Ligg an til 10.000 fleire på Preikestolen enn i fjor

RYFYLKE: Til trass for stygt vêr, har Preikestolen rekordmange besøk i år. Stiftelsen Preikestolen ventar ei ny gruppe turgåarar utover hausten.

Både Kjerag og Preikestolen ligg an til fleire besøk enn i fjor. Men auka er liten samanlikna med det som har vore vanleg siste åra. Foto: Pål Christensen

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
  • Preikestolen ligg an til å nå mellom 290.000 og 295.000 besøkande, altså mellom fem og ti tusen fleire enn i fjor.
  • Kjerag kan på det beste få 75.000 gjestar, mot 70.000 i fjor.
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dei to store attraksjonane i Rogaland har likevel svakare utvikling enn det som har vore vanleg siste åra. Tala som er henta frå Lysefjorden Utvikling AS og Stiftelsen Preikestolen, tek utgangspunkt i omsetnad på parkering med justeringar for buss og liknande.

Les også

Kjerag taper terreng for Trolltunga

Ventar på filmnerden

Ifølgje Audun Rake, dagleg leiar ved Lysefjorden Utvikling AS og Stiftelsen Preikestolen, er det ein del som ikkje blir registrert.

– Det har vore ein god del meir «villparkering» ved Kjerag dette året. Vi har sett det tidlegare år også, men det har vore spesielt mykje i år. Desse fangar vi ikkje opp.

At Kjerag plutseleg tek ei brå utvikling i haust, trur han ikkje, men han meiner Preikestolen har potensiale til å nå ei heilt ny gruppe utover hausten. «Mission: Impossible 6» skal nemleg ha innspeling på fjellknotten. Innspelinga skulle i utgangspunktet starte i september, men blei utsatt fordi Tom Cruise skada ankelen.

– Det blir spennande å sjå utslaget frå filmprosjektet. Eg trur vi får ei ny gruppe i filmentusiastane. Dette vil nok gi ei auke på kort sikt, men eg er meir usikker på om det får innverknad på besøket på lengre sikt. Folk gløymer nok filmen etter kvart, seier han.

På store dagar i sommar har Preikestolen hatt besøk av mellom 6000 og 7000 menneske.

Les også

På denne turisthytta er første ledige helg i november

Les også

Stor auke for turisthyttene

Les også

Her vaknar du til mektige Lysefjorden

Dårleg vêr

Sjølv om det også i år går oppover, er ikkje auka spesielt stor samanlikna med toppåra. Frå 2012 til 2013 var auka på 30.000 besøkande. Dette året hadde sherpaer frå Nepal rusta opp stien med steintrapper. Året før var auka på nesten 40.000.

– Vêret er nok den viktigaste grunnen til at vi ikkje har hatt fleire besøkande i år. Det er i alle fall vanskeleg å finne andre tydelege grunnar, seier Rake.

– Spesielt ved Kjerag har vi våre strenge og råda folk frå å gå når forholda har vore vanskelege. Det opplever vi at folk lyttar til. Dette gjeld truleg fleire tusen besøkande.

Det har ofte vore bra med besøk i september, både ved Kjerag og Preikestolen, men om tre-fire veker kan det kome snøfall ved Kjerag. Medan Preikestolen er 604 meter høg, ruver fjellmassivet Kjerag over tusen meter over havet.

– Sesongen for Preikestolen er langt frå slutt. Turen er etter mi meining ei enda flottare oppleving på hausten med den skarpe lufta, seier Rake.

Lysefjorden turisthytte som ligg innerst i fjorden, får besøk av mange som skal til Kjerag. I juni og juli overnatta 3.379 personar ved hytta, viser tal frå Stavanger Turistforening. Dei opplyser at det utan tvil ligg an til besøksrekord for fjellhyttene.

Turisthyttene i Rogaland har generelt hatt ei stor auke siste åra. I 2016 besøkte 22.882 personar turisthyttene i Rogaland, nesten 5000 fleire enn året før. Pågangen er blant grunnane til at Turistforeninga ved dei mest populære hyttene har opna for førehandsbooking i år.

Les også

På sin 3. kjøretur fra Kina til Norge, tok Wang Xudong med seg 21 campingbiler og over 40 pensjonister

Publisert:
  1. Lysefjorden Utvikling
  2. Stavanger Turistforening
  3. Kjerag
  4. Preikestolen
  5. Lysefjorden

Mest lest akkurat nå

  1. Flere forlater vaksinelokalet når de får vite at de skal få Moderna. Kommunen må også avbestille vaksiner

  2. Skuffet Lotte Miller: – Trist, men jeg får ta revansj en annen gang

  3. Dette skjer i OL tirsdag 27. juli

  4. Ropstad bekymret over porno-trend

  5. Farevarsel om styrtregn i Rogaland

  6. Simen endelig i mål etter å ha løpt Norge på langs