SUS har funne skabb på fleire mobildeksel

Stavanger Universitetssjukehus har funne levande skabb på mobilar. Dei trur dette kan bety at skabben lever lenger enn ein før har trudd. Fleire apotek har vore tomme for medisinar.

Publisert: Publisert:

Etter at dei same pasientane kom tilbake gjentekne gongar, bestemte legane seg for å ta prøver av mobilane. På skjermen har Thomas Ternowitz, professor og avdelingssjef ved SUS si hudavdeling, prøver av skabb funne på eit mobildeksel. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist

Thomas Ternowitz, professor og avdelingssjef ved SUS si hudavdeling, lener seg over eit mikroskop.

Under lupa ligg ein teipbit med bittesmå prikkar. Prikkane er skabbmidd som dei for eit par dagar sidan fann på ein mobil. Til no har dei funne skabbmidden på to mobiltelefonar. No tar dei prøver av mobilane til alle skabb-pasientar.

– Det alle har trudd til no, er at skaddmidden trenger menneskeleg hudkontakt for å overleve, og at dei vil døy relativt fort om dei ikkje lenger har dette. Skabben vi har funne på mobilane, var levande. Då kan det tyde på at skabben lever lenger utan hudkontakt enn ein før har trudd.

SUS tar prøver av mobilane til alle skabb-pasientar. Då festar dei ein teip-bit til mobilen, og i to tilfeller har skabb festa seg til teipen. Foto: Fredrik Refvem

Smitta mange gongar

Hudsjukdommen skabb skuldast parasitten skabbmidd som grev gangar i det øverste laget av huda og legg egg der. Kroppen reagerer allergisk med intens kløe og raude utslett.

Det er i hovudsak unge mennesker, frå 18 til 30 år, som oppsøker SUS med skabb no. Og fleire kjem tilbake mange gongar. Dette til trass for at dei har fått dobbel dose av den sterkaset medisinen, tablettane Stromectol, og at dei først var blitt friske.

– Teorien vår er at pasientar som har blitt friske, gløymer å desinfisere mobilane sine, eventuelt andre bruksgjenstandar, seier Ternowitz.

Dermed blir dei på ny smitta fordi dei ikkje har kvitta seg med smittekjelda.

Skabb smittar ved hudkontakt, ofte i familier eller ved seksuell kontakt. I enkelte tilfelle kan det smitte frå kle, stoffmøblar eller bruksgjenstandar. Det trengs ifølgje Folkehelseinstituttet nær hudkontakt i minst 15 minutt for at skabben skal smitte.

– Ein held gjerne mobilar inntil huda lenge, ungdommar kan jo snakke timevis i telefonen. Men i teorien kan midden spreie seg frå alle gjenstander ein held lenge, til dømes eit bilratt.

Tomt for medisinar

Aftenbladet skreiv måndag at SUS dei siste seks månadane har tatt imot fem-seks skabbpasientar i veka. Det normale er ein eller to pasientar i månaden.

Statens legemiddelverk har den siste tida fått meldingar om store skabb-utbrot i Nord-Norge, Oslo og Stavanger.

– Fleire apotekkjeder har hatt mangel på medisinen Stromectol, men dette ser ut til å vere forbigåande. To av dei tre legemiddelgrossistane har fått Stromectol tilbake på lager. Den tredje får forsyningar neste veke, seier medisinsk fagdirektør, Steinar Madsen.

Ferske tal viser ei enorm auke i salet av Stromectol:

Medan det i 2018 blei selt 1736 pakkar, er det rapportert at det er selt 10319 pakkar i 2019.

Statens Legemiddelverk fryktar det har utvikla seg behandlingsresistens mot skabb-medisinen Nix som er førstevalet i behandling, og at dette kan forklare den enorme auka i dei langt sterkare tablettane.

– Vi håper å få sett i gang ei større undersøking for å finne ut om det kan vere behandlingsresistent mot Nix, seier Madsen.

Internasjonalt er det rapportert om at skabb i aukande grad er behandlingsresistent, men i Norge er dette foreløpig ikkje registrert.

Ei oversikt frå Folkehelseinstituttet (ekstern lenke) viser at talet personar som har oppsøkt lege på grunn av hudinfeksjonen, auka frå om lag 2000 i 2012 til 6000 i 2018. Auka skjer i størst grad blant unge i alderen 15 til 29 år.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  5. Sjekk denne perlen fra Viking-spilleren: – Jeg bare la den i hjørnet

  6. De lo av den trange T-skjorten og den enorme pyjamasbuksen

  1. Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  2. Folkehelseinstituttet
  3. Sykdom
  4. Mobiler
  5. Familie