Nye hurtigbåtruter: – Kvifor er det me i Sauda som må li?

Sauda-ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) er kritisk til dei nye hurtigbåtrutene som Kolumbus har laga.

M/S Rygerfjord – skibåten fra Stavanger til Sauda, i vinterferien 2018.
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:

I valet mellom tre vonde peikar ordførar Asbjørn Birkeland på alternativ tre. Dette alternativet held oppe i stor grad rutene som i dag, sjølv om talet på båtar blir redusert frå seks til fire. Innsparinga for Rogaland fylkeskommune er 24 millionar kroner.

– Dette forslaget er «best» for Sauda, men det har store svakheiter. Talet på avreiser til og frå Sauda er vidareført som før, men me får dessverre auka reisetid til Stavanger. Dette vil gi oss eit mindre attraktivt tilbod, nok ein gong. Det er me som er inst i fjorden som gong på gong må lida når det er omleggingar av rutene, klagar Birkeland.

Han meiner at det positive med forslaget er at skuleelevar og arbeidsfolk framleis vil kunne pendla mellom Sauda og Sand, kommunesenteret i Suldal. Både med direktebåt som tar 25 minuttar, og med såkalla «ferjing» med båten Sand–Ropeid og buss Ropeid-Sauda.

Birkeland har og identifisert moglegheit for ein tur ekstra frå Stavanger til Sauda, om ein båtavgang blir flytta 10 minutt slik at to båtar korresponderer på Judaberg.

Sauda kommune kjem til å spela inn at det er fleire ting som må på plass for at opplegget skal fungera og vere attraktivt for dei reisande.

  • Bussar må korrespondera og gå direkte frå Ropeid og Hebnes på dei avgangane som ikkje går inn fjorden til Sauda.
  • Det blir for lang reisetid på strekninga Sauda – Stavanger. I dag tar båten rett over to timar, med nye ruter rundt 3 timar. For å få ned reisetida bør anløpstader lengre ut i Ryfylkebassenget kuttast, til dømes på stader der dei reisande kan ta ferje og bytte til båt.

– Kolumbus ikkje har vurdert Thormod Gilje sitt opplegg der ein deler Ryfylke i to, der ein båt handterer trafikk til og frå Indre Ryfylke. Detta vil Sauda spela inn, opplyser Asbjørn Birkeland.

Heller ikkje Hjelmeland er nøgde med ruteforslaga.

Leder av samferdselsutvalget i Rogaland, Alexander Rüger-Raustein (MDG) påpeikar at ingenting er avgjort. Han leier arbeidsgruppa som jobbar med ny rutestruktur.

– Dialogen om korleis me løyser dette best mogeleg eller med minst skade er fortsatt i gong. Det er difor arbeidsgruppa sender ut forslag til høyring igjen etter fleire samtalerunder med dei involverte, opplyser han.

MDG-politikaren er samd i at alternativ tre held oppe tilbodet vesentleg betre.

– Hjelmeland har bidre godt til dette forslaget via Ryfylkeaksjonen. Viss justeringer slår skeiv ut som Kolumbus har gjort for å få det det til å fungere, så ser eg fram til at ein brukar dei same kanaler og speler inn eit nytt justert forslag også denne gong. Det er difor me har dialogen, understrekar han.

Publisert:
  1. Sauda
  2. Kolumbus
  3. Ryfylke
  4. Båt
  5. Sauda kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  2. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  3. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  4. Europas største ugle stopper liten hytte på Jæren

  5. – Problem­stillingen med parkerings­plasser ved Nye SUS er alvorlig

  6. Da det var trøbbel med skoene i «Skal vi danse», visste hun at løsningen lå i Hillevåg