Sauda vil ha Ipad inn i skulane

I likhet med Strand kommune har alle partia i Sauda kome fram til eit felles budsjett.

Ordførar Asbjørn Birkeland i Allmannajuvet, som er ein av dei store turistattraksjonane langs Nasjonal Turistveg Ryfylke.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over tre år gammel

– Alle partia i kommunestyret blei enige om budsjettet for 2019. Senterpartiet og KrF er svært tilfreds med at me kan legga fram eit omforent budsjett i lag med Ap, SV og H for 2019. Eit felles budsjettvedtak gir retning og tryggleik for ein kommune i omstilling, uttalar ordførar Asbjørn Birkeland.

Partia er einige om satsing på:

  • Auka ramme for Oppvekst og Kultur samanligna med rådmannens framlegg.
  • Nytt uteområde i Rustå barnehage.
  • Styrka ungdomstilbod på Folkets Hus.
  • Reduksjonen formannskapet la inn på Helse og Omsorg er minimert til 350 000.
  • Nye gatelys i Hellandsbygd.
  • Ekstra fokus på medarbeidarar og styringskort.
  • Kommunen støttar Saudadagane tilsvarande Sauda Sentrumsutvikling i 2019.

I tillegg er partia enige i satsingane rådmannen la opp til:

  • Stort løft på næringsutvikling.
  • Styrking av arbeidet med vegutløysing mot E134
  • Meir institusjonsbasert eldreomsorg.
  • Arbeid med heiltidskultur
  • Ipad inn i skulane
  • Digitalisering i heile kommunen
  • Satsing på tidleg innsats, førebygging og folkehelse
Publisert: