Føler seg straffa for å ha gått til retten

Statens Vegvesen vil ikkje rydde opp i Trond Leirens hage etter utbygginga av bussvegen på Vaulen. Dei meiner han skal bruke erstatningspengane til det.

Statens Vegvesen etterlot Trond Leirens hage overgrodd og full av greiner og trestubber etter arbeidet med bussvegen var ferdig.
  • Ragnhild Sofie Selstø
    Ragnhild Sofie Selstø
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I forbinding med utbygginga av bussvegen frå Sandnes til Stavanger kjøpte Statens Vegvesen 49 kvadratmeter av Trond Leirens tomt i Stasjonsvegen på Vaulen.

Leiren fekk tilbod om 115.000 kroner i erstatning, men etter saka var oppe i skjønnsretten blei erstatninga auka til 250.000 kroner.

Etter bygningsarbeidet var ferdig, etterlot Vegvesenet Leirens hage overgrodd og full av greiner og gamle gjerder. Då han kontakta Vegvesenet om rotet, fekk han beskjed om å bruke erstatninga til å ordne opp i det sjølv.

– Det er som om eg blir straffa for å gå rettens veg. Erstatningspengane skal dekke tapet av eigedommen, ikkje oppryddinga etter Vegvesenet, seier Leiren. Han meiner at erstatninga ikkje er stor nok til å dekke opprydding av tomta i tillegg til tap av eigedom samt ei fritidshytte som tidlegare stod i hagen.

23 huseigere langs Vaulevegen deltok i skjønnsretten. Leiren har bedt om overskjønn til Lagmannsretten med støtte frå advokat Bjarne Peter Skutvik.

Opprydding ikkje inkludert i erstatninga

Skutvik er skeptisk til måten Vegvesenet handterer saka på. Han fortel at erstatningsbeløpet som blir gitt etter tap av eigendom skal vera differansen mellom eigendommens verdi før inngrepet og verdien etter inngrepet. Viss målinga etter inngrepet blir målt med utgangspunkt i ein ferdig opparbeida plen, inngår ikkje utgiftene til oppryddingsarbeidet i erstatninga.

– Me forstår skjønnet slik at det er dette som har blitt gjort, seier Skutvik.

Han legg til at Leiren heller ikkje har fått erstatning for støy i anleggsperioden.

– Byggemaskiner arbeida berre meter frå huset hans, og det var ikkje mogleg å opphalde seg i korkje stove eller kjøkken på dagtid. Det blei berre antatt støynivå, og ikkje gjort faktiske målingar. Det meiner me burde ha blitt gjort under anleggsperioden, seier han.

Les også

Får «bare» 41 millioner kroner for 33 mål i Jåttåvågen

– Naboens hage er grønn og velstelt, mens min ser ikkje ut, seier Leiren. I motsetning til naboen har Leiren gått til skjønnsretten om erstatningskrav.

– Det ser ut som eit anleggsområde

Leirens nabo Arild Log bur i ein tredelt bolig, og mista 155 kvadratmeter av tomta etter utbygginga av bussvegen. Han gjekk også til skjønnsretten.

– Me hadde plen og garasje på dette området. Plassen som står igjen no er grusbelagt og må brukas til parkering. Det er ingen grøne areal igjen, og det ser som eit anleggsområde. Vegvesenet har berre reist og fråskrive seg heile ansvaret, fortel Log.

Til saman har sameigarane fått 900.000 kroner i erstatning. Det er for lite, meiner Log.

– Ein kan ikkje kalle det erstatning når det berre skal dekke kostnadane det tar for å bygge opp igjen det dei har rasert, seier han.

Logs advokat Endre Skjørestad trur heller ikkje at erstatningsbeløpet vil holde til å bygge ein ny garasje og erstatte tap av areal. I tillegg er bebuarane meir utsatt for støy no når vegen er flytta nærmare huset.

– Eg meiner at Vegvesenet har lite forståing for at eigaren får eit større støyproblem. Det er ikkje gjort noko støyisolasjon i huset, og erstatningspengane vil neppe kunne dekke utgiftene til eit slikt arbeid, seier Skjørestad.

Log og naboane har ikkje bedt om overskjønn.

Les også

De færreste i Stavanger og Sandnes tror bussveien påvirker egen bilbruk til jobb

Ingen dramatikk, meiner Vegvesenet

Henriette Nesset i Statens Vegvesen seier det blei inngått ein arbeidsavtale før anleggsarbeidet starta om at bygginga skulle settast i gang og erstatninga bli satt til skjønnsretten i etterkant.

- Over 130 grunneigarar blei rørt av bussvegen ved Vaulenvegen. Det er alltid nokon som me ikkje blir einige med, det er vanlig i slike prosjekt. Bare unntaksvis må me gå til ekspropriasjon. Det er ingen dramatikk i det, me blir einige om være ueinige, seier Nesset.

Ekspropriasjon betyr tvangsgjennomføring av eit prosjekt, og har hjemmel i vegloven.

- Lovverket seier at skjønnsretten skal sette erstatninga, og me høver oss til lovverket. Viss overskjønnet kjem fram til et anna resultat i Leirens sak, så stiller me oss sjølvsagt bak det.

FÅ OGSÅ MED DEG:

Les også

  1. Full sal på folkemøte om bussvegen

  2. Bussveien blir foreløpig 600 mill. kr. dyrere

Publisert:
  1. Vaulen
  2. Stavanger
  3. Bussvei 2020
  4. Rettssaker
  5. Erstatningskrav

Mest lest akkurat nå

  1. Fikk motorstans på E39 og ringte samboeren. Det skulle hun ikke ha gjort

  2. Væpna aksjon på Domkirkeplassen

  3. – Det vil være opp mot 30 grader på det meste fredag

  4. I fjor løp Simen fra Stavanger Norge på langs på 26 dager. Nå skal han gjøre noe ingen har gjort på 2500 år

  5. Viking møter eliteserielag – Sandnes Ulf får besøk av storklubb

  6. Hekser på bål, pølser på grill og sol på himmelen. Se bilder fra en magisk sankthansfeiring!