Haugesund sykehus i krise­beredskap - utsett planlagte operasjonar

Helse Fonna reduserer aktiviteten og førebur seg på fleire koronapasientar neste veke.

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

Fredag morgon var det innlagt åtte pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus. Ein av desse får intensivbehandling. Og i løpet av morgontimane kom det også inn ein koronapasient på Stord sjukehus, den første på fleire veker, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.

- Det gledelege oppi dette er at det sidan i går er to pasientar som ikkje lenger treng intensivbehandling. Blant anna er pasienten under 18 år no formelt utskriven frå intensivavdelinga. Det er eg svært glad for, seier adm. dir. i Helse Fonna, Olav Klausen i meldinga.

Redusert aktivitet

Frå neste veke blir mykje av planlagt aktivitet i Helse Fonna redusert, slik at ein er i stand til å ivareta kritiske funksjonar og ta imot fleire pasientar med covid-19.

- Vi er inne i ein fase der det er naudsynt å redusere aktiviteten. Det meste av planlagt kirurgi ved alle tre sjukehusa i føretaket blir utsett, men mellom anna pasientar med mistanke om kreft. Også barn under 18 år blir skjerma.

– Eg er lei meg for at vi må redusere tilbodet til pasientane våre men vi må nå førebu oss på å ta i mot mange fleire pasientar med covid-19 både på vanlege sengepostar og på intensivavdelingane, seier Klausen.

Også poliklinisk aktivitet vert redusert, i litt varierande grad rundt om på avdelingane. Dei pasientane som blir råka vert kontakta.

Reduksjonen i planlagt aktivitet vil halde fram til over påske, det vil seie til og med 05.04.21.

Utvider pandemimottak

Det vert i tillegg gjort fleire grep dersom det kjem fleire koronapasientar kommande veke. Ved Haugesund sjukehus førebur ein arbeid med kohortavdeling nummer to, og pandemimottaket vert utvida. I tillegg er det teke kontakt med kommunane, i håp om at dei kan ta imot fleire utskrivingsklare pasientar.

Helse Fonna gjekk onsdag over i gul beredskap, og har innført strenge besøksrestriksjonar.

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. Haugesund
  3. Beredskap

Mest lest akkurat nå

  1. Slutt etter 110 år: – Jeg synes det er vanskelig å miste jobben

  2. Metersregel, skjenkestopp og maksantall hjemme: Dette er de nye korona­tiltakene

  3. Avlyste konserter, færre publikummere og stor usikkerhet

  4. – Føles som et déjà vu

  5. Dette betyr de nye tiltakene for idretten

  6. Gaffel & Karaffel-sjefen fortviler etter nye tiltak: – Koronapass hadde vært en lykke for oss