Husmenn på Revholen

Garden Gramstad er første gong nemnd i 1563. I 1865 hadde garden fire brukarar og fem husmenn. Revholen som ligg ved vatnet innunder Dalsnuten, var ein av husmannsplassane.

Publisert: Publisert:
  • Aftenbladet.no
Denne artikkelen er over 18 år gammel

Høyland gards— og ættesoge 1500 1900 har nemnt følgjande familiar som budde her:

  • Tore Nilsson Frøyland, fødd i Riskakvervo 1790, død 1869. Gift i 1819 med Berta Gurine Gabrielsdotter, fødd i Stavanger 1794.

Dei fekk åtte born: Gabriel (fødd 1820, død 1836), Nils (f. 1821), Tore (1822), Guri (1824), Enok (1827), Bernt (1828), Malena (1832) og Johanna (1834).

  • Tor Toreson Gramstad (fødd 1822, død i 1902). Murarbeidar og husmann, seinare småbrukar på Revholen. Gift først i 1850 med Ingeborg Kristine Toresdotter Lussi, fødd i 1816 og død 1891, og så i 1893 med enkja Inger Pedersdotter Madland (f. 1830).

Fire born: Tobias, Tomas Gabriel, Berte Gurine og Kristian.

  • Rasmus Kristianson Sviland (fødd i 1857, død i 1934). Vegvaktar og teglverksarbeidar, brukte Revholen i 1900, men var flytta til Sviland då kona Ine Maria Sjursen (f. 1858) døydde i 1904. Gift igjen i 1906 med Lava Andrine Aslaksdotter.

Seks born: Karl Johan (fødd 1881), Elisabet Maria (f. 1884), Elen Regine (1887), Jenny Astrine (1889), Ragna Matilde (1892) og Kristian Emil (1895).

Publisert: