Black Friday er den store bulkedagen

Forsikringsbransjen ventar ekstra mange bulkar fredag. Rygg når du skal parkere, oppfordrar Gjensidige.

Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige, viser fram ein av dei mange bulkane som oppstod under fjorårets parkeringskaos.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

På Black Friday i fjor vart det registrert om lag 330 parkeringsskadar på landsbasis, ifølgje forsikringsselskapet Gjensidige.

Det er 35 prosent høgere enn ein gjennomsnittleg fredag heile 2015.

Rygg!

Ifølgje Gjensidige kunne mange av skadane vore unngått dersom fleire rygga når dei parkerte.

– Erfaringa er at dei fleste køyrer med fronten først når dei parkerer. Vi meiner mange smell ville vore unngått dersom fleire rygga, sier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

Norwegian Outlet forventer fullstendig Black Friday-kaosIkke la deg lure av Black Friday-tilbud

600 millionar i erstatning

Vidare oppfordrar dei om å unngå trange parkeringsplassar og parkeringshus, unngå å parkere ved inngangsparti, ikkje la små barn opne dørene sjølv, og sørge for at vindauga er fri for dugg før ein køyrer.

– Mange vil handle på Black Friday, men ein kostbar bulk frå ei handlevogn eller ein dult i sida frå nabobilen står nok langt nede på ønskelista, seier Voll.

Ryggeskader og påkjørsel av parkerte køyretøy utgjorde erstatningar for 600 millionar kroner i fjor.

I løpet av heile året registrerte forsikringsbransjen 11.000 parkeringsskadar i Rogaland.

Denne dama laga ei heilt spesiell julegåvelisteForbrukerombudet advarer mot falske nettbutikker
Publisert:
  1. Gjensidige
  2. Parkering
  3. Trafikk
  4. Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Dette svarer Veton Berisha om Molde-flørten

  2. Da Joakim traff Inger Marie, ble han bonde på et sted der ingen skulle tru at nokon kunne bu

  3. Emilie fikk plutselig ni millioner på konto. Med hilsen Jehovas vitner på Randaberg

  4. Omikron vil neppe smitte alle. Men en eller annen variant, vil nesten alle bli smittet av

  5. – Det var iskaldt i vannet, men jeg hadde våtdrakt på meg

  6. Den flotte gården er som hentet ut fra et norsk folkeeventyr