Forskar slaktar skuletilbodet til elevar som treng ekstra hjelp: «Kriminelt dårleg», seier professor Peder Haug

SKULE: – Du sa «kriminelt». Eg er einig, sjølv om eg pakkar det meir inn. Me må ta eit krafttak, sa utdanningsdirektøren i Rogaland etter at forskar Peder Haug la fram nedslåande forskingsresultat om spesialundervisninga på Utdanningskonferansen 2018 i Stavanger.

Publisert: Publisert:

67 prosent av dei som får spesialundervisning, er gutar. Foto: Colourbox

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Sølvi Ona Gjul er utdanningsdirektør i Rogaland. Foto: Anders Minge

Peder Haug er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda og har gjennomført fleire forskingsprosjekt. Han har mellom anna leia forskingsprosjektet SPEED om spesialundervisninga i den norske grunnskulen.

Peder Haug: - Då spesialskulane blei lagde ned og elevane som trong spesialundervisning begynte i grunnskulen, burde skulen ha gått gjennom ei stor endring. Den kom ikkje. Det store biletet har ikkje endra seg mykje sidan me fekk vedtaket om ein grunnskule for alle i 1976. Foto: Margunn Ueland

Haug tok for seg punkt for punkt og sette fingeren på kva som er gale. Dette er det typiske, sa han:

DEN SAKKUNNIGE TILRÅDINGA:

– Språkleg krevjande, vanskeleg for mange lærarar å forstå kva som står.

Denne byggjer på ekspertuttalar, karleggingsverkty, vanskekategoriar og diagnosar og er mindre oppteken av uttalar frå lærarar, foreldre og i svært liten grad elevar. Dei det gjeld mest, har den svakaste stemma.

Samanhengen mellom diagnosen og forslag til tiltak er ofte veldig svak, eller også fråverande, men her er store variasjonar.

Dei det gjeld mest, har den svakaste stemma.

LÆRARKOMPETANSEN:

– Over halvparten av spesialundervisninga blir gitt av lærarar utan spesialpedagogisk kompetanse. Det er kriminelt dårleg, sa Haug.

EKSKLUDERING:

– Mykje av spesialundervisninga blir gitt utanføre klassen (aktiv utskiljing). Men det som er ei større utfordring, er at elevane blir gradvis og passivt skilde ut, fordi dei ikkje greier fagleg å fylgja med. Dermed blir dei ikkje ein del av det faglege fellesskapet. Då blir det ganske vanskeleg å vera med i det sosiale også.

ENKELTVEDTAK OG OPPLEGG FOR ELEVEN:

– Når skulen gjer vedtak, skal det lagast ein IOP (individuell opplæringsplan). Desse har svært varierande kvalitet. Når enkeltvedtaket er uklart, blir ikkje IOP-en klarare.

Me finn ein god del lærarar som ikkje har lese IOP-en, både kontaktlærarar og til og med dei som har ansvar for spesialundervisninga. Me har til og med møtt elevar som har den same IOP-en i 7. klasse som i 1. klasse.

Då er me ute på det som har med rettstryggleik å gjera, og vel så det. Så her er mykje ugreitt.

KVEN SOM FÅR:

Flest gutar (67 prosent). Store kommunar gir meir enn små kommunar.

Haug meiner det er grunn til å spørja om det er det dei rette elevane som får. − Me har elevar som skårar svært høgt på kunnskapsprøvar, som får det, og me har elevar som skårar svært lågt, og som ikkje får det, sa han.

Nokre av desse opplever læringsmiljøet så negativt, at dersom eg hadde hatt det slik på min arbeidsplass, hadde den blitt stengt av arbeidstilsynet.

ELEVANE SI OPPLEVING:

– Elevar som får spesialundervisning, opplever meir isolasjon, dei trivst mindre, dei er meir engasjerte i læringshemmande aktivitetar, viser meir negativ åtferd og har dårlegare relasjonar til medelevar enn andre elevar. Dette er elevar som strevar med seg sjølv, læringa og omgivnadene.

– Nokre av desse opplever læringsmiljøet så negativt, at dersom eg hadde hatt det slik på min arbeidsplass, hadde den blitt stengt av arbeidstilsynet, sa Haug.

INNHALDET:

– Innhaldet i spesialundervisninga handlar mest om fag, mindre om åtferd. Men mange får spesialundervisning på grunn av åtferda. Og mange av dei er mellom dei høgtpresterande. Men det dei får, er spesialundervisning i fag, ikkje i åtferd.

FORVENTNINGAR:

– Læreforventningane til elevane er låge. Kontaktlærar sine karakteristikkar av elevane er særs negative. Og − det heng sikkert i hop med det − elevane sine ambisjonar er også låge.

ARBEIDSFORMENE OG UNDERVISNINGA

– Arbeidsformene utmerker seg svært positivt. Elevane er meir aktive med oppgåver i spesialundervisninga enn i ordinær opplæring. Dei kommuniserer meir med læraren på ein positiv måte, dei er mindre engasjerte i læringshemmande åtferd, dei arbeider med meir tilrettelagde oppgåver. Læringspotensialet er stort, men det blir ikkje utnytta. Læringstrykket er for lågt.

Ein god del av desse elevane får ei ordinær undervisning som ikkje fungerer for dei.

SAMANHENG:

– Samanheng mellom spesialundervisning og ordinær opplæring er for svak. Mangel på samanheng er det mest vanlege, sjøl om fins døme på tett samanheng.

Me har eksempel på at den som har ansvaret for ordinære opplæringa, ikkje veit noko om kva som føregår i spesialundervisninga og vice versa. Halvparten av kontaktlærarane seier at dei i liten eller ingen grad tar omsyn til elevane som får spesialundervisning, når dei planlegg den ordinære opplæringa.

Det tyder på at ein god del av desse elevane får ei ordinær undervisning som ikkje fungerer for dei.

75 prosent av elevane som har spesialundervisning, får det sju timar i veka. Det må vera klart at sju timar aldri kan kompensera for manglar i 23 timar ordinær opplæring.

RESULTATA:

– Det mest dominerande resultatet er at for mange elevar har spesialundervisninga ikkje noko å seia i det heile, eller den kan verka negativt.

Spesialundervisninga betrar ikkje elevane sin trivsel, reduserer ikkje sosial isolasjon eller utagerande sosial åtferd.

Omsynet til fellesskap, deltaking, medbestemming og utbyte er i varierande grad oppfylt. Konsekvens: Spesialundervisning kan fungera som marginalisering og utstøyting, meir enn eit tiltak for å ta vare på retten til opplæring og godt skulemiljø. I staden for at spesialundervisninga blir eit vern for elevar som strevar, kan det bli eit vern mot dei same elevane, eit vern for lærarane som ikkje får det til, sa Haug.

Publisert:

Les også

  1. UiS-professor: «For lite kunnskap om god spesialundervisning; – kva med ein innovasjonskultur for dei svakaste?»

  2. Utdanningsdirektøren slår alarm: For dårleg tilbod til elevar som treng ekstra hjelp

  3. Barneombudet forlanger bedre spesialundervisning

  4. Spesialundervisningsreform i vente: «Vi må ta radikale grep. Det nytter ikke å flikke».

  5. Alle klassar fekk to lærarar, det gjorde susen

  6. Ikke bli sint på de sinte barna, men snakk med oss!

  7. – Lærarane må læra meir om dei barna som har det verst

Mest lest akkurat nå

  1. Solberg varsler koronainnstramminger – men skjermer helsevesen, barn, unge og arbeidsplasser

  2. Var helt utslitt etter Lysebotn Opp: – Så brutalt som det ikke går an å forestille seg

  3. Viking har signert ny keeper

  4. Myndighetene kommer trolig med munnbind­anbefaling fredag

  5. Klassekamerater ruset seg til døde. Noen kjørte seg ihjel. For Tommy ble redningen fotball og et mislykket tyveriforsøk

  6. Tre personer fra Stavanger testet positivt for koronaviruset etter å ha reist med Color Line

  1. Skole
  2. Spesialpedagogikk
  3. Undervisning
  4. Stavanger