Havanna AS er konkurs

Seint måndag ettermiddag gjekk Havanna As til namsretten i Sandnesog bad om å bli slått konkurs.

Publisert: Publisert:

Det kan bli en stund til neste gang det blir bading på Havanna. Foto: Anders Minge

  • Turid Furdal
    Journalist
iconDenne artikkelen er over 17 år gammel

SANDNES: Selskapet Havanna AS omfattar Havanna badeland, Havanna Lekeland, kafeen ved Havanna, eit konditori, ein leiketøys— og klesbutikk og ein interiørbutikk.- Det er eigaren av senteret, Bygg- og Eiendomsutvikling AS, som eig alle aksjene i selskapet Havanna AS, opplyser dagleg leiar Jan Ove Rullestad.Det Oslo-baserte selskapet Bygg- og Eiendomsutvikling AS kjøpte Havanna-senteret av Norex Group AS i september 2002.Som følgje av konkursen, blir alle dei tilsette i Havanna AS oppsagt. Selskapet har rundt 35 årsverk, fordelt på langt fleire stillingar. Dei aller fleste har arbeidd deltid.- Oppseiingstida er to månader, som er det vanlege ved konkursar, seier Rullestad. Det blir i ettermiddag eit orienteringsmøte for dei tilsette. Den daglege leiaren understrekar at både badeland, butikkar og kafé vil ha ope som vanleg i dag.- Kva som skal skje vidare, blir opp til bustyrar. Han vil truleg bli oppnemnt i dag. - Kva er årsaka til konkursen? - Selskapet har for stor gjeld. Dei nye eigarane fekk denne gjelda med på kjøpet i haust, seier Rullestad som hevdar situasjonen er lik i dag som då.- Men nå fekk me likviditetsproblem som me ikkje klarte å løysa. Eg såg meg derfor nøydd til å gå til styret og seia at dette ikkje går lenger, legg han til.Då Bygg- og Eiendomsutvikling AS kjøpte Havanna-senteret i haust, uttalte dei nye eigarane mellom anna at dei ønskte å få inn fleire leigetakarar i senteret. Svein Erik Olsen som representerte eigarane, uttalte at senteret hadde vore litt lite profilert i det siste, og ønskte å retta opp dette.- Dette er ei langsiktig målsetting. Det ville vera ein utopi å tru at ein kunne klara å snu dette så fort, seier Jan Ove Rullestad.Ifølgje Rullestad, har Havanna Badeland alltid hatt overskot på drifta.- Besøket i år har vore nokolunde jamt og stabilt, men me hadde ei dårlegare påske enn i fjor på grunn av det fine veret, seier Rullestad.Dei fleste verksemdene i Havanna-senteret vil ikkje bli ramma av konkursen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  2. Elbiler må betale mer

  3. Folk valfarter til Helleland for å se på det som kan bli et gruveeventyr

  4. Koronasmitten øker - men ikke i Sverige

  5. Elg skutt ved Sandvedparken

  6. Norge har mest overvekt og fedme i Norden. Disse 25 tingene skal få nordmenn til å spise sunnere.