Då stormen truga, ville dei risikera straff for å berga skipsvraket

– Vi gjer dette for å ta vare på historia og berga vraket, og får ta straffa seinare, skreiv Jan Wiig til Aftenbladet. Han og Anders Haver var klare for å redda vraket på Holmasanden – sjølv utan godkjenning.

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

– Eg var redd skipet var forsvunne i løpet av natta, seier vrakentusiasten Jan Wiig, medan han vaklar i vinden og prøver å finna ein veg ned for den store traktoren.

Skråninga er for bratt og elva for vid, og han køyrer av garde for å prøva å koma til frå ein annan kant. Arbeidarar frå Jærmuseet og frivillige entusiastar, leidde av Wiig og Anders Haver, har knapt med tid.

Vraket som kom med den førre stormen, er i ferd å forsvinna med onsdagens grisevêr. Etter meldingar om vrakplyndring har politiet sperra av med band, men banda blir ikkje respekterte av sjøen, som sleikar vraket med kvite bølgjetunger.

Då bergingsaksjonen skulle starta, var sjøen nådd heilt opp til vraket.

Førebudde på sivil ulydnad

– For å berga vraket på Ogna, på grunn av stormflo i morgon, stiller Anders Haver og eg med traktor på stranda. Dette uavhengig av løyve fra kommune og fylke. Vi gjer dette for å ta vare på historia og berga vraket, og får ta straffa seinare.

Det skreiv Wiig i ein SMS til Aftenbladet. Utover tysdag kveld vart vêret dårlegare, og dei var villige til å gå drastisk til verks viss ikkje dei nødvendige godkjenningane kom på plass i tide.

– Det er ikkje nokon sivil ulydnad, det er jo eigentleg ein nødverjesituasjon. Det nyttar ikkje å sitja etterpå og seia at «det skulle me ha gjort». Me må handla når me kan, det må alle som tenkjer litt normalt forstå, seier Wiig.

Anders Haver og Jan Wiig ved skipsvraket som kom til syne med den førre stormen.
Les også

Trur vraket kan vera frå «Magdalena Christina», som havarerte i 1852

I siste liten

Sandkorna fyk over 20 meter i sekundet, og regelrett piskar andletet til dei oljehyrekledde menneska på Holmasanden. Traktoren har teke ein omveg, og kjem i siste liten.

– Operasjonen var veldig vindfull. Me kom seinare i gong enn me hadde håpt på, så vatnet var kome veldig høgt opp, seier Fredrik Motland Kirkemo.

Han var med på bergingsaksjonen, og var ikkje redd for at vraket skulle bli skada av å bli frakta.

– Nei, viss det hadde lege mykje lenger, så hadde det truleg gått på sjøen igjen.

Sjøen var nådd heilt opp til skipsvraket då traktoren kom. Terrenget var kupert og vraket måtte leggjast ned, for at traktoren kunne køyra av stranda.

Aksepterer ikkje cowboyar

– Det er veldig viktig ikkje å vera cowboy, og halda seg roleg og handla fort når det trengst. Det måtte ein gjera i dag, då ekstremvêret kom. Då må det offentlege handla fort, det har me gjort, og det er eg veldig imponert over.

Kulturvernleiar i Hå, Eva Watne, seier at dei jobba gjennom kvelden og frå seks om morgonen. Dei var i dialog med Jærmuseet og Stavanger Maritime Museum, som fekk ordna løyve frå fylkesmannen allereie før klokka var blitt åtte.

– Alle godkjenningar var på plass, og då er det eigentleg ganske enkelt å setja ting i gong.

Watne ønskjer først ikkje å kommentera SMS-en frå Jan Wiig, men seier likevel:

– Det gjeld ikkje å køyra med traktoren for fort, rett og slett. Det kan øydeleggja meir enn det som blir berga, og då er det like håplaust. Men alt gjekk godt.

Jærmuseet er på ballen

I ly for den verste vinden blir vraket sett på lasteplanet på ein ventande bil, og etter litt improvisering med pallar og plankar, er aksjonen over.

Lastebilen høyrer til Jærmuseet, og førebels endestasjon er Vitengarden. Direktør Målfrid Snørteland var med under heile operasjonen, og legg ikkje skjul på at det skal bli spanande å få vraket til Kvia.

- For oss var det viktig å få skipet på land og i hus, på eitt eller anna vis. Det er ein del konserveringsutfordringar ved det, men for oss er det ikkje minst historiene som er knytte til eit slikt vrak, som er viktige å fortelja.

Stavanger Maritime Museum har forvaltningsansvaret for skipsvrak, men det er ikkje utenkjeleg at vraket blir verande på Jæren.

– Me har eit redningsmuseum på Varden, som fortel om redningshistoria på Jæren, og dette vil jo vera eit viktig supplement til den historia, seier Snørteland.

Publisert:
  1. Jærmuseet
  2. Jæren
  3. Arkeologi

Mest lest akkurat nå

  1. På papiret var alt i orden. Bak hyttefasaden skjulte det seg underbetaling, falske timelister og livsfarlige arbeidsforhold

  2. Slåsskamp inne i togvogn

  3. Smittevernoverlege: – Kan bli en fin vår og sommer, men ny bølge til høsten

  4. Staten kan ikke betale for alt

  5. Borgli testet banesykling: - Hjelmen knuste momentant

  6. Omsider får denne mannen en gate oppkalt etter seg