Her kjem ny E39 Ålgård-Hove

Det er ennå fleire år til du kan køyre på ny veg frå Sandnes til Ålgård, men nå har Statens vegvesen lagt fram ein rapport med ulike moglege trasear for strekninga Hove-Ålgård. Alle alternativa ligg aust for dagens E39.

  • Harald Maaland
    Harald Maaland
    Journalist i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

15. juni i år blei den nye firefeltsvegen mellom Stangeland og Sandve åpna. Neste strekning med ny og utvida veg blir vidare til Hove. Der er reguleringsplan vedteke, ein arbeider med finansieringa, og anleggsstart kan bli ein gong i løpet av dei 2-3 neste åra. Kostnaden for denne strekninga er berekna til rundt 480 millionar kroner.

Rapporten som nå er lagt fram, gjeld strekninga vidare frå Hove til Ålgård sør (Skurve). — Mellom Hove og Bråstein føreslår vi utbygging i ein korridor med dagens E39 som utgangspunkt. Mellom Bråstein og Ålgård sør ligg alle alternativa aust for dagens E39, anten i tunnelar eller som veg i dagen, seier prosjektleiar Bjørn Åmdal i Statens vegvesen.

Ved Kongeparken skal det også vurderast ei løysing med utviding av dagens veg, nytt kryss og ny lokalveg. I tillegg kjem eit alternativ med tunnel forbi Kongeparken.

Artikkelen fortsetter under illustrasjonen.

Tunnel forbi Ålgård

— Alle alternativa går i tunnel forbi Ålgård sentrum og kjem ut om lag ved Vaule bru, som er ved krysset med fylkesveg 45 til Sirdal, seier Åmdal.

Til saman er det vurdert 36 forskjellige løysingar for vegtrasear og kryss på strekninga. Av desse føreslår vi at ni alternativ blir med i det vidare planarbeidet. Hensikta med rapporten er å avgjere kva hovudalternativ som skal vere med i forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing, som er venta klare andre halvår i 2011, seier Åmdal.

Uviss kostnad

Endeleg val av trasé blir teke etter at kommunedelplan og konsekvensutgreiing har vore på høyring i 2012. Statens vegvesen har sendt rapporten til Gjesdal og Sandnes kommunar, som vil avgjere vidare behandling. Strekninga er omtala i Nasjonal transportplan, men finansieringa må jo også på plass. Kor mykje det vil kosta, kan ikkje Åmdal seia ennå. - Det er det me må finna ut nå, seier prosjektleiaren.

Det er uvisst når den nye vegen kan ligga klar, men Åmdal trur det tidlegast kan bli anleggsstart i 2015, og at det minst vil ta tre år å få vegen ferdig.

Les også

  1. Venter med E 39-veivalg

Publisert:
  1. Gjesdal

Mest lest akkurat nå

  1. 950 nye smittede på Nord-Jæren

  2. Smittevernoverlege: – Kan bli en fin vår og sommer, men ny bølge til høsten

  3. Unge menn uten førerkort krasjet inn i gjerde på Jåttå

  4. Borgli testet banesykling: - Hjelmen knuste momentant

  5. Magne surfer på en ustabil kobberlinje

  6. Staten kan ikke betale for alt