- Du får ein tøff jobb, Trond!

Torgeir Høien ønskjer Trond Birkedal all lukke i arbeidet med å gjen— reisa liberalismens stilling i Frp. - Det blir ei enorm utfordring, seier økonomen som melde seg ut av Frp for to år sidan.

  • Margunn Ueland
    Margunn Ueland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 15 år gammel

Høien har ikkje merka noko til at hans gamle parti har gått i liberalistisk retning den siste tida:

— Eg har ikkje sett at Frp har lagt større vekt på idear som flat skatt av inntekt. Eg har heller ikkje sett at dei har kome med eintydige og klåre utspel som viser at partiet verkeleg ønskjer å redusera utgiftene til staten. Men eg veit at sterke krefter i partiet arbeider for dette. Eg håpar dei vinn, seier Torgeir Høien til Aftenbladet.

Feil næringspolitikk

Høien meinar at Frp må venda tilbake til si opphavlege tru på næringsfridom utan statleg innblanding i det frie initiativet til kapitalistar og gründerar. - Såkalla aktiv næringspolitikk, som partiet har stått for i det siste, er eit gigantisk avsporing frå det liberalistiske idégrunnlaget, seier han. Dette var hovudgrunnen til at han melde seg ut av partiet i 2004. Han var då sentralstyremedlem i partiet.

  • Norge har gått gjennom ei stor endring i retning av mindre statsstyring og større tru på marknadsøkonomi og næringsfridom.

Nye tal viser at Norge er nest etter Irland i Vest-Europa i produktivitetsvekst i økonomien det siste tiåret. Det viser at ein politikk med deregulering og det å utsetja stadig fleire bransjar for fri konkurranse, lyfter velstandsnivået, seier Høien.

Meir til veg

Økonomen gir Frp rett i at det bør investerast langt meir i vegar og anna infrastruktur. Men han understrekar at det samstundes må kuttast i andre utgifter og prioriterast annleis slik at samla utgiftsvekst blir dempa.

  • Det er svært viktig å ha eit liberalistisk parti i Norge fordi staten er blitt så stor og dominerande, avrundar Høien.

Magisteren i samfunnsøkonom er porteføljeforvaltar hos Skagen Fondene i Stavanger. Han er heilt klår på at han ikkje kjem til å gå inn i aktiv politikk att.

margunn.ueland@aftenbladet.no

Publisert:
  1. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Stampuben er deres andre hjem: - Hadde den blitt stengt for godt, ville jeg satt meg ned og begynt å grine

  2. Spiste alene på rommet mens de andre koste seg på julebord. Nå sier hun takk for seg

  3. Ole Kallelid er død

  4. For 55 år siden kom denne eksotiske retten til Stavanger. Siden har barn og voksne landet over falt pladask for den

  5. Anita Lundekvam (25) har flyttet og selger bilen: – Vi sparer på de siste vedkubbene

  6. Over 50.000 meldinger om mulige bivirkninger av vaksinen. Bare halvparten er behandlet.