Pedersgata kan bli den nye matgata

Dag Mossige i bystyret og Torstein Tvedt Solberg på Stortinget vil at Pedersgata skal verte Stavanger si nye matgate.

Torstein Tvedt Solberg, til venstre, og Dag Fossige brenn for at Pedersgata skal vere samlingspunktet for dei komande kulinariske opplevingane.
  • Jørund Vatle Sandgren
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Vi trur gata har eit stort potensiale for turismen.

Torstein Tvedt Solberg på Stortinget og Dag Mossige i bystyret vandrar gatelangs i det dei håpar kan verte Stavangers nye matgate om dei får det som dei vil. Begge politikarane er Storhaug-gutar, og dei har store planar for båe Nytorget og ei av Stavanger sine mest ikoniske gater.

– Vi trur òg dette kan skape nye arbeidsplassar, påpeiker Solberg.

– Det at Sabi fekk ei Michelinstjerne mellom Love Shop og kebabstadane viser jo at dette er mogleg å få til. Men då er det viktig at dei som allereie er i gata, får bli.

Gate med sjel

Konseptet er førebels berre på idéstadiet, men Storhaug-politikarane er klare på at dette er noko dei brenn for.

– Vi byrja vel å snakka om det for litt sidan med Kristoffer (Joner, journ. anm.), men det var først etter at Michelinstjerna kom ideen sat seg for alvor, seier Solberg.

– Det er viktig at dette vert gjort på gata og folket sine eigne premissar. Politikarane bør ikkje blanda seg for mykje i denne prosessen, vi er nøydd til å behalde sjela i gata, fortset Mossige.

Nytorget i desember. Solberg og Mossige er klare på at lite har blitt gjort her dei siste åra.

– Korleis skal politikarane få til matgata utan å blande seg inn i prosessen?

– Det er ei utfordring. Nytorget står i ein klasse for seg sjølv når det gjeld mangel på handlekraft. Kommunen eig jo desse bygga her, og verkar som ein stor brems for vidare utvikling, fortel Mossige.

– Fleire av bygga står jo tomme. Det er viktig at vi finn folk som vil overta og faktisk ta vare på desse bygga. Dette trur vi kan skape fleire arbeidsplassar, og gi plass til fleire spennande matkonsept.

Nytorget

– Ingenting har jo skjedd her sidan eg var tre år, fortel Solberg.

Han er kanskje fortsatt ung i politisk målestokk, men det er lenge sidan 31-åringen stabba rundt på Nytorget. Fasadane er dekt av flassande maling, grafitti eller er brune av rusten frå eit tusentals stiftar brukt til plakatopphenging gjennom åra.

Banneret som heng på Nytorget 15 lovar kino, saltvassbasseng og parkeringsrobot med fleire tusen plassar. Det har hengt der lenge.

– Det heng jo eit banner her som sikkert har hengt her i fem år, seier stortingspolitikaren og peiker opp på det kvite, slitte trehuset som utgjer Nytorget 15. Banneret går rundt heile bygget, og lovar kino, saltvassbasseng og tusenvis av parkeringsplassar i parkeringsrobot.

– Om grafittien får bli her meiner vi eventuelle eigarar må få bestemme sjølve, det er ikkje opp til politikarane. Vi vil berre oppfordre til å ruste opp trehusa i Pedersgata.

Ingen av dei to vil at eit nytt tinghus skal hamne på Nytorget. Ein av grunnane er ungdomsklubben Metropolis, som yrar av liv, og er ei kontrast til dei tomme trehusa lenger oppe.

– Det er veldig viktig å ta vare på det tilbodet. Det er så viktig å ha noko ungdommane kan gå til, og Metropolis har eit stort og variert tilbod, seier Fossige.

Les også

  1. Sola skinner i Pedersgata

  2. – Det er jo en syk ting å si: Michelinstjerne til Pedersgata

Publisert:
  1. Torstein Tvedt Solberg
  2. Dag Mossige
  3. Kristoffer Joner
  4. Storhaug
  5. Nytorget

Mest lest akkurat nå

  1. Den draps­siktede fra Kongs­berg bodde i Stav­anger

  2. Reagerer på skilting: Steinar Johansens helgetur til Stavanger ble brått dyrere enn forventet

  3. Her er Arbeider­partiets nye gruppe­leder i fylkes­tinget

  4. – Min far foreslo at jeg skulle få tatovert bil­cross­bilen. Han sa det på fleip

  5. – Elever, lærere og for­eldre opp­lever skolene som for­skjellige

  6. Støre åpner for å etablere et eget sokkeldirektorat