Denne bygda vil ikkje bytte kommune

Folket på Hylsstronda kjempar for å få bli verande i Suldal. Dei vil ikkje bli grensejusterte inn i Sauda.

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Skal dei minste ofrast, fordi Fylkesmannen i Rogaland skal tilfredsstille oppdragsgjevaren sin, undrast nestleiar Erik Severin Hagesæther i Hylsfjorden grendeutval.

Hylsstronda er eit område på nordsida av Hylsfjorden i Suldal kommune. Her bur det 107 innbyggjarar. Bygda har eigen skule og barnehage, Vanvik oppvekstsenter. Det er 5 barn i barnehagen og 15 elevar fordelt på 1.-7. klasse. Eldre elevar går på ungdomsskule i nabokommunen Sauda. Og det er dette som skaper problem.

– Me er geografisk skilde frå heimkommunen vår av ein fjord og må køyre gjennom sentrum i nabokommunen Sauda for å kome til kommunesenteret vårt, Sand, forklarer Erik Severin Hagesæther.

Fylkesmannen i Rogaland har gått inn for å overføre Hylsstronda frå Suldal til Sauda kommune. Argumenta er geografi og avstand. Ingen ror over fjorden til kommunesenteret Sand, slik som dei gjorde for nokre generasjonar sidan. Bilturen tek 25 minutt til Sauda, medan turen til kommunesenteret Sand tek cirka 1 time 15 minuttar. Innstillinga frå kommunalkomiteen på Stortinget er venta i februar. Då fryktar folk på Hylsstronda at dei blir grensejustert over til Sauda.

– Kvifor har Fylkesmannen slik hastverk i denne saka. Fylkesmannen har innkalla til møte mellom kommunane Suldal og Sauda allereie 26. januar. Då er jo ingenting avgjort, uttaler Erik Hagesæther.

9 av 10

Det er tidlegare gjennomført ei spørjeundersøking blant innbyggarane. 9 av 10 ville ha det som i dag. I kommunestyret ville 14 av 19 representantar at Hylsstronda framleis skulle høyre til i Suldal.

– Lokaldemokratiet har gitt eit klart svar om at vi fortsatt skal høyre til Suldal. Våre argument for å bli verande er først og fremst økonomi. Men og tradisjon, kultur og identitet, fortel Hagesæther.

Hylsfjorden grendeutval har sendt brev til Rogalandsbenken og Kommunalkomiteen på Stortinget. Dei påpeiker at Suldal er ein rik kommune som har tatt godt vare på sine utkantar, blant anna med å oppretthalde grendeskular og barnehagar. Jordbruket står sterkt.

Fryktar fråflytting

– Sauda er ein mykje meir sentralisert kommune med markert dårlegare økonomi. Det er svært realistisk at vi blant anna vil miste oppvekstsenteret vårt dersom grensejusteringa vert iverksett. Vi fryktar sentralisering og fråflytting. Hovedmålet med kommunereforma er sterke og robuste tenester til innbyggjarane. For oss vil det slå heilt feil ut, argumenterer Hylsfjorden grendeutval.

Dei opplever at argumenta deira blir overkøyrde av Fylkesmannen, utan at saka er tilstrekkeleg utgreidd. Grendeutvalet viser til at Fylkesmannen ikkje har tatt stilling til liknande problemstillingar i urbane strok, til dømes Forus.

– Eit anna døme er bygda Jøsenfjorden. Her tilrår ikkje Fylkesmannen grensejustering, sjølv om dette området ligg «på feil side av ein djup fjord» og det til og med er ei ferjereise til kommunesenteret, påpeiker Erik Hagesæther.

Han viser til Ombo, som skal bli del av Nye Stavanger.

– Kor langt og kor lang tid tar det å reise frå Ombo til Stavanger, dersom det vert ein realitet som same kommune? Dei må i tillegg innom Randaberg, held han fram.

Sissel Bøthun flytta til Hylsstronda i 2011 og er Fau-leiar. For bygda er skulen og barnehagen er viktig.

– Me er ein utkant uansett om med tilhøyrer Suldal eller Sauda. Då vil me heller vere ein utkant i den kommunen kor me får det best. Ikkje eit vondt ord om Sauda, men Suldal er fantastisk når det gjeld å ta vare på grendene, seier ho.

Bøthun kjem frå Stavanger. Ho kan ikkje forstå at det skal vere eit argument at folk frå Hylsstronda må køyre gjennom Sauda for å kome til Sand.

– Då eg budde i Stavanger hende det at eg køyrde gjennom 3–4 kommunar for å gå på shopping. Det er folk som pendlar frå Randaberg til Bryne og køyrer gjennom fleire kommunar. Ingen snakkar om det. Då skjøner eg ikkje at det skal vere eit problem her inne, seier Sissel Bøthun.

Dropper storkommune i indre RyfylkeDisse grensene kan bli flyttet av MagnhildKOMMENTAR: For lite, for seint
Publisert:
  1. Sauda kommune
  2. Suldal
  3. Jøsenfjorden
  4. Sauda
  5. Fylkesmannen i Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  3. Ber folk slutte med «smitte-shaming»: - Gapestokken ble faktisk avskaffet for mange år siden i Norge

  4. Fine skiforhold i Sirdal, men ekstrem­kulde ødelegger idyllen

  5. Mann døde etter å ha fått tre over seg i Gyland

  6. Sola vurderer å trekke seg fra lokalt sam­arbeid hvis skjenke­stoppen videre­føres lokalt