Ordførar om jordvern-grensa: – Vanskeleg å spå kva som skjer fem og ti år fram i tid

Sola-ordføraren forsvarer avgjerda om å gjera 100 dekar matjord om til næringsområde.

Publisert: Publisert:

Tom Henning Slethei (Frp) meiner Sola tar ansvar for å sikra eit breitt næringsliv i regionen. Foto: Fredrik Refvem

  • Kristine M. Stensland
    Journalist

Det hender at Fylkesmannen og kommunar er ueinige om kommunale planar. Då har Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) det siste ordet. Måndag kunne ein lesa om saker der Fylkesmannen ville setja foten ned av omsyn til jordvernet, medan kommunar ønskte å bruka jordbruksareal til noko anna.

Eitt av eksempla i saka var Sola kommune. Her ønskte kommunen blant anna å utvida Risavika næringsområde med 100 dekar. Jordbruksarealet ligg innanfor jordverngrensa, men Fylkesmannen meinte likevel at ein burde spara det i denne omgang, sidan det er det einaste potensielle næringsarealet Sola kommune har att innanfor grensa som skal vara til 2040.

KMD var einig med kommunen og la vekt på omsynet til langsiktig planlegging innanfor Risavika hamneområde. Men departementet la grunn til at kommunen i overskodeleg framtid må halda seg innanfor jordverngrensa.

Les også

Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

Eit vanskeleg løfte

– Kan du som ordførar lova at de vil halda dykk innanfor jordverngrensa i overskodeleg framtid?

– Det er veldig vanskeleg å seia, for samfunnet er i stadig utvikling. Me vil framleis jobba for å ha nok bustadar for veksten til kommunen og nok næringsareal. Det er framleis store næringsområde tilgjengelege på Forus, og relativt mykje rundt hamna. Men det er vanskeleg å spå kva som skjer fem og ti og tjue år fram i tid, svarer Sola-ordførar Tom Henning Slethei (Frp).

Det han heilt sikkert kan seia om politikken tjue år fram i tid, er at han sjølv ikkje er med lenger.

– Då er det opp til dei framtidige kommunestyra. Men eg håper me har politikarar som tenker å legga til rette for næringsliv. Næringslivet har skapt velstand i regionen. Ei av dei viktigaste berebjelkane i samfunnet er at folk har jobb.

Sola kommune vil utvida Risavika næringsområde på Tjora. Arealet er no godkjent til næring på kommuneplannivå, men skal seinare gjennom ein vanleg reguleringsplanprosess. Foto: Jon Ingemundsen

Eit regionalt næringsansvar

I saka som blei skriven om KMD, blei statssekretær Heidi Nakken spurt om kommunar kan la seg freista av ønsket om fleire skattekroner og ofra jordvernet. Her ønsker Slethei å koma med ei presisering.

– Det må ikkje bli etterlate eit inntrykk av at Sola gjer dette for å få meir skatteinntekter. Me vil ikkje ofra kornet for bedriftsskatt, for den går til staten, seier han.

Han viser til at Sola har høgast arbeidsplassdekning i regionen, med 145 prosent dekning, og at fleire arbeidsplassar dermed ikkje nødvendigvis vil føra til fleire skattebetalande innbyggarar i kommunen.

Ordføraren meiner at utvidinga av næringsområdet vitnar om at Sola bidreg til eit breitt næringsliv i regionen.

– Når me er vertskommune for både flyplass og hamn, så har me eit ansvar for å legga til rette for at dei har gode vilkår, seier ordføraren og understrekar at Sola framleis er, og skal vera, ein stor jordbrukskommune.

– Me skal sjølvsagt ikkje ta bort driftsgrunnlaget til jordbruket.

Kritisk samarbeidsparti

Frp deler makta med blant anna Senterpartiet. På heimesida til Sola Sp kan ein lesa jordvernstrategien deira. «Sola er blant de viktigste kommunene i Matfylket Rogaland. Samtidig er Sola den kommunen i fylket som har omdisponert mest dyrka jord i perioden 2006–2015. Det er et paradoks at omfanget av denne areal-omdisponeringen også i stor grad gjelder matjord av høy kvalitet», skriv dei.

Vidare hevdar dei at utbyggarar har fortalt ope om korleis dei jobbar for å få mest mogleg nedbyggingsareal gjennom å påverka politikarar «for slik å få til vedtak som sikrer dem enda mer av den verdifulle matjorden». Sp kritiserer eksplisitt fleire parti for å ha bidrege til dette, blant anna Frp.

Då Aftenbladet les dette for Slethei og spør korleis det går med samarbeidet, viser han til 30 punkt som samarbeidspartia i Sola er einige om.

– Der står det blant anna at me skal halda oss til den langsiktige grensa for landbruk. Me lever godt med dei klare grensene.

Når det gjeld topplasseringa for omdisponering av matjord, forklarer han det med at mykje jordbruksjord blei omdisponert i samband med reguleringa av eit stort bustadområde på Jåsund.

– Dette området bruker ein gjerne 20 år på å bygga ned. Me har store arealreservar å tæra på.

Publisert:

Les også

  1. Jordvern-konfliktar i pressområde: Her tapte matjorda

  2. Vil vurdera innstramming av jordvernmål

  3. Pollestad og Bollestad i full klinsj om jordvern

  4. Rogaland er herja nok–skrot planane for ny E39

  5. Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

Mest lest akkurat nå

  1. Aalesund har utliknet

  2. Webradio: Vi gir deg Viking-Aalesund

  3. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  4. Front­kolli­sjon på E39 i Lyngdal

  5. Da hun trodde sønnen skulle dø, arrangerte Christin Kristoffersen fest

  6. «Jeffy» fra start – slik stiller Viking

  1. Sola
  2. Risavika
  3. Tom Henning Slethei
  4. Jordvern
  5. Næringsliv