Svømmehallen ved Madlamark open etter legionella-stenging

STAVANGER: Legionella-funn i dusjanlegget tvang kommunen til å stenge bassenget ved Madlamark skole tidleg i haust. Onsdag opna det endeleg.

Publisert: Publisert:

Foto: Fredrik Refvem

– Bassenget vart stengt tidleg i haust, men etter ein lang prosess viser prøvene no at det er reint. Bassenget opna onsdag med full kapasitet, seier rektor ved skulen, Margrethe Hjardeng.

Elevane ved skulen har i mellomtida hatt svømming i Kvernevikhallen.

I tillegg er det fleire andre skular og svømmeklubbar som leiger svømmehallen, og også desse har vore nøydd å finne andre løysingar.

Det var i dusjanlegget det blei gjort funn av legionella. Det er ikkje første gongen Stavanger kommune stenger bassenget. Også for to år sidan oppdaga kommunen den potensielt helseskadelege bakterien i dusjanlegga. Bassenget var då stengt frå desember 2017 til mars 2018.

Publisert: