– Alfa og omega for å lukkast med Nye Stavanger

I Nye Stavanger skal Finnøy og Rennesøy ha eigne kommunedelsutval. At desse får bestemma over dei nære tinga som tyder mykje for folk, blir avgjerande for kor godt me skal lukkast med kommunesamanslåinga, seier Odd Bleie (Sp), varaordførar i Finnøy.

Odd Bleie (Sp) er varaordførar i Finnøy og medlem i det utvalet som styrer samanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger. Foto: Rune Vandvik

  • Margunn Ueland
    Margunn Ueland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det blir alfa og omega, sa han til Aftenbladet etter møtet i fellesnemdas arbeidsutval på torsdag. Det er dei ni politikarane i dette utvalet som er tettast på arbeidet med samanslåinga av Stavanger, Finnøy og Rennesøy. (Sjå faktaboks lenger nede på sida).

– Utruleg viktig

Det er ikkje bare Finnøy og Rennesøy som skal ha kommunedelsutval med 11 medlemmer. Det skal også Stavanger som i dag har sju bydelsutval (Tasta, Hinna, Hillevåg. Storhaug, Eiganes og Våland, Madla, Hundvåg).

- Me skal få til kommunedelsutvalg/bydelsutvalg som fungerer godt. Det er viktig, sa Bjørg Tysdal Moe (KrF), varaordførar i Stavanger.

Frå torsdagens møte i arbeidsutvalet: Ved bordenden: Christine Sagen Helgø. Ved sida sit rådmann Per Kristian Vareide og dei seks politikarane frå Finnøy og Rennesøy: Jostein Eiane, Elin Schanche, Tor B. Harestad, Henrik Halleland, Odd Bleie, Gro Skartveit. Med ryggen til frå høgre: Bjørg Tysdal Moe, Kari Nessa Nordtun og Anne-Mai N. Luhr frå poltitisk sekkretariat i Stavanger. Foto: Rune Vandvik

– Lokaldemokrati er utruleg viktig. Det er dette som det har blitt stilt mest spørsmål med i Finnøy. Folk er spente på korleis dette blir, kva oppgåver desse kommunedelutvala skal ha, sa Henrik Halleland (KrF) ordførar i Finnøy.

Lokaldemokrati er utruleg viktig. Det er dette som det har blitt stilt mest spørsmål med i Finnøy. Folk er spente på korleis dette blir, kva oppgåver desse kommunedelutvala skal ha.

- Kommunedelsutvala blir også viktig for Stavanger, sa ordførar Christine Sagen Helgø (H).

Henrik Halleland (KrF) er ordførar i Finnøy. Foto: Rune Vandvik

3 spørsmål

Dette må avklarast:

1. Kor mange kommunedelsutval skal der vera i Nye Stavanger og kva blir den geografiske inndelinga?

2. Kva skal kommunedelsutvala bestemma over?

3. Skal kommunedelsutvala på Finnøy og Rennesøy får andre og/eller utvida fullmakter samanlikna med dei i det som nå er Stavanger kommune?

Leiar for samanslåingsprosessen, rådmann Per Kristian Vareide sitt framlegg var at ein skal bruka heile 2018 på å finna ut av dette. Poltikarane var samde i at det var viktig å gå grundig til verks.

Finnøy har 3200 innbyggjarar, Rennesøy har 4.900. Hundvåg har 13.217, Tasta 15.379, Storhaug 16.544, Hillevåg 19.681, Madla 21.234, Hinna 22.581, Eiganes/Våland 23.616.

Elin Schanche (H), Rennesøy. Foto: Rune Vandvik

– Treng ikkje vera likt

– Det er ikkje sikkert me treng å gjera det likt for alle utvala. Og me treng ikkje gjera alt slik som det har vore gjort før, sa Christine Sagen Helgø (H) frå Stavanger.

Elin Schanche (H) sa Rennesøy var interessert i at kommunedelsutvalet for Rennesøy skulle få bestemma over arealutvikling.

Jostein Eiane (KrF), varaordførar i Rennesøy. Foto: Rune Vandvik

Varaordførar Jostein Eiane (KrF) frå Rennesøy peika på ein del viktige skilnader mellom Rennesøy og Stavanger som han meinte måtte få innverknad på kva kommunedelsutvala skal avgjera:

– I Stavanger er mest alt regulert, slik er det ikkje i Rennesøy. I Rennesøy ligg også mykje av areala i strandsona, påpeika han. Eiane meinte også det kunne vera interessant med ei prøveordning.

Gro Skartveit (V), Finnøy. Foto: Rune Vandvik

Meir til dei minste?

– Kanskje det skal leggjast meir til kommunedelsutvala i dei små kommunane, sa Gro Skartveit (V) frå Finnøy.

Kva då og kvifor? spurde Aftenbladet Finnøydelegasjonen etter møtet. Det var då Odd Bleie svara at det var alfa og omega å få bestemma over nære ting som kor folk skal få byggja. I Finnøy handlar det ofte om å få dispensjasjonar, få lov til å byggja i såkalla NLF-område (natur-landbruk-friluftsliv-område).

Ordførar Henrik Halleland (KrF) seier seg langt på veg einig, men legg til at «me må passa på at me ikkje lagar ein kommune i den nye kommunen.»

– Kva er døme på nære ting som tyder mykje for folk på Finnøy som bør delegerast til eit kommunedelsutval?

– Midlar til kulturliv og friviljuge lag - slike ting kan delegerast. Skulestruktur er ofte eit tema: Eg veit ikkje kor mykje som kan delegerast til eit kommunedelsutval, men me ynsker i alle fall å ha ei hand på rattet. Ferjeruter og hurtigbåtar er viktig, dette er fylkeskommunens ansvar, svarar Halleland.

Koss det blir til slutt, er det Fellesnemda som skal avgjera. Denne er samansett av 33 folkevalde frå dei tre kommunane, 19 frå Stavanger, sju frå Finnøy og sju frå Rennesøy.

Kommunestyre og hovedutval

At det nye kommunestyret skal ha 67 representantar og formannskapet 19, er alt slått fast i intensjonsavtalen (som dei tre kommunane inngjekk då det vart bestemt at dei skulle slå seg saman).

Men kva andre styrer/hovedutval den nye kommunen skal ha, må avklarast.

Prosjektleiar Per Kristian Vareide sitt førebelse framlegg er desse fire:

  • Utval for levekår
  • Utval for oppvekst
  • Utval for kultur- og samfunnsutvikling
  • Utval for miljø og tekniske saker, eventuelt samfunnstenester.

Christine Sagen Helgø (H) sa at ho kunne tenkja seg seks utval (slik som Stavanger har i dag, red.anm). Då får ein fleire folkevalde med og ein unngår at det blir for store oppgåver på kvart utval, grunngav ho det med.

Ho bad dei andre tenkja på det fram til neste møte den 2. november.

Les også

  1. Slik vil han skape Nye Stavanger

  2. Ingen skal miste jobben når Finnøy, Rennesøy og Stavanger slås sammen

  3. Vedtatt: Den nye storkommunen skal hete Stavanger

  4. Mistillitsforslag mot Rennesøy-ordføreren

Publisert:
  1. Nye Stavanger kommune
  2. Finnøy kommune
  3. Rennesøy kommune
  4. Christine Sagen Helgø
  5. Henrik Halleland

Mest lest akkurat nå

  1. Bevæpnet politi søker etter navngitt person

  2. Regje­ringen vil gi flere vaksiner til regioner med høyt smitte­trykk

  3. To mindreårige gutter siktet etter knivstikking på Revheim

  4. Nytt suverent Johaug-gull: – Det beste løpet mitt

  5. Ny nedtur i Vikings spillerjakt

  6. – En sterkere og mer eksplosiv reise enn sesong én