Hareide: Hårreisande at Reza måtte vitne via telefon

Konvertitten Reza blei tvangsutsend frå Norge i januar og måtte denne veka vitna frå Afghanistan via telefon. Dette meiner Knut Arild Hareide (KrF) er hårreisande.

Publisert: Publisert:

Konvertitten Reza prata om trua si i Varden kirke før jul, no sit han i Kabul i vente på svar på rettssaka. Foto: Jarle Aasland

  • Hilde Anette Ebbesvik
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Det er heilt klart uverdige forhold som kjem fram, og det gjev grunn til å sjå på regelverket, uttalte Hareide til Dagen fredag.

Les også

Konvertitt blir tvangsutsend like før rettssaka

Den 21 år gamle konvertitten Reza kom til Norge i 2009 og har konvertert til kristendommen. Lokale prestar og biskopar har kjempa for at han ska få lov til å bu i Norge då dei opplever at han er ein «ekte konvertitt». Då han likevel blei sendt ut av landet i januar var det difor fleire som var redde for han.— Me som kjenner hans historie frå Afghanistan veit at dette er grunn til å frykte for han no, sa biskop Erling Pettersen.

Redd for avlytting

Då Reza skulle forklara seg i rettssaka, skjedde dette frå eit rom i Kabul, med ei dør som ikkje kunne lukkast. I følgje Dagen avslutta konvertitten samtalen heile tre gongar i frykt for at forbipasserande kunne høyra han snakka.

Forholda under rettsaka for Reza var så dårlege at forsvarsadvokat Knut Olaf Eldhuset gjekk hardt ut mot ambassaden og vurderte å få rettsaka utsatt.

Les også

- Tro er en personlig sak og umulig å bevise

Kommunikasjonssjef i tankesmien Skaperkraft, Filip Rygg har gått ut mot behandlinga Reza har fått, og har stilt krav til at utanriksministeren griper inn ovanfor ambassaden. Dette fordi Reza skulle avgje forklaringa på Skype ved den norske ambassaden i Kabul, men måtte i staden gjera det over telefon. Svaret var at dei av "sikkerhetsmessige årsaker" ikkje kunne hjelpa.Saka til Reza var heller ikkje av viktig nok karakter for ambassaden, forklarar advokaten til Dagen.

Fekk ikkje bli

Svara frå ambassaden får KrF-toppen til å villa studera regelverket. Han meiner at Reza aldri burde vore send ut av landet i fyrste omgang. Dette prøvde advokaten lenge på, ved at prøva å få Reza verande i landet i alle fall til rettsaka slik at han personleg fekk vitna.

— Rettssikkerheten aukar når han er til stade i rettssaken, sa Eldhuset til Aftenbladet tidlegare.

LES OGSÅ:

Publisert:

Les også

  1. «Hvis UNE hadde vært enig i at det var farlig for ham, ville han ikke blitt tvangsutsendt»

  2. Hvem er kristen nok?

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes Sparebank reduserte resultatet. Det er sjefen stolt av

  2. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  3. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  4. Tesla målt til 221 km/t: Eieren får førerkortet beslaglagt inntil mai neste år

  5. Rasutsatt vei i Suldal kan være for farlig å sikre

  6. Prins Harry og hertuginne Meghan har bosatt seg i Santa Barbara

  1. Stavanger