Jervespor sett i Suldal

I går såg ein rypejeger ganske ferske jervespor i snøen oppe under Kallefjell ved Grønenuten i Bråtveitheia i Øvre Suldal.

Publisert: Publisert:
  • Stavanger Aftenblad
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Leiar for skadefellingslaget for jerven, Arve Aahus er glad for alle observasjonar som blir melde inn. Ifølgje Aarhus har jerven kverna rundt i dette området i lange tider. Han tykkjer det er bra med sporsnø, fordi dette gir ein annan dokumentasjon av jervens nærvær, enn berre døde lam.

Han fortel at fleire bønder saknar lam, og somme funn av daude lam, tyder på at jerven har vore på ferde.

Det blir førebels ikkje aktuelt for skadefellingslaget å tre i aksjon. Skal det skje, må det oppstå ein akutt skadesituasjon i stort omfang , og jerveåtaka bør ikkje ha funne stad for altfor lenge sidan.

Ifølgje Aarhus er jerven ikkje enkel å fella. Ofte er det reine tilfeldigheter som spelar inn. Når reinsdyrjakta er slutt 1. oktober minkar mulighetene endå meir, påpeiker han.

Lisensjakta for jerv varer til februar neste år. Denne sesongen er det gitt løyve for felling av totalt fem jervar i den sona Rogaland soknar til. Statens Naturoppsyn kan trø til dersom jerveplaga blir ille.

Dei har lov å bruka både snøskuter og helikopter i jervejakta.

Nils Ivar Aarhus frå Bråtveit som mottok bileta av jervespora seier at det er svært vanskeleg å gå i høgheia nå. 10-15 centimeter snø gjer at det er vanskeleg å unngå holer og søkk i landskapet. Dessutan er dagane blitt merkbart kortare, påpeiker han.

Leiar i Rogaland sau og geit, Magne Jakob Bjørheim, gjekk i sist veke ut med ei oppmoding til alle godkjende jegerar om å melda seg til lisensjakt på jerv.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann fra Rogaland vant 46,8 millioner kroner

  2. Viking-treneren var forbannet. Nå hever han en advarende pekefinger

  3. Tidligere rallykjører fra Stavanger selger sjelden bil for 7,5 mill.

  4. - Kjempegenialt. Terningkast 5!

  5. Viking ble ydmyket: – Det er pissdårlig

  6. «Det er trygt å reise til Italia.Spørsmålet er heller om det er like trygt i Norge»

  1. Ryfylke