Mjølkebonden Nils kritiserer kvotespekulantar

– Leige av mjølkekvoter er pengar rett ut av produksjonsnæringa, seier Nils Are Hatteland. Storbonden produserer 800.000 liter mjølk årleg, om lag halvparten på leigd kvote, og ønskjer leigeordninga avvikla.

Nils Are Hatteland har om lag 100 mjølkekyr, og har kapasitet til endå fleire. Han ønskjer seg eit kvotetak på 1,2 millionar liter og ein slutt på utleige av kvoter.
  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Eg veit eg trør på eit sårt punkt, og kanskje ville eg tenkt sånn sjølv om eg hadde vore utleigar, men eg må tenkja på driftsapparatet.

Hatteland er budd på sterke reaksjonar frå andre jærbønder, på utspelet. Hans råd nummer éin til den sitjande landbruksministeren, er å innføra ei grense på maks 5 år for kvoteutleige, og ein slutt på passiv samdrift.

– Sånn som mjølkekvoter er blitt, er det reine investeringsobjekt. Folk som sit på kvoter og som har selt jorda, har ingenting med landbruk å gjera.

Måndag er det stormøtet om bøndenes tilhøve. Me viser møtet direkte frå klokka 19.00.

Utleige er lite regulert

Utan å nemna namn, kritiserer Hatteland tidlegare mjølkebønder på Jæren, som tener pengar på kvoteutleige sjølv etter dei har lagt ned drifta.

Berre i Rogaland er det 518 utleigeforhold og 732 leigetakarforhold, med eit omfang på 52,4 millionar liter mjølk, viser 2016-tal frå Landbruksdirektoratet. Totalt disponerer fylket kvoter på 292 millionar liter. I Hå kommune, der Nils Are Hatteland bur, har 67 landbrukseigedommar leigd ut mjølkekvote.

Kvoteleige er i liten grad regulert i gjeldande forskrift, opplyser direktoratet på sine nettsider. Eigarar av landbrukseigedom med kvote, kan leiga ut til bønder i same mjølkeregion. Ved utskiljing og sal av tomter blir spørsmålet kva som er rekna som landbrukseigedom, noko forskrifta ikkje regulerer.

Ønskjer større kvoter

Samdrifta Nils Are Hatteland var del av, vart avvikla 1. januar. Garden hans på Kvia har om lag 100 mjølkekyr og ei kvote ikkje langt unna taket på 900.000 liter. Det taket vil han helst ha heva, til 1,2 millionar liter, for å utnytta kapasiteten.

– Eg er lei av alle dei som skriv om «industrilandbruk», me har ingenting som kjem i nærleiken av det i Norge, meiner Hatteland, som viser til at snittet på danske bruk er på 160 mjølkekyr, og kallar eigen gard for «hobbybruk» i forhold.

Les også

Nils Are Hatteland i 2014, om dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug og striden om storleiken på mjølkekvoter

Han etterlyser ei erkjenning av at sentralisering av mjølkeproduksjon er noko som går av seg sjølv. Delvis på grunn av korleis Tine-meieriet driv, og delvis på grunn av skjerpa reglar til driftsbygningar.

– Det sviv rundt, dei siste to åra har vore bra: gode prisar på varene, vêr og vind har vore bra, og rentenivået har vore lågt, seier mjølkebonden Nils Are Hatteland.

Krev investeringsvilje

– Det blir større og større krav til lausdrift, på grunn av dyrevelferd. Det vil ikkje vera nok med 10–15 årskyr for å dekkja byggjekostnadene, seier Hatteland, som vil vri produksjonsstøtta mot større, framtidsretta gardar.

Sjølv meiner han at Stavanger-regionen er blitt nedprioritert av Innovasjon Norge, fordi jærbøndene har vore villige til å ta på seg privat risiko.

– Når du er ung og har lite vet, er du ikkje redd for å låna store pengar, seier Hatteland, som mellom anna har bygt nytt lausdriftsfjøs, grisehus og rehabilitert den gamle driftsbygningen, sidan tok over garden i 2005.

Til tider har likviditeten vore ganske stressa, særleg då mjølkefjøset var nytt og buskapen og produksjonen enno ikkje var bygt opp. Først om 20 år reknar han å vera nede på eit «komfortabelt» gjeldsnivå. Då er mjølkebonden runda 50 år, som er tidspunktet han vurderer å byta ut mjølkekyr med ammekyr.

På Kvia er det om lag 100 mjølkekyr, 2000 svin årleg, 300 ungdyr (oksar og kviger) og 180 vinterfôra sau.
Publisert:
  1. Jæren
  2. Landbruk
  3. Tine
  4. Innovasjon Norge

Mest lest akkurat nå

  1. Viking dropper sesongkort – innfører helt ny ordning

  2. Derfor vil de ikke vaksinere seg

  3. Nord-Jæren: 119 nye smittetilfeller

  4. 400 kan miste jobben i Seadrill

  5. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  6. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere.