Juli har vore både kokvarm og altfor kald, men får ein mild slutt

Frå varmebølge til det meteorologen kallar «ein dag me like gjerne kunne hatt i desember». Vêret har vore ymse, men helga skal bli varm.

Slik skal vêret bli i helga. Solfylt, men med eit skydekke fleire stader langs kysten.
Publisert: Publisert:

Kald start på veka, men mot helg blir det betre!

Det slår meteorolog Magnus Haukeland fast over telefon torsdag.

– Det blir ganske bra de nærmaste dagane, med gode temperaturar.

Ytre strok er litt i faresona, melder meteorologen. På satellittbileta ligg nemleg det meteorologen kallar ei «pølse» med lågt skydekke langs kysten.

– Det er uttrykk for lokal tåke i morgon, skyene kan bli liggande litt utover dagen fleire stader, seier Haukeland.

Men det er gode sjansar for at du klarer å unngå pølsa. Mange stader vil nemleg få sjå sola. Og endå høgare temperaturar enn i dag.

Så det lovar nesten ganske godt for denne siste helga i juli. Spesielt sidan me no har fått kjenne på kroppen kor kaldt det kan bli i juli her på Vestlandet.

Nesten 30 grader i Møllebukta førre veke.

Desemberdag i juli

Førre veke var «all about the heat», me flokka til badeplassar og strender, og kosa oss i den plutseleg litt for varme varmen. Ekstremt varmt til Rogaland å vere, men me kom greiare frå det enn dei litt lenger nede på kontinentet.

– Me fekk opp desse restane av varmebølgen frå Storbritannia, men det blei ganske kortvarig. På det høgaste viste gradestokken 33,6 i Lysebotn.

Restane av varmebølga forsvann og tysdag denne veka var ekstra kjip.

– Tysdag var makstemperaturen 12,7. Det var ein dag me like godt kunne hatt i desember, seier meteorologen.

Tysdag hadde Bergen faktisk den lågaste makstemperaturen på eitt døgn i juli sidan 1998. Der var det 12,1 grader, mens her var det 12,7.

– Det har vore nordavind og kalde luftmassar på Vestlandet dei siste dagane.

Det skal regne litt i starten av august, men ting var verre i 2016!

Men torsdag fekk sol! Fredag skal òg vere ganske så fylt med sol. På laurdag vil det mest sannsynleg skye til ganske tidleg, fortel meteorologen.

– Det er ein front på veg inn frå vest som gir litt nedbør. Trass skyene blir det sønnavind, og temperaturen kan kome opp i 25 grader, seier Haukeland.

Ifølge meteorologen vil det varierte vêret halde fram inn mot august.

– Det blir nok litt ymse framover, det kjem ein front inn søndag. Måndagen ser ut til å bli relativt grei, men temperaturen blir kanskje litt lågare då enn no.

Han vil ikkje seie noko skråsikkert om veka som kjem, men seier at onsdagen ser ut til å kome med lågtrykk og nedbør.

– Neste veke vil me nok ikkje få den same varmen som me får dei neste dagane.

Publisert: