Suldal slepp å møta oppsagt helsesjef i retten

Tidlegare helsesjef i Suldal, Anita Lind, blei oppsagt på dagen i fjor vår då kommunen fekk vita at ho hadde juksa med fleire vitnemål og karakterar.

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

Lind hadde stevna kommunen for retten for usakleg oppseiing og partane skulle etter planen ha møtt kvarandre i Haugaland tingrett måndag og tysdag komande veke.

Det blir det ikkje noko av, sidan den tidlegare helsesjefen hennar og advokat Per Danielsen bad om forlik i saka. Det betyr at Lind kostar kommunen sine advokatutgifter i saka. I følgje Suldalsposten dreier dette seg om 20.000 kroner.

Men saka er ikkje ute av verda av den grunn. Både Suldal kommune, Øygarden kommune, Høgskulen Stord Haugesund, Høyskolen i Bergen og Universitetet i Bergen har meldt kvinna til politiet for dokumentfalsk.

Alle vitnemål fiksa på

Kvinna har forfalska karakterutskrifter frå alle dei utdanningsinstitusjonane som har meldt henne til politiet. Ingen av vitnemåla ho sende til Suldal kommune er heilt korrekte. Tre av studia ho hevda å ha, blei aldri fullførte, blant desse jordmor — og helsesøsterutdanning.

Den einaste fullførte utdanninga Lind skal ha er sjukepleiarutdanning frå sykepleiarhøgskolen i Haugesund. Også her har ho endra på karakterar.

I Øygarden kommune arbeidde Anita Lind som leiande helsesøster. Kollegaer der reagerte på korleis ho utførte delar av arbeidet sitt. Det blei sett i gong ein prosess som enda med at ho slutta i jobben, Avslørt blei ho først då Høgskolen i Bergen ringde kommunen etter at ho hadde slutta. Også i Suldal utførte ho enkelte helsesøsteroppgåver, men ifølgje rådmann Siri Fahlvik Pettersen har det aldri vore fare for liv og helse.

- Kvifor har Suldal kommune site heilt i ro i denne saka og lete ein person som har forfalska vitnemål saksøka kommunen for usakleg oppseiing. Kvifor saksøker ikkje Suldal ein person som har juksa?

— Me har meldt kvinna til politiet med ønskje om at ho blir etterforska og dømd, så me har absolutt gjort noko. Elles måtte kommunen reist ei erstatningssak, men på kva grunnlag? Me har ikkje gitt henne utdanningsstipend eller andre ytingar som me har krav på å få tilbake. Men me altså har meldt dokumentfalsket til politiet, seier rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

Ikkje lett å oppdaga

- Har de gode nok rutinar på sjekk av vitnemål?

— Ja, det har me. Jobbsøkjarar skal alltid leggja fram originalvitnemål under intervju, men på grunn av ein rutinesvikt blei ikkje det gjort i akkurat denne saka, diverre, seier Pettersen.

Ho legg til at det ikkje er sikkert om forfalskinga ville blitt oppdaga då heller.

— Me er jo komme eit stykke forbi kopimaskinalderen, minner ho om.

Fahlvik Pettersen seier at kommunen naturleg nok er endå meir på alerten etter Lind-saka. Spesielt folk som skal arbeida med liv og helse blir gådde ekstra nøye etter i saumane, og ein sjekkar alltid at autorisasjonane er på plass. Men ein har ikkje kapasitet til å ringja alle utdaninngsinstitusjonar som står oppførte på arbeidssøkjarane sine vitnemål, så til ei viss grad blir tilsetjingar eit spørsmål om tillit, påpeiker rådmannen i Suldal.

Anita Lind arbeidde også ein kort periode som leiar av Sivdammen sykehjem i Time, men her slutta ho etter kort tid sidan ho fekk helsesjefjobben i Suldal.

Lind hadde eigentleg sjølv sagt opp sjefsjobben i Suldal og var inne i oppseiingstida då Suldal kommune fekk ein telefon frå Øygarden kommune om at Lind var meldt til politiet av Høyskolen i Bergen. Like etter blei Lind sagt opp på dagen.

Politi og Helsetilsyn

Politiadvokat Bård Njøsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har fått inn dei to sakene frå Suldal kommune og Høgskolen Stord Haugesund, men vil no senda sakene til ein politiadvokat i Bergen som skal sjå på alle sakene samla. Dei fleste anmeldingane kjem jo frå partar i Hordaland, påpeiker Njøten.

Han reknar med det vil ta ei stund før påtalemakta får tatt stilling til om det er grunnlag for å ta ut tiltale eller ikkje.

Dokumentfalsk har normalt ei strafferame på bøter eller fengsel inntil to år, fortel Njøten. Dreier det seg om offentlege dokument, er strafferamma fengsel i inntil fire år.

Helsetilsynet arbeider også med Lind-saka, men også her kan det dryga noko før ein er klar med ei avgjerd, får Aftenbladet opplyst frå presseansvarleg.

Tidlegare helsesjef i Suldal kommune hadde juksa med alle vitnemåla sine. - Kommunen er naturleg nok ekstra på vakt i tilsetjingsprosessar no, fortel rådmann Siri Fahlvik Pettersen. Kommunen har meldt kvinna til politiet for dokumentfalsk.
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren om Braut Haaland-hyllesten: – Det var denne måten det måtte skje på

  2. Forsker har ikke funnet tegn til planten på fem år

  3. Tok storseier på Øster Hus Arena - spiller måtte til sykehus

  4. Mauldin fortsetter i Oilers

  5. Strømsmell for Helgø Meny – tapte 14 millioner i fjor

  6. Drapet i Nilsabakken: Trekker anke etter drapsdom