Kva er ein alfahann?

Me har spurt eit knippe "vanlege folk" kva dei legg i ordet alfahann.

  • Heidi Hjorteland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

1. Kva kjenneteiknar ein alfahann, etter ditt syn?

2. Er det positivt eller negativt å vera alfahann?

3. Kan du nemna døme på alfahannar?

4. Er DU ein alfahann? (til mennene)

Ingebjørg Vik Laugaland (43):1. Alfahannar er ikkje noko eg tenkjer på særleg ofte, men kjenneteikn for meg vil vera ein naturleg og synleg leiar, med god utstråling. Ein som folk sjølv vel å lytte til og ha tillit til.

2. Dersom det er ekte, er det positivt.

3. Statsministeren vår.

Nils Moldøen (62):1. Dette er ikkje heilt mitt favorittuttrykk, men eg oppfattar alfahannen som ein som vil vera konge. Kanskje ikkje sjølvformulert, men han er van med å hausta respekt i alle samanhengar (kanskje med unntak av dottera).

2. Uttrykket er vel kanskje oppfatta som negativt. Det er neppe nokon som vil karakterisera seg sjølv som alfahann.

3. Det kunne eg nok, men trur namn vil vera provoserande. Eg tenkjer kanskje at nokre av dei mest framståande medlemmene i rogalandsavdelinga av Gutteklubben Grei kan ha ein slik posisjon.

4. Trur eg hadde flirt litt i skjegget om nokon oppfatta meg som alfahann.

Hanne Sundbø (54):1. Ein litt gamaldags mann som dyrkar urmaskuliniteten og gjerne vil leia og gjera inntrykk på damene ved å oppnå plassering på toppen i forskjellige hierarki.

2. I eit moderne, vestleg samfunn vil alfahannen sett litt på spissen kunna koma til kort og ikkje oppnå resultat korkje i jakta på moderne damer eller på andre felt. Alfahannen vil kanskje greie seg best i reine mannemiljø?

3. Amerikanske presidentar og presidentkandidatar ser ut som om dei må ha mange alfahann-eigenskapar for å vinna fram. Slik ser det i alle fall ut utanfrå. Filmheltar og romanheltar med enkle løysingar – musklar og gevær. Men nokre alfahoer finst og!

Gro Skartveit (47):1. Eit vanskeleg spørsmål sidan dette ikkje akkurat er eit mykje brukt omgrep. Men eg har forstått det slik at kjenneteikna på ein alfahann er at ein er leiar, ein naturleg leiar som har respekt, som er tydelig, men ikkje styrande eller dominerande. Mange leiarar er ikkje alfahannar, men alle alfahannar er leiarar.

2. Det er positivt med alfahannar!

3. Kjem diverre ikkje på nokon no.

Ivar Tangeraas (48):1. Kjenneteikn er etter mitt syn ein som er aktiv, initiativrik og får folk med seg, og gjennom det får gjennomført ideane sine og når måla han har sett seg.

2. Ikkje utelukkande positivt, men vanlegvis er dette folk med mykje energi som bidreg og får til mykje.

3. Bill Clinton er vel den mest utprega alfahannen eg kjem på. Erik Thorstvedt, Jostein Grindhaug og Gunnar Eiterjord er og folk eg kan tenkja meg passar inn i karakteristikken. Utan å nemna fleire namn så er det nok mange meir og mindre utprega alfahannar i både næringsliv og politikk her i fylket også.

4. Ikkje utprega trur eg, men ut frå svara i det første spørsmålet så er det kanskje nokre tendensar hjå meg også, ja, men dette er vanskeleg å bedømma sjølv.

Publisert:
  1. Nytte

Mest lest akkurat nå

  1. Energisjokket: 7–8 tomatbønder gir opp – andre bytter til fyring med propan

  2. Den mest kunnskapsrike vi kjente

  3. TV 2: Planlegger for lettelser: – Kan bli slutten på karantene

  4. I kveld ble Erling Braut Haaland historisk

  5. Lillebror er sjefen over storebror: – Jeg får skylden om ting går til helsike

  6. Elsparke­syklist døde etter ulykke – navnet er frigitt