Musikkapp skal fjerna køkaos på fest

Er du lei av gjestar som ikkje respekterer køen i Spotify, på fest, som nappar ut AUX-kabelen og set på «Bohemian Rapsody»? Det problemet vil mennene bak Requestify løysa.

Publisert: Publisert:

Christoffer Riseng (26) og David Kristiansen (21) har store vyar. Med appen Requestify vil dei innføra demokrati på vorspiel, og la alle med vera med og bestemma musikken. Foto: Jarle Aasland

  • Snorre Standish Norheim
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– I mars i fjor fortalde eg David om ein DJ-app eg hadde hatt i hovudet i ein del år. Då klikka det for David, og han sa: «Requestify!» roper Christoffer Riseng (26).

Då sa det «klikk». Kollegaen i Securitas, David Kristiansen (21), vart med på laget. Etter jobbing på kveldstid, viste dei fram ein førebels versjon på Start Up Extreme, på Voss, og fekk gode tilbakemeldingar.

Riseng sa opp jobben og tok opp lån, for å driva på fulltid frå leilegheita på Bryne. Eigenkapitalen på 100 000 er henta inn frå ein kamerat og familiemedlemmar. Dei har ikkje kome i mål med éin stor investor, og skal snart ta avgjerd på om dei skal opna for «crowdfunding».

Første steg er å innta stova di

Riseng og Kristiansen er kremmarar ut i fingarspissane, og snakkar i slagord: dei «satsar, går for gull» og lovar «musikkrevolusjon». Då dei fortel om lang erfaring frå dørsal, kjem det knapt som ei bombe.

Mottoet «Control music everywhere» skildrar ambisjonen, men i første omgang skal appen nyttast på private heimefestar og liknande.

Det fungerer slik: Verten koplar mobiltelefonen sin til lydanlegget, opprettar ei speleliste og definerer ein radius, og så kan gjestane leggja til eigne songar, frå sine telefonar. Appen fungerer med Spotify og Soundcloud, på Iphone og på Android-telefonar.

Det er også planar om ein versjon for offentlege stader – og det er den utviklarane ser for seg å tena pengar på. Til dømes skal du kunna leggja inn songar på utestader, men det ligg lenger fram i tid.

Appen kjem i løpet av kort tid på iOS, og ikkje lenge etter på Android. Då kan du velja eigne songar på vorspiel. Foto: Aasland, Jarle

Stort nettverk og mykje reising

Det nyoppretta selskapet har dei tre siste månadene hatt kontorplass i toppen av bygget til SR-bank, på Forus. Der ligg Gründerhuset, som tilbyr kontorplass, kaffimaskin og pushing frå mentorar.

Marcus Hølland Eikeland held styr på gründerspirene. Han trur appen kan gjera det godt dersom dei greier å få på plass ein kritisk masse av brukarar, og seier at han heiar på Requestify.

Men han har ikkje alltid sett så mykje til bakmennene.

– Dei har vore ekstremt mykje ute og reist, på seminar og konferansar. Me prøver å laga samhald her, men nokon av selskapa er berre innom av og til, fordi dei må ut og byggja nettverk. Det har eg hatt full forståing for, og eigentleg pusha på, seier han.

Det omfattande reiseopplegget har resultert i samarbeid med den erfarne Dave Ranyard, som produserte karaokespelet Sing Star. Han er med på eigarsida og fungerer som mentor. På Gründerhuset fann dei skotten Laura Lewis, som skal hjelpa med marknadsføringa.

– Apputvikling er seriøs gründerverksemd

Requestify er forbi marknadsavklaringa, som er fase 1 hjå Innovasjon Norge. Dei har søkt om støtte til fase to, som er å utvikla produktet og bedrifta vidare, den såkalla kommersialiseringsfasen.

Bente Rød Eide er finansieringsrådgjevar i Innovasjon Norge Rogaland, og har ansvar for IKT. Ho seier at apputvikling er gründerverksemd som blir teke seriøst, på lik linje med andre, konvensjonelle prosjekt.

– Ja, me ser like seriøst på dei som på andre prosjekt me får inn, men appar er litt vanskelege å vurdera. Innovasjon Norge tek gjerne risiko, men må veta om marknaden er interessert.

For apputviklarar som ønskjer offentleg pengestøtte, er meldinga klar:

− Me vurderer søknader på mange ulike måtar, men hobbyprosjekt gjort på fritida, som blir hivne ut på App Store, ser me ikkje på. Då seier me «lukke til», men gjev ikkje støtte. Me vil sjå at støtta bidreg til å auka verdiskapinga og gje arbeidsplassar i Norge, det er oppdraget me har fått av staten.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Statsministeren hasteinnkaller til pressekonferanse klokka 14

  2. Grethe Moen går av som Petoro-sjef

  3. Realitykjendiser dømt til fengsel for å ha filmet og delt sexvideo

  4. – Vi trodde denne sommeren skulle bli dårlig, men den går veldig bra

  5. Pressekonferanse om smitte i Haugesund

  6. Ingen foreldre får følge førsteklassinger inn i klasserommet første skoledag i Stavanger

  1. Gründere
  2. Apper
  3. Ungdom
  4. Næringsliv
  5. Bryne