Nynorsken vann i Oltedal

<p> Skulen i Oltedal skal framleis vera nynorsk-skule. Det er klart etter at 40 prosent av dei 596 røysteføre i bygda i går sa sitt.<br/></p>

Publisert: Publisert:
  • Turid Furdal
    Journalist
iconDenne artikkelen er over 14 år gammel

55 prosent (131 personar) ville ha nynorsk, medan 45 prosent (107 personar) ville ha bokmål som hovudspråk ved skulen, opplyser ordførar Karl Edvard Aksnes (KrF) til Aftenbladet.

Det var foreldre i Oltedal som tok initiativet til målavrøystinga. Ved ei førehandsrøysting i vår vann bokmålet, seier FAU-leiar Bjørg Oftedal i Oltedal. Ho legg til at FAU har halde seg nøytralt i språkspørsmålet.

— Men me har oppmoda alle om å gå til val, og eg er på ingen måte nøgd med eit frammøte på 40 prosent, seier Oftedal. Ho er overraska over at dei fleste ville ha nynorsk.

Når folket nå har talt, synest ordførar Karl Edvard Aksnes det er kjekt at nynorsk framleis blir skulemålet i Oltedal.

  • Språket har ein lang tradisjon i Gjesdal, og det er bra at tradisjonen varer ved. Nå er det Dirdal, Oltedal og Ålgård skular som har nynorsk, og det gir ein balanse i bygda, meiner Aksnes.

Målavrøystinga er den andre i løpet av eit halvt år i Gjesdal. I haust vart det stemt over målforma til Ålgård skule, etter initiativ frå kommuneadministrasjonen. Nynorsken vann også den runden av språkstriden i Gjesdal.

turid.furdal@aftenbladet.no

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Elever i Stavanger og Sola har fått påvist covid-19

  2. Vil skape et robot-eventyr på Tau

  3. Kristoffs trener om den gule triumfen: – Helt ubeskrivelig

  4. Busstreik utvides til Rogaland fra lørdag – alle sjåførene tas ut i streik

  5. 56-åring ble først frifunnet, så dømt for forsøk på promillekjøring

  6. Slagsmål i Stavanger sentrum