Dale forsvarer jordbruksmeldinga

– Alt blir ikkje betre i morgon, om alt blir gjort som i går, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale frå talarstolen på Varhaug. Han forsvarer regjeringas jordbruksmelding.

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Sjå Varhaugmøtet minutt for minutt, på Aftenbladet.no!

Første innleiar kallar ministeren ein «dønn ærleg mann», som er tydeleg på kva han vil. FrP-aren Jon Georg Dale inntek scena i Varhaug idrettshall, til spreidd applaus og den sjølvpåførde merkelappen økonomisk liberalist.

Den merkelappen skyr han ikkje unna.

−Ja, eg er liberalist, og eg er vaksen opp eit på småbruk på Sunnmøre. Og viss eg skal vera ærleg, er begge delane tydelege i stortingsmeldinga.

Med seg i bagasjen har Dale «Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon», som er meldinga Landbruks- og matdepartementet la fram i desember, på vegner av Solberg-regjeringa.

Ein del av bakteppet er mandatfordelinga i Stortinget, som ikkje vil la meldinga passera som politikk i si noverande form. Framstegspartiet i regjering med ansvar for jordbruk, innvarslar endring, men Dale speler ned dramatikken.

– I morgon skal bondelaga brenna vardar landet over. Men eg må spørja – kva skulle de ha brent om me hadde trøkka skikkeleg til?

Krav om effektivitet

– Norsk jordbruk har vore i endring i 30 år, og før det òg. Stillstand er ikkje eit alternativ, sa eg då eg var her i fjor. Det var utruleg godt sagt, seier ministeren.

Stormøtet på Varhaug er ei fast tilskiping, men også del av eit program med innlagde stopp over heile landbruks-Norge, der stortingsmeldinga er temaet. I talen og meldinga blir fire overordna mål for jordbruket, definerte:

  • mattryggleik
  • landbruk over heile landet
  • auka verdiskaping
  • berekraftig jordbruk

– Kontroll på kva du puttar inn og kva du hentar ut, det er det eg kallar kostnadseffektivitet, seier Dale, som understrekar viktigheita av god inntening.

Han nyttar 25 prosents overproduksjon av geitemjølk, som illustrasjon på kva oppgåver som ikkje skal vera staten sine. Adressaten er bøndene sjølve:

− Marknadsordninga er til for å bringa produksjonen på linje på konsumet. Viss ordninga ikkje er det, må de betala. Ikkje eg. Det må de gjera.

Bondelaget negative

– Kostnadseffektivitet som hovudmål. Kor bringar det oss? spør leiaren i Bondelaget, Lars Petter Bartnes, som seier seg usamd med regjeringa i dei fleste tiltaka som blir føreslegne i meldinga.

Bartnes åtvarar mot stillstand, på linje med ministeren, men viser til Danmark, der veksten har hatt negative konsekvensar: bønder som driv som leiglendingar, som slit med forgjelding, og ein mattryggleik som er truga av medisinbruk.

– Norsk landbruk er ikkje prega av stillstand, og det er det mange som misunnar oss. Denne meldinga er krydra av mange dårlege forslag, som er typiske for Framstegspartiet. Landbruksministeren vil ikkje innrømma at resultatet er sentralisering og prispress. For dette gjev frislepp og liberalisering, meiner Bartnes.

Lunkne appellar

Pål Farstad (Venstre), Knut Storberget (Arbeidarpartiet) og Geir Pollestad (Senterpartiet) tek sete ved sida av Bondelaget og minister Jon Georg Dale.

− Kva handlar dette om? Jo, eit næringspolitisk dreamteam. Hadde resten av fastlands-Norge vore som jordbruket, hadde det ikkje vore nokon krise, seier Storberget om dagens landbruk.

Storberget spør retorisk kvifor tiltaka i meldinga er blitt røysta ned av nesten alle samfunnsaktørar, 46 høyringsinstansar. Han etterlyser òg eit samsvar mellom tiltak og det viktigaste målet: «Blir det meir mat av det?»

Pål Farstad blir presentert av ordstyrar Tom Hetland som «landbrukets mektigaste mann». Den landbrukspolitiske talsmannen i vippepartiet Venstre, avskriv ikkje meldinga.

– Analysen i meldinga er eigentleg ikkje så galen, og det bør ministeren få honnør for. Det er eit greitt utgangspunkt for vidare diskusjonar i i Stortinget.

Geir Pollestad la vekt på mattryggleik, eit perspektiv han meiner manglar heilt i meldinga.

– Eg trur me skal få ein god diskusjon i næringskomiteen. Det ligg eit stort ansvar på Venstre og KrF på å sikra eit godt resultat, når det gjeld å velja retning for landbruket. Elles vil Senterpartiet setja sin lit til valet til hausten.

Les også

Fylkets minste mjølkebonde (52 000 liter): Sveinung i Suldal fryktar for distriktsbrukets fremtid

Les også

Storbonde på Jæren (800 000 liter): Nils Are kritiserer bønder som spekulerer mjølkekvoter

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var måndag hjå Ingve Berntsen, på Gausland Gard på Nærbø. Berntsen vart kåra til Årets unge bonde i 2016. Temaet for møtet deira var beite og utmark, og gamle kurasar.

Les også

  1. Ingve Berntsen frå Hå vart Årets unge bonde

Publisert:
  1. Jæren
  2. Landbruks- og matdepartementet
  3. Solberg-regjeringen
  4. Landbruk
  5. Jon Georg Dale

Mest lest akkurat nå

  1. Stor aktør legger ned butikken på Norwegian Outlet på Ålgård

  2. Fortsatt fastlåst mellom Kvia AS og Eigersund før de møtes i retten mandag

  3. – Vanskelig å holde oppe motivasjonen når man øver uten mål og mening

  4. – Han var en mann som aldri ga seg, en drømmer

  5. Kjerkol: Naturlig å se på lettelser i koronatiltakene

  6. Dødsulykken på Stor­haug: Under­søkelser av mobil­telefon svekker mis­tanken mot bil­isten