Stor auke for turisthyttene

I 2016 besøkte 22.882 personar turisthyttene i Rogaland, nesten 5000 fleire enn året før. - Folk planlegg betre, men er meir spontane, seier leiar i Norsk Friluftsliv.

Belgiske Kevin De Roeck og Sarah Renault besøker Skåpet, den mest populære turisthytta i Rogaland.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Vi er klare for storinnrykk og blir ikkje overraska om talet går oppover også i år, seier Henriette Gill, kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger Turistforening.

Dei siste åra har besøkstalet stige jamt, men frå 2015 til 2016 er auka spesielt stor.

Slik er utviklinga:

2016: 22.882

2015: 18.143

2014: 16.622

2013: 16.809

2012: 15.307

Fordi folk har etterspurt førehandsbooking, har dei nyleg starta med dette i dei mest populære hyttene: Skåpet, Jonstølen, Sandsa, Viglesdalen, Sandvatn og Blåfjellenden.

– I 2016 starta vi ei prøveordning og skal no gradvis innføre førehandsbooking. På sikt skal alle våre 45 hytter inn i systemet. Vi merkar at folk i større grad ynskjer å planlegge turane sine. Samtidig skal alle hytter ha sengeplass til folk som ikkje har bestilt, seier Gill. Dei har ikkje system med venteliste.

Den store pågangen gjer at Turistforeninga no har behov for fleire hytteverter, mellom anna i Skåpet. Vertene skal mellom anna sørge for at der er reint og fint og svare på det dei besøkande lurer på.

– I fellesferien har vi faste hytteverter i dei mest populære sjølvbetjente hyttene, men i år treng vi verter både i vekedagane og helgane til og med veke 27, og deretter frå veke 33 og utover hausten, seier Gill.

Les også

På denne turisthytta er første ledige helg i november

Vil ha komfort

Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, opplever at folk både har blitt meir spontane og samtidig planlegg turane betre.

– Krava til komfort er større, og mange er difor opptekne av å vite at dei får ein god plass å sove. Samtidig fører krava til komfort til at mange har blitt meir spontane. Ein legg opp turen etter vêrmeldignane og bestem seg først når det nærmar seg.

– Det har blitt kult å gå i fjellet. Tidlegare var det mest godt vaksne på DNT- hyttene, men no er det overraskande mange unge. Kanskje kan det tolkast som ein antikultur til det presset og stresset som mange unge opplever, seier Heimdal.

Forskar Margrete Skår ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) trur turisthytte- trenden kjem av at folk treng avkopling frå stress.

– Det er nok eit resultat av at folk har behov for aktive feriar, ikkje minst fordi fleire og fleire har stillesitjande arbeid, seier ho.

Ho ser trendar i friluftslivet saman med samfunnsutviklinga. Mellom anna meiner ho individualisering og velstandsutvikling kjem til uttrykk i at fleire ønsker å teste nye ting som til dømes terrengsykling og kajakkpadling.

– Vi vil ikkje berre vere like, men vil vise oss fram som individ og vise fram at vi har god helse. Det viser att i sosiale medium.

Reiser midt i veka

Ifølgje Gill er det dei nyaste og dei mest tilgjengelege hyttene som slår best an. Ved den aller mest populære turisthytta, Skåpet, er kvar helg fullbooka til november. Ifølgje Gill er det eit spesielt tilfelle.

– Turen er lettgått og tek berre ein god time, så vi opplever at mange reiser midt i veka og dreg på jobb dagen etter. Vi opna august i fjor hadde til saman nærmare 1500 besøkande. Til samanlikning hadde Kvitlen, ein av våre mest besøkte hytter, i overkant av 2000 i heile 2016, seier ho.

Også på landsbasis har det vore ei auke. I fjor besøkte 442.913 personar turisthyttene, 33.203 fleire enn året før. I 2016 hadde organisasjonen 290 790 medlem, 20.540 fleire enn i 2015.

Publisert:
  1. Stavanger Turistforening
  2. Stavanger
  3. Rogaland
  4. Friluftsliv
  5. Trend

Mest lest akkurat nå

  1. 46-åring omkom i klem­ulykke på Moi – navnet er frigitt

  2. Dette er de nye omikron-tiltakene

  3. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  4. Aslak tjener 450 millioner på salg av mølle

  5. Studio A: Mener bråket i Kristiansund kan være bra for Viking

  6. Enighet i budsjett­forhandlingene