Ingen fullvaksinerte personar utan andre sjukdommar på respirator hos Helse Vest

I november og desember 2021 har det ikkje vore nokre fullvaksinerte pasientar utan underliggjande sjukdommar som har trengt respiratorbehandling for covid-19 ved intensiveiningane på sjukehusa i Helse Vest.

Stavanger universitetssjukehus. Ingen friske, fullvaksinerte personar har måtta få respirator-behandling på SUS i november og desember.
Publisert: Publisert:

Det viser nye tal som leggjast fram i ei pressemelding frå Helse Vest:

Under åtte prosent av vaksne i Norge er ikkje vaksinerte mot covid-19. Samtidig viser nye tal at denne gruppa er overrepresentert blant dei sjukaste på intensiveiningane på sjukehusa i Helse Vest.

  • I november og desember 2021 var 27 av 38 pasientar (71 prosent), som måtte ha respiratorbehandling på intensiveiningane ved sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sjukehus, uvaksinerte.
  • Elleve pasientar (29 prosent) var vaksinerte.
  • Av dei var åtte pasientar (21 prosent) immunsupprimerte, og dei siste tre pasientane (åtte prosent) hadde risikofaktorar for å utvikle alvorleg covid-19 sjukdom.

Friske i dagleglivet

Stig Gjerde, leiar av Regionalt intensivnettverk i Helse Vest og seksjonsoverlege ved intensivmedisinsk seksjon på Haukeland universitetssjukehus, seier dei fleste av de uvaksinerte som trengde respiratorbehandling for covid-19 i haust, ikkje har hatt alvorlege underliggande sjukdommar.

– De fleste er folk som står fram friske og velfungerande i dagleglivet, seier Gjerde.

Stig Gjerde er leiar av Regionalt intensivnettverk i Helse Vest og seksjonsoverlege ved intensivmedisinsk seksjon på Haukeland universitetssjukehus.
Les også

Helse Vest frigir vaksine-tal: – Verdifull innsikt i kor problemet ligg

Godt vern

– Dette viser at vaksinen gir svært godt vern mot å bli alvorleg sjuk og hamne på respirator ved ei intensiveining. Dei einaste som ikkje oppnår det gode vaksinenvernet, er stort sett dei immunsupprimerte pasientane, seier Gjerde.

Immunsupprimert vil i denne samanhengen seie pasientar som får immundempande behandling på grunn av annan sjukdom og har teke vaksinen, men kroppen har ikkje respondert tilstrekkeleg på han.

Les også

Helseministeren vil ha tiltakspakker mot korona som «hyllevare»

Les også

Rapportar om senskader i hjerne og luftvegar hos koronasmittede

Les også

Ingen rogalendingar i ny helsekommisjon: – Dårleg levert av helseministeren

Til saman har 38 pasientar vore behandla med invasiv respirator på sjukehusa i Helse Vest i november og desember.

Les også

Støre: Kjem ikkje til å godta at helsevesenet må ta støyten

– Ta vaksinen

– Tala viser at vaksinen er avgjerande. Vi opplever at folk truleg tek avgjerda om ikkje å vaksinere seg på feil faktagrunnlag. Når uvaksinerte får vite realitetane og fakta, så ville dei kanskje vore vaksinerte likevel. Derfor oppmodar vi alle som har moglegheit til å vaksinere seg, om å gjere det, avsluttar Gjerde.

Publisert: