Rogaland treng 700 fleire som Maren

For å innfri dagens pedagognorm, treng Rogaland 700 nye førskulelærarar. Blir framlegg til ny norm vedteken, treng me 600 til i fylgje tal frå utdanningsdirektøren.

Publisert: Publisert:

Maren Torkelsen jobber som førskolelærer i Emmaus barnehage i Stavanger. Foto: Marie von Krogh

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

I heile Norge er mangelen på førskulelærarar på 6000, og 8000 ekstra må dersom regjeringa går inn for tilrådinga frå barnehagelovutvalet (NOU 2012: 1 "Til barnets beste. Ny lovgivning om barnehagene").

Kvar tredje tilsette i barnehagen skal vera førskulelærar for å innfri gjeldande pedagognorm. Annankvar tilsett bør vera pedagog, tilrår dette utvalet.

— Og dette er i dag. Me kjem til å trengja endå mange fleire på grunn av at folkeveksten er så stor i dette fylket. Nye barnehagar blir bygde. Eit tredje problem er at ein del førskulelærarar går over i andre yrke. Et fjerde problem er for liten utdanningskapasitet, poengterer Sølvi Ona Gjul som er utdanningsdirektør i Rogaland. .

Skal gløda saman

Dette er bakgrunnen for at fylkesmannen i Rogaland har invitert alle kommunane i fylket pluss Utdanningsforbundet, Universitetet i Stavanger, Høgskulen Stord/Haugesund, NHO og LO i Rogaland og KS Rogaland til å bli med i eit samarbeid for å få gjort noko med rekrutteringskrisa. GLØD er namnet på det nye samarbeidsprosjektet som har tre mål:

Rekruttera fleire førskulelærarar barnehagelærarar heva kompetansen hos dei som alt arbeider i barnehagane, auka status og interesse for arbeid i barnehagen. Ei arbeidsgruppe er alt oppretta som har laga eit framlegg til handlingsplan.

Les også

Også ingeniørar treng barnehagar

Mellom tiltaka som her blir foreslått er:

Etablera "Rogalandstiltaket" med bustader, støtteordningar og reduksjon av studielån for barnehagelærarar.

20 nye heiltids studieplassar og 30 nye deltids studieplassar ved barnehagelærarutdanninga ved UiS.

20 nye studieplassar i barnehagepedagogikk ved UiS (dette er for personar med pedagogutdanning, f.eks barnevernspedagogar, lærarar eller førskulelærarar frå andre land som vil bli barnehagelærarar).

10 nye heiltids og 30 nye deltids studieplassar ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen Stord Haugesund.

Tilby etterutdanning og gode stipendordningar til assistentar i barnehagane.

Delta aktivt på yrkesmesser, utdanningsmesser, kampanjar. Får 13-19-åringar interesserte i yrket.

Engasjera sentrale aktørar i næringslivet som pådrivarar for å frå fram kor viktig det er med gode barnehagar.

Oppretta GLØD-kontaktar i kvar kommune og hos kvar av partane pluss ein GLØD-koordinator hos fylkesmannen.

"Sterke verkemiddel"

— Ein reinhaldar i Nordsjøen som er tilsett i eit operatørselskap har vel 688 698 kroner i årsløn. Korleis skal me greia å motivera ungdom til å arbeida i barnehage i ein slik situasjon? Det skal sterke verkemiddel til, særleg i dette fylket. Men me må ikkje gje opp, sa utdanningsdirektør Sølvi Ona Gjul på ei samling for desse partane i sist veke.

— Og dei som alt er i barnehagane, dei må me pleia og dyrka, poengterte utdanningsdirektøren.

Kvaliteten må opp

— Kommunane i Rogaland har vore flinke til å få på plass full barnehagedekning. Men nå må kvaliteten opp, og då er det meir kompetanse som trengs, sa utdanningsdirektøren.

Ho fekk full støtte av Elisabeth Ianke Mørkeseth, førstelektor ved Institutt for førskulelærarutdanning ved UiS. Ho meiner det er god grunn til å vera uroleg for kvaliteten så lenge fagfolka er i mindretal i barnehagen. Nasjonale tal frå 2007 viser at bare 32,4 prosent av barnehagepersonalet er førskulelærarar. 23,2 prosent hadde ikkje meir enn 9-årig grunnskule. I Aust-Berlin har alle som arbeider i barnehage tre års utdanning!

Stavanger

Stavanger er den kommunen som manglar flest: 100 styrarar og pedagogiske leiarar er på dispensasjon (har ikkje førskulelærarutdanning). Bystyret vedtok dessutan før jul at kommunen skal leggja til grunn den siste presiseringa departementet har gjort av pedagognorma: Det tyder at kommunen manglar 150 førskulelærarar. Hovedforklåringa på mangelen er den store utbygginga av nye barnehagar i perioden 2007-2011, bare den utgjer 110 stillingar, fortel barnehagesjef Rannveig Eriksen.

Fylkesoversikt

Så stor del av dei pedagogiske leiarane har godkjent utdanning:

Stavanger: 83,8 prosent

Sandnes: 72,8 prosent

Sola: 81,4 prosent

Randaberg: 88,5 prosent

Gjesdal: 67,7 prosent

Hå: 66,3 prosent

Time: 67 prosent

Klepp: 59,4 prosent

Bjerkreim: 85,7 prosent

Eigersund: 69,1 prosent

Rennesøy: 51,6 prosent

Strand: 54,5 prosent

Finnøy: 35 prosent

Forsand: 50 prosent

Hjelmeland: 65 prosent

Kvitsøy: 100 prosent

Suldal: 76,2 prosent

Lund: 68,4 prosent

Sokndal: 76,9

  • Ein reinhaldar i Nordsjøen som er tilsett i eit operatørselskap har vel 688 698 kroner i årsløn. Korleis skal me greia å motivera ungdom til å arbeida i barnehage i ein slik situasjon? Det skal sterke verkemiddel til, særleg i dette fylket.
Publisert:

Les også

  1. TIRSDAG MORGEN FØRSKOLELÆRERMANGEL SAK 2Også ingeniørar treng barnehagar

  2. Barnehagekvalitet like viktig som skolekvalitet

  3. Hva trenger de minste i barnehagen?

  4. Standarden skal opp i stavangerbarnehagen

  5. Frister sykepleiere og førskolelærere med leiligheter

  6. Kraftig lønnshopp for førskolelærere

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Bergingsbil rykket, men ble bedt om å snu – i mellomtiden vokste køene

  3. Mange fulgte klassisk flyperle hjem

  4. Tusenvis av skadde og mange døde i Beirut-eksplosjoner

  5. Cruiseskip i Lofoten isolerer passasjerene etter koronasmitte

  6. Dette stortalentet kan du høre i Stavanger denne uken - han bærer millioner i hendene

  1. Stavanger