- Ryfast har satt redningsskøyta ut av drift

Redningsbåten ligg i dag til kai i Stavanger og kan ikkje hjelpa båtar i naud. Små fibrar har lurt seg gjennom filteret og tetta motoren på båten RS «Sjømann».

Publisert: Publisert:

Her ligg redningsbåten RS «Sjømann» med motorproblem og kan ikkje hjelpa båtar i naud no, Foto: Anders Minge

  • Hilde Anette Ebbesvik
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Plastfiberpartiklar har kome gjennom filteret i motoren og har hamna inn i kjølevatnet og varmevekslaren på motoren.

– Mannskapet om bord og folk i området meiner at dette kjem frå sprenginga av Ryfast, seier Stian Rasmussen, leiar i Stavanger sjøredningskorps.

Fleire meiner dei har sett slike fibrar flyta rundt i Vågen, rundt Hundvåg og andre stader.

Plast i armering

Slik ser fibrene ut. Foto: Bjarne Lunde

— Vegvesenet vil ikkje ta på seg ansvaret for noko dei ikkje veit kva er, og me oppfordrar redningsselskapet til å ta kontakt med oss dersom dei meiner at me har ansvaret for havariet, seier Anne-Merete Gilje, delprosjektleiar i Ryfast.Ho fortel at plastfiber blir brukt i betongen som ei armering i betongen som blir sprøyta på fjellet når dei sikrar tunnelen for ras. Noko av denne plastfiberen fell på bakken og hamnar i massen som blir sprengt, og seinare dumpa ut i sjøen saman med resten av steinen.

– Når denne masse blir fylt i sjøen vil fiberplasten flyta opp. Dette har me vore klar over sidan me starta. Rundt fyllingsområda har me difor lagt store lenser som skal hindra at plasten spreier seg ut i fjorden, forklarar Gilje.

Kan skvulpa over

Ho fortel vidare at lensene jamleg blir tømt, men det er mogleg at noko plastfibrar kan skvulpa over kanten i store bølgjer eller når det bles veldig.

Vegvesenet har folk som følgjer med dette både frå ein eigen båt og sjekkar strandsonene jamleg for å samla opp det som eventuelt har hamna over.

– Me kjenner ikkje til at det har vore problem for båtar tidlegare, og me gjer det me kan for å hindra at den kjem på avvege, men kan aldri garantera at det ikkje lekker noko ut, seier Gilje.

– Er det frå oss er det sjølvsagt svært beklageleg, avsluttar ho.

Må mogleg tilkalla hjelp

Redningsselskapet har dei siste to dagane prøvd å få ordna problemet, og håpar å båten tilbake i drift torsdag morgon. Gjer dei ikkje det, må redningsselskapet få hjelp frå båtar som ligg i Egersund eller Haugesund.

Stian Rasmussen, Stavanger sjøredningskorps (Arkivfoto) Foto: Torstein Lillevik

– Dette er ikkje årstida der mange båtar treng hjelp frå oss, men det er så kaldt i sjøen og mørkt ute at dersom nokon treng hjelp, treng dei det med ein gong, seier Rasmussen.– Kva vil det kosta å få ordna motoren?

– Det er for tidleg å seie noko om no, seier han.

Det heile blei oppdaga då dei merka at motoren var varmare enn den skulle. Mannskapet på båten følgjer nøye med på alt som skjer med den til ei kvar tid.

Ikkje opplevd problemet

Ivan Fossan, direktør og pressekontakt i Norled, kjenner ikkje til problemet og fortel at han ikkje har fått melding om dette frå ferjene som går mellom Stavanger og Tau.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  2. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  3. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  4. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  5. Elbiler må betale mer

  6. Elg skutt ved Sandvedparken

  1. Stavanger