Politiske lakeiar i Gjesdal

Når representantane i kommunestyret i Gjesdal komande måndag tilset Knut Underbakke som ny rådmann og øvste administrative sjef, veit dei at dei ikkje har noko dei skal ha sagt.

Publisert: Publisert:

Høgres gruppeleiar i kommunestyret, Tor Eivind Moss, (t.h.) og Senterpartiets Torbjørn Fjermestad veit ikkje kven søkarane til rådmannsstillinga i Gjesdal er med unntak av Knut Underbakke. Alle andre kandidatar har KrFs ordførar, Olaug V. Bollestad, saman med to representantar sørgt for å få bort frå søkarlistene.

Denne artikkelen er over syv år gammel

Kommunestyrerepresentantane, valde av folket til det høgaste tillitsvervet ein person kan ha, vil sitja rundt den provisoriske hesteskoen i Veveriet vel vitande om at dei i realiteten er kastrerte lakeiar.

Ikkje ein flik veit dei fleste av dei 27 rundt hesteskoen om andre, moglege kandidatar enn Knut Underbakke, og like lite veit innbyggjarane i Gjesdal. Det måtte i tilfelle vera eit og anna upåliteleg frå ryktebørsen og spekulasjonsmarknaden på Stasjonen.

Kvifor er det slik?

Les også

Jussprofessor med krass kritikk av Gjesdal

Lukka prosess

Jau, fordi det øvste politiske leiinga med ordførar Olaug V. Bollestad, KrF, i spissen, etter alle solemerke godt støtta av personalavdelinga i kommunen og merkeleg nok dei tillitsvalde, har lukka prosessen etter beste evne.

Ikkje nok med det: Saman med firmaet Visindi har dei politiske leiarane sørgt for at alle kandidatane har vorte intervjua, utspurde og utsjalta etter kvart som dei melde seg, og av den grunn har dei trekt søknaden.

Det siste har eg ordførar Bollestad sitt eige ord på!

Då søknadsfristen gjekk ut sist fredag, vende me i Aftenbladet oss til kommunen med oppmoding om å få søkarlista. Me fekk nei, greitt nok, for etter Offentleglova skal kommunen ha rimeleg tid på seg.

Stoppa den første lista

Me slo oss til ro med svaret: "Måndag får de lista." OK, men Gjesdal hadde i første omgang sett ein tidlegare frist, for vel tre veker sidan, og dermed spurde me om å få ut den lista. Sivilombodsmannen har nemleg fastslege at også lista ved første utlysing skal vera offentleg.

Ordførar Bollestad ringde då opp og forklarte at det ikkje var kandidatar på den lista, at alle som opphavleg hadde meldt seg, hadde trekt seg då dei fekk forståing av at fristen ville verta forlenga.

Vel, eg synst det var underleg, men valde å venta til måndag. Då fekk me lista: Eit namn, ein søkar: Knut Underbakke – og han har allereie fått melding om at han får jobben.

Jau, det var fleire søkarar

Ordførar Olaug V. Bollestad tilstår at det var fleire søkarar, ho seier til og med at fleire vart intervjua og testa, men at dei valde å trekka seg då det vart klart at Underbakke vart innstilt på førsteplass.

«Andre søkere vil ikke legge hodet sitt på et offentlig fat hvis de vet at de ikke får jobben. Det er sånn det virker,» sa Vervik Bollestad til Aftenbladet.

Mykje tyder på at heile prosessen er ulovleg handsama. Professor Jan Fridthjof Bernt ved juridisk fakultet ved Universitet i Bergen seier det slik:'

Jusprofessor: Brudd på lova og uryddig sakshandsaming

"Dette må ses som et klart brudd ikke bare med Offentleglovas regel om innsyn i søkerliste, men også med alminnelige prinsipper for ryddig saksbehandling. Når Offentleglova krever at søkerliste skal settes opp snarest etter at søknadsfristen har gått ut, ligger det i dét en selvsagt forutsetning om at saksbehandlingen og vurderingen av søkerne ikke begynner før dette tidspunkt."

Det skadar kommunen sitt omdøme og er svært alvorleg når ein omgår Offentleglova. Hadde eg vore kommunestyrerepresentant i Gjesdal, er eg ikkje i tvil om at eg ville følt meg annanrangs, ein på B-laget.

Men me skal kanskje ikkje undrast over at det skjer slik nettopp i Gjesdal. Det er ikkje så lenge sidan ein stor aktør i kommunen fekk halda handa si over saksutgreiing og offentleggjering av papir.

Aksnes opna — spekulasjonane forsvann

Dette står i sterk kontrast til då tidlegare ordførar Karl Edvard Aksnes, KrF, opna opp og ga offentlegheita full innsikt i forretningsavtalar rundt Skurve. Eg er viss på at Aksnes ikkje angrar, det var ikkje noko å skjula, spekulasjonane forsvann.

Ein kan også undrast over kvifor Gjesdal er så redd for offentlegheita om ein samanliknar med nabo Sandnes. Då kommunen henta Bodil Sivertsen frå nettopp Gjesdal til rådmannsjobben i byen, stilte seks søkjarar på lista. Eg trur ikkje det har skada nokon at dei viste at dei ville konkurrera om ein attraktiv jobb, kanskje tvert om.

Er Underbakke verkeleg den rette for Gjesdal

I Sandnes fekk politikarane eit reelt val, dei vart ikkje sitjande som dei kinesiske keisarane sine velkjende evnukkar, for å seia det slik. Er det tak i gjesdalpolitikarane, krev dei ny utlysing, og Underbakke som sjølv ville trekt seg om han ikkje sto på topp, er han den modige toppsjefen som kommunen treng?

Følg på twitter.com/egilnerland

Publisert: