Jaerlines set opp fleire avgangar etter brannen

Utvidar tilbodet, og tilpassar avgangstidene opp mot togavgangar.

Publisert: Publisert:

No skal bussen gå to gongar i halvtimen om morgonen. Foto: Reidun Gudmestad

  • Mikkjell Lønning
    Journalist

Frå og med 27. januar skal Jaerlines sette opp fleire avgangar.

Avgangane på Bryne skal heretter tilpassast rutetidene til toget, slik at passasjerar kan kombinere buss og tog inn til flyplassen.

Frå neste måndag, går bussen klokka 05.30 frå Bryne om morgonen, og kvar halvtime fram til klokka 07.00. Selskapet skal vurdere å gjere endringa permanent etter ein prøveperiode fram til 3. april.

Tidlegare har første avgang gått klokka 05.45, og det har berre vore éin avgang i timen fram til klokka 07.00.

Jærbladet skriv at Jaerlines har opplevd auka interesse etter parkeringshusbrannen på Stavanger Lufthavn Sola 7. januar. Dei har hatt cirka 40 fleire passasjerar kvar dag, og ligg no rundt 100 passasjerar til dagen.

– Folk har etterlyst eit tilbod som er framme på flyplassen klokka 06.00. Me håper at endringane vil gjera det meir attraktivt å ta bussen for folk som arbeider på flyplassen, seier Rune Roaldsøy, leiar ved bussavdelinga i Rogaland Taxi til Jærbladet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann i 60-årene kjørte gjennom bomringen med tildekkede skilt

  2. Slik kan en politiker få kompensert «tapte inntekter» tross lønnshopp

  3. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  4. Så dypt skal det være under stupebrett

  5. 100 restauranter konkurs som følge av korona

  6. Treningssentrene må fortsatt vente med gjenåpning

  1. Bryne
  2. Buss