I denne barnehagen er dei 50 prosent menn

I Brekkåsen barnehage i Sør-Trøndelag er halvparten av dei tilsette menn. Her fortel styraren koss han har greidd å få tak i og halda på 12 menn.

Publisert: Publisert:

Får mennene i barnehagen gjera det dei likar, trives både menn og ungar, er erfaringa dei har gjort seg i Brekkåsen idrettsbarnehage i Trøndelag. Her er John Iver Schjegstad i sving saman med barna Emilian Martine og Emilie. (Foto: Brekkåsen idrettsbarnehage).

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Då me opna barnehagen i 2012, hadde eg eit klart mål om at halvparten av dei tilsette skulle vera menn. Det klarte eg ikkje då, eg endte opp med seks menn av 22 tilsette i 2012. Så jobba me målretta i fire år, og før jul i 2016, var me 12 menn og 12 damer, fortel dagleg leiar Hjørvard Bjørnebeth.

– Korleis har du greid det?

– Hovedsuksessfaktoren er å ta godt vare på dei du har, slik at dei trives og blir verandre. Hvis du først har nokre menn, dreg det til seg fleire menn.

Barnehagar som har få menn, går ofte i fella og spreier dei rundt på bygget, slik at det blir ein på kvar avdeling.

Barnehagar som har få menn, går ofte i fella og spreier dei rundt på bygget, slik at det blir ein på kvar avdeling. Ein må gjera det motsette: Mennene må få vera saman. To og to eller tre og tre. Då har dei det kjempebra. Då ryktes det, og dermed blir det lettare å få inn fleire menn, forklarar Bjørnebeth.

Meir herjing

– Det er lurt å laga eit miljø der det er lov å vera menn, der dei kan halda på med aktivitetar dei likar. Det gjeld særleg i barnehagar der det er mykje kvinner frå før. Då kan det lett skje at dei blir sett inn i ein kvardag prega av kvinnelege interesser og aktivitetar, held Bjørnebeth fram.

– Med menn blir det meir fysisk aktivitiet, «ut og leik», meir herjing, ungane får slåss litt, utdjupar han.

– Og mindre perling?

– Menn sit også inne ved bordet og teiknar og perlar. Her er inga motsetning.

Det blir meir støy og action.

– Men menn er ikkje så redde for lekeslåssing?

– Litt sånn ja. Det blir meir støy og action.

Han har jobba i fleire andre barnehagar, og har opplevd korleis det er å vera den einaste mannen.

Klar profil

Det er tydeleg at mennene likar seg i Brekkåsen barnehage, for ingen av dei han har tilsett, har slutta.

Brekkåsen er ein idrettsbarnehage, kan det vera ein grunn til at menn trives her?

– Idrettsbarnehage; her handlar det om gleda over å røra seg, vera i aktivitet. Men det er ei kjennsgjerning at ein tydelig profil og eit godt forankra verdisyn trekk til seg fleire menn. Menn søkjer ikkje jobb i kva barnehage som helst. Dei sjekkar kva barnehage det vil vera artig og interessant å vera i. Eg trur nok at idrettsbarnehage er noko som tiltalar menn.

Uhyre viktig

– Kor mykje har løna å seia?

– Her har me heilt vanleg løn, me fylgjer tariffen. Eit godt tips: Ikkje fokuser på løn, fokuser på kva jobben går ut på: At det er artig, bra arbeid, trygt, fleksibelt, lærerikt og ikkje minst: Det gir det ei god sjølkjensle. Du kan stå åleine på ein fabrikk med hjelm på hovudet og tjena meir, men i ein barnehage er du viktig for nokon, ja uhyre viktig! Du utgjer ein forskjell, du blir sett pris på, seier Bjørnebeth.

Du kan stå åleine på ein fabrikk med hjelm på hovudet og tjena meir, men i ein barnehage er du viktig for nokon, ja uhyre viktig! Du utgjer ein forskjell, du blir sett pris på.

Ut til ungdomen

– Har du fleire tips?

– Du må ut på ungdomsskular, vidaregåande skular, idrettslag, utdanningsmesser, vera til stades der ungdommen er, vera aktiv, fortelja om kor bra arbeidsplass barnehage er. Ein del ungdom tek seg eit friår etter ungdomsskolen eller mellom vidaregåande og høgskole. Det er mange av desse som vil vera interessert i å arbeida eit år i barnehage mens dei tenkjer meir grundig over kva dei skal gjera framover, seier Bjørnebeth.

Han har hatt to slike ungdommar i arbeid, og dei fekk meirsmak: Ein skal nå utdanna seg som barne- og ungdomsarbeidar, den andre vil ta barnehagelærarutdanning.

Barnehagen skal nå tilsetja ein ny pedagogisk leiar. I annonsen blir kvinner oppmoda til å søkja.

– Kvifor?

– I leiarteamet vårt er det fem menn og to damer. Nå sluttar ei dame, då må me erstatta henne med ei ny, lyd forklåringa.

Publisert:

Les også

  1. Bare sju av hundre som jobbar i barnehage er menn

  1. Barnehage