen Mennesker i limbo, som Viste har fått med på laget.

– Eg kontaktar interesseorganisasjonar og kyrkjeleg orienterte organisasjonar, og ber å samarbeide for å få dei papirlause i arbeid. Enkelte er på gli, men mange er framleis tilbakehaldne. Mange seier dei kan tenke seg å støtte det, men viser til dei vanskelege juridiske sidene ved dette. Det interessante med denne saka, er at Viste vel å ta på seg ansvaret for alle arbeidsgivarane, seier Jørgensen.

Tor B. Jørgensen

No har Jørgensen kontakta alle biskopane, men foreløpig ikkje fått tilbakemelding. I neste omgang er planen å kontakte kyrkjeverjer i kommunar han trur kan vere interesserte. Deretter tek han fatt på det private næringslivet.

I grenseland

Verksemda har foreløpig ikkje blitt stor nok til å gi levedyktig inntekt. I tillegg til å vere arbeidsgivar og opprørar, er Viste delvis permittert og på dagpengar. Mykje står på spel.

– Eg gjer dette med opne auge. I verste fall kan eg hamne i fengsel. Eller eg kan miste hus og heim, seier han.

– Utset du dei tilsette for ein risiko?

– Utlendingslova har paragrafar som går både på arbeidsgivar og arbeidstakar, men det gjer meg rolegare at det i tidlegare saker er arbeidsgivar ein har gått etter. Men eg speler med opne kort, og seier til både kundar og tilsette at vi faktisk ikkje veit om det er lovleg.
Verksemda byr på mange utfordringar. Å betale skatt har vist seg vanskeleg, men heller ikkje umogleg, viser dokumentasjon frå Skatt Vest. Sjølv om Viste sjølv har gode intensjonar, innrømmer han at det er vanskeleg å kvalitetssikre kundane.

I nettbokbutikken pbok har Arne Viste tilsett ei kvinne som har fått endeleg avslag på asylsøknaden. Då ho fekk jobben av Viste, sende han brev til politiet der han opplyste om forholda. Politiet valde å ikkje gjere noko med det.

Vanskeleg kontakt med tilsette

– Det meste av kontakten eg har med dei er via mail, og eg har ikkje hatt tid til å reise rundt og sjå kor dei tilsette jobbar. I vår var det seks konkursar i bedrifter eg leigde ut til, og for fleire av desse hadde eg hatt problem med å få kontakt. Dei svara ikkje når eg sendte mail, seier han.

– Der er ein risiko for at ikkje alt er godt nok. Ei utfordring er å betale ut lønn til personar som ikkje har rett på bankkonto. Då ber eg dei finne ein ven som dei stoler på, og somme gongar er det sjefen. Då er det vanskeleg for meg å vite om sjefen tar noko sjølv. Men sett at dette skjer, vil inntekta uansett vere eit stort sprang frå den økonomiske situasjonen dei ureturnerbare flyktningane har i dag. Dei lever under uverdige forhold.

Les også

300.000 kroner i bot for å ha asylsøker i arbeid

Publisert: